Deler ut millionar til norske kyrkjer: – Ei historisk satsing

1 month ago 16



– Dette er veldig gledeleg, og sårt tiltrengt, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Av i alt 103 søknader om tilskot, er det no klart at 44 kyrkjer får midlar frå det nyoppretta kyrkjebevaringsfondet.

Desse 44 kyrkjene deler eit samla beløp på 94 millionar kroner.

Pengane skal mellom anna gå til vedlikehald og reparasjon på sjølve kyrkjebygga, men også interiøret i kyrkja eller andre tiltak som klimasikring og utbetring av elektrisk anlegg.

– Dette er ei historisk satsing på kyrkjebygg i Noreg, meiner Toppe.

Kjersti Toppe og Mette Svanes

Barne- og familieminister Kjersti Toppe saman med kyrkjeverje i Bergen kommune Mette Svanes.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Mest i vest

Det er fylka Vestland og Rogaland som får mest frå potten.

Vestland får 29 millionar kroner fordelt på fire kyrkjer, medan Rogaland får 25 millionar kroner på fem søknader.

Kyrkjeverje i Bergen kommune, Mette Svanes, jublar då ho får beskjed om midlane dei får.

– Eg har sjekka e-posten kanskje 20 gonger i dag tidleg, så vi har venta i spenning på dette, seier ho.

I Bergen skal midlane mellom ana gå til å ferdigstille restaureringa av Korskirken og starte vedlikehaldsarbeidet på Johanneskirken.

Johanneskirken i Bergen

– Johanneskirken er eit symbolbygg i Bergen, meiner Svanes.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Det er eit såkalla gryteklart prosjekt. Johanneskirken er eit så stort prosjekt, at vi var nøydde til å få statlege løyvingar. At det kjem no, det er veldig bra, seier Svanes.

Den kyrkja i landet som får aller mest midlar er Stavanger domkyrkje med 19,2 millionar kroner.

Stort etterslep

Millionane som kyrkjene no får, er sårt tiltrengt, meiner Ingeborg Magerøy, seksjonssjef på kyrkjeseksjonen ved Riksantikvaren.

– Etter mange år med vedlikehaldsetterslep på kyrkjene, har vi store kulturminneverdiar som er i fare for å gå tapt om ein ikkje tar tak i det, seier ho.

Ingeborg Magerøy

Ingeborg Magerøy er seksjonssjef på kyrkjeseksjonen ved Riksantikvaren.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Nokre stader er etterslepet så stort at kyrkjer har måtte stenge medan ein ventar på reparasjonar, fortel ho.

Med kyrkjebevaringsfondet håpar ho at ein no kan få styrka kyrkjene.

– Det er så viktig å få kyrkjene opp på ordinært vedlikehaldsnivå, og halde dei der, seier Magerøy.

Melhus kirke

Murpuss drys ned får veggane i Melhus kyrkje, som også blir kalla Gauldalskatedralen. Denne kyrkja får 150 000 kroner frå fondet i år.

Foto: Morten Andersen / NRK

Sett av 10 milliardar

Det er kommunen som har ansvar for vedlikehaldet av kyrkjene, men mange stader strekk ikkje budsjettet til.

– Mange kommunar har gjort ein veldig stor innsats, men for nokre kyrkjer kjem kanskje pengane seint, men det er ingenting som er for seint, seier Toppe.

Ho meiner dei har prioritert dei kyrkjene som har størst behov.

 Cornelius Poppe / NTB

Stange kyrkje i Innlandet får ein halv million kroner frå fondet. Det er ei av fire kyrkjer i Innlandet som får midlar.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Men det er i underkant av halvparten av kyrkjene som søkte om tilskot, som no får det.

Det kom inn totalt 103 søknader med ein total søkesum på 566 millionar kroner.

Regjeringa har sett av 10 milliardar kroner til fondet. Tanken er at det skal vere ei årleg løyving som held fram dei neste tiåra.

I år vart det altså delt ut nærare 100 millionar kroner.

Regjeringa har tidlegare varsla ei gradvis opptrapping opp mot 500 millionar i året.

Pengane kjem som utbytte frå Opplysningsvesenets fond og tilleggsløyvingar over Statsbudsjettet.

Opnar snart for nye søknader

Pengane skal kome så raskt som mogleg, lovar Preses i den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

– Vi må få pengane raskt i arbeid, og utbetaling til dei første prosjekta skjer så snart som mogleg, seier Fykse Tveit.

Trefoldighetskirken i Arendal

Trefoldighetskirken i Arendal søkte om midlar, men fekk ikkje noko frå Kyrkjebevaringsfondet i denne omgang. Snart opnar ei ny søknadsrunde opp.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Allereie seinare i haust kjem neste søknadsrunde.

– Det er eit stort behov for å sette kyrkjene i stand, og eg håpar på mange søknader i neste runde, seier han.

Publisert 05.09.2024, kl. 06.58

Read Entire Article