Demenskora skaut i vêret i heile landet – no manglar pengane

2 hours ago 1



– Vi går heim med godt humør og mange gode endorfin i kroppen. Det er kjekt å møte andre og synge ilag, fortel Grethe Øren.

I enden av ei stor kantine har nesten 20 personar samla seg i ein hestesko. Blant pensjonistane sit ungdommar og andre pårørande, som er med sine eldre på korøving.

– Det er så viktig å ha noko å sjå fram til. At vi ikkje blir sittande heime aleine i stova og sjå på Dagsrevyen, fortset Øren.

Nærbilete av Grethe Øren på korøving

Grethe Øren vil halde fram med korøvingane så lenge ho kan. I dag køyrer ho sjølv fram og tilbake til demenskoret.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

Ho har vore medlem av Sunnfjord demenskor sidan oppstarten i desember. I fjor fekk ho diagnosen demens på eit tidleg stadium og håpar å kunne fortsetje i koret så lenge ho kan.

Men slik er det ikkje alle plassar.

Høg topp og djup dal

Etter NRK-serien Demenskoret skylde ei demenskorbølgje over landet.

Minst 170 nye demenskor vart oppretta i kjølevatnet av serien, syner ei kartlegging gjort av Senter for forsking i musikk og helse på Musikkhøgskolen.

Sannsynlegvis er det mange fleire.

Sunnfjord demenskor på øving.

Sunnfjord demenskor har ingen planar om å gi seg. Her øver dei saman kvar onsdag med initiativtakar Inger Johanne Hjemsæther og deltakar Grethe Øren.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

Demensbølgja kjem til å auke i stor fart i åra som kjem. Hovudgrunnen til det er at befolkninga i landet stadig blir eldre.

Ifølgje Helsedirektoratet vil talet på personar med demens nesten doble seg mot 2050.

– Det er ein aktivitet som mange vil kunne ha mykje utbytte frå, både på helse, livskvalitet, fellesskap og det sosiale, seier forskar og leiar for senteret, Karette Stensæth.

Karette Stensæth er professor i musikkterapi og leder for Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH) ved Norges musikkhøgskole.

Karette Stensæth, forskar og leiar for Senter for forsking i musikk og helse på Musikkhøgskolen.

Foto: Charlotte Wiig / Noregs musikkhøgskole

Men den gleda kan vise seg å bli kortvarig for fleire demenskor.

Dette fordi mykje av midlane dei fekk etter dokumentarserien berre vart tildelt for ein kort periode.

– For personar med demens og deira familiar er det viktig med kontinuitet og nedlegging av kora er ikkje bra, fortset Stensæth.

Vil aktivere kommune og stat

Nesten halvparten av kommunane gjer kutt i kulturbudsjettet, syner ei undersøking frå Fagforbundet i sommar.

Blant anna i Enebakk, Stad, Porsgrunn og Vadsø har demenskora stått i fare for nedlegging.

Ei slik utvikling vil forskingsgruppa til Stensæth stoppe.

Eit demenskor sit på rekkje bortover med songheftene sine.

Sunnfjord demenskor i gang med øvingane etter sommarpausen. Like etter songane ventar litt kaffi og kaker.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

Forskarane håpar prosjektet «Oslo Demenskor» på sikt skal få demenskor inn i helsetenesta til kommunane.

Koristane i desse demenskora har også uttrykt bekymring for drifta vidare etter prosjektslutt i 2026.

– Det er først og fremst kommunane som må følge opp tiltaka. Og så jobbar vi politisk med å få dette i nasjonale retningslinjer. Det er mykje som må på plass for at demenskor skal bli berekraftige og gode tilbod.

Burde kommunane prioritere midlar til demenskor?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Kjem aldri til å gi seg

Sunnfjord demenskor har den siste tida fått fleire medlemmar. Fellesskapet mellom deltakarane, men også dei pårørande, har skapt eit sterkt band.

– Det er kjekt å sjå vennskapet som har oppstått mellom dei pårørande. Og eg ser meir og meir glede i auga på kormedlemmene våre.

Det fortel initiativtakar Inger Johanne Hjemsæther, som tek imot alle på kvar øving.

Inger Johanner Hjemsæther og Grethe Øren smiler inn i kamera.

Initiativtakar Inger Johanne Hjemsæther og deltakar Grethe Øren er samde om at demenskoret i kommunen har løfta kvardagen til alle involverte.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

Og dei har ingen planar om gi seg.

– Nei, då må dei jage meg! Her melder det seg frivillige for det går ord om at det er så kjekt å vere her. Vi som jobbar med det her har jo blitt venner for livet.

Publisert 18.09.2025, kl. 19.21

Read Entire Article