Noreg fell to plassar på Den europeiske innovasjonsrankingen, ein rapport som måler kor flinke landa i Europa er på innovasjon.
– Eit delmål bør vere å bli topp tre i Europa. Men vi bør tenke langt forbi det. Det er ikkje godt nok å vere best i Europa lenger, seier John Markus Lervik.
Han har starta fleire IT-bedrifter og sit no i leiinga i Aker sitt teknologiselskap Cognite.
I år enda Noreg på 9. plass, ned to plassar frå i fjor.
Sveits toppar lista framfor Sverige og Danmark. Dei seks øvste landa er i gruppa «Innovasjonsleiarar».
– Eg fryktar, på vegner av Europa, og spesielt oss her i Noreg, at vi trur vi er flinkare enn vi eigentleg eg. Vi har det bra no, men så om nokre år risikerer vi å få ein skikkelig baksmell, seier Lervik.
Det kan skje fordi resten av verda går utruleg mykje fortare framover, trur han.
– Dei digitaliserer og automatiserer og blir fort mykje meir konkurransedyktige, seier Lervik.
Han meiner det er tre viktige ting som hindrar nyskaping i Noreg.
– Det fyrste er at vi har det litt for godt. Då har vi ikkje insentiv til å stå på og faktisk drive innovasjon. Det andre er at vi dessverre manglar kompetanse på kommersialisering av innovasjonen. Det tredje er at vi manglar pengar. Ikkje så mykje kronene i seg sjølv, men smarte pengar. Altså investorar som bidreg for å drive fram innovasjon.
Viktig målestokk
Innovasjon Noreg meiner EU-rapporten er viktig for å kunne måle oss mot andre land.
– Vi tar undersøkinga på stort alvor og gjer alt vi kan. Vi må bygge vidare på det som fungerer bra og adressere det som fungerer mindre bra, seier Håkon Haugli, dagleg leiar i Innovasjon Noreg.
Han er opptatt av å ikkje svartmale situasjonen og peikar på at Noreg har klatra på lista fleire år på rad, før vi no fell to plassar.
Håkon Haugli er direktør i Innovasjon Noreg. Dei jobbar for å hjelpe norske bedrifter på vegner av staten.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKNoreg scorar heilt i toppen av Europa på fleire punkt:
- Effektive arbeidarar
- Tilgang på folk med gode digitale ferdigheiter
- Samarbeid mellom små og mellomstore bedrifter
- Bruk av skylagring
På andre delar av undersøkinga er vi på botnen:
- Eksport av teknologiprodukt
- Søknader om å registrere nye varemerke og design
I tillegg har tilgangen på risikokapital, altså investorar som tør å satse, minka mykje det siste året.
– Det er den mest utfordrande faktoren slik eg ser det. Lykkast ikkje Noreg med å få risikokapital til oppstartsverksemder, så vil ikkje dei vekse, seier Innovasjon Noreg-sjefen.
Lervik meiner det burde vore betre moglegheit for å få frådrag, eller andre skattegoder dersom bedrifter brukar pengar på innovasjon som forsking og utvikling.
Milliardsatsinga Cognite held til på toppen av Aker Tech House på Fornebu.
– Eg har aldri tatt heisa i dette bygget før skjønar du, seier IT-gründeren på veg opp den gullfarga sprialtrappa.
I dag har staten ordninga Skattefunn, men tildelingane der har gått ned dei siste åra. Og han meiner dei er alt for små til at dei kan løfte fram norske selskap mot å bli globale vinnarar.
– Vi kan ikkje plukke vinnarbedrifter. Staten må legge til rette for investeringar i ny norsk innovasjon. Då vil vinnarane kome opp, meiner Lervik.
Vil ha skattekutt
– Det er urovekkande at vi sakkar akterut, seier Anniken Hauglie.
Ho er viseadministrerande direktør i NHO. Haugli meiner Noreg må omstille seg mykje raskare enn i dag, særleg fordi oljenæringa kjem til å bli mindre framover.
Anniken Hauglie er viseadministrerande direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon, den største organisasjonen for bedrifter her i landet.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBNHO meiner skattekutt for bedriftseigarar er det viktigaste grepet for å sikre meir innovasjon.
– For nye bedrifter er det kritisk å få tilgang på kapital i vekstfasen. Det må i hovudsak kome frå norske eigarar. Vi ynskjer at skatten på arbeidande kapital skal bort. På sikt vil vi ha fjerna heile formuesskatten, seier Haugli.
– Marinade av olje, fisk, gass og straum
Tor Wallin Andreassen har i ei årrekke stått bak Norsk Innovasjonsindeks frå NHH.
Også han trekker fram at samanlikna med andre land, har nordmenn det godt. Enkelte store næringar skaper og trekker til seg mykje ressursar og då blir det lite innovasjon andre plassar, meiner Andreassen.
– Det blir få nye idear. Vi har sausa oss inn i ein marinade av olje, fisk, gass og straum, seier han.
Tor Wallin Andreassen er professor emeritus ved Noregs handelshøgskole. No er han fagleg leiar i det private initiativet Innovation Hub.
Foto: NRKPå kort sikt meiner akademikaren at Noreg skulle brukt mykje meir pengar på å lokke til seg forskarar som no er under press frå Trump i USA.
I tillegg meiner han at, i mangel på investorar, har mange gründerar gjort seg avhengige av Innovasjon Noreg.
– I USA møter gründerar proffe investorar som veit kva dei ser etter. Då må du ha businessplanen i orden. Her i landet er det slik at det fyrste du må lære deg er å skrive søknader til Innovasjon Noreg. Dei beste søknadsskrivarane når fram. Det er for mange dårlege idear som får støtte av staten, meiner Andreassen.
«Aker-Rex» til skrekk og åtvaring for dei tilsette.
– Ikkje bli ein dinosaur, skriv Aker-leiinga.
Publisert 31.07.2025, kl. 06.56