Damene frå Fjærland: Viser naturen slik den er

2 hours ago 2



  • I 2026 skal kvinner i Fjærland lage nakenkalendar etter suksessen med mannekalendaren.
  • Harry Berge (48) har fått merksemd etter mannekalendaren og er klar for nye oppdrag.
  • Tidligere varaordførar Laura Kvamme (64) skal også delta i kvinnekalendaren.
  • Inntektene fra kalendaren går til Brystkreftforeningen.

Under dei høge fjella i Sogn, der elvane fossar og breane krympar, er det ikkje berre naturen som viser seg frå si nakne side.

For andre året på rad er «halve bygda» i ferd med å lage nakenkalendar.

Kvar einaste månad i år har velvaksne menn i alle aldrar pryda kalendaren på kjøleskåp, kjøken og soverom. Denne månaden er det anleggsarbeidar og maskinkøyrar Harry Berge (48) som er septemberkaren.

 Iselin Knobel LiseterHARRY FEKK FISK: Anleggsarbeidar og fembarnsfar Harry Berge (48) er septemberguten i 2025-kalendaren til Fjærland ungdomslag. Foto: Iselin Knobel Liseter

No kan VG avsløre at Harry og dei andre mannemodellane som kledde av seg i fjor får avløysing.

For i 2026 er det damene sin tur til å kaste kleda - og syne fram sognenatur året rundt.

Fotografane sa det allereie i fjor: Dei ville ha med lokale kvinner også.

– Ja, det er målet. Men med nakne damekroppar så er det litt meir krevande å skjule ting på ein naturleg måte, åtvara Iselin Knobel Liseter (33) og Gøril Resaland Skeide (27) i VG i fjor haust.

Korleis så gå fram for å utforske kva som er mogeleg?

Jau, fotografane stilte sjølv som modellar. Heilt utan klede. Resultatet vart no ikkje so verst, meiner dei sjølv.

 Bøyabreen.MYKJE SPRINGING: Skal du vere både nakenmodell og fotograf - blir det ein del springing fram og attende mellom kamera og motiv, ifølgje Gøril Resaland (til høgre). I døropninga: Iselin Knobel Liseter. I bakgrunnen: Bøyabreen.

– Var det meir utfordrande å fotografere damer?

– Ja, me var redde for det, men det har ikkje vore noko problem. Dei har kasta av seg kleda og stilt seg opp. Det har vore kjempefint, svarar Resaland Skeide.

Ho har saman med Iselin Knobel Lister verkeleg brukt ein del fritid på å komponere bilete til kalendarane. No altså også som modellar sjølv.

Den største skilnaden på dame- og mannemodellane - utanom det reint kroppslege - er nok at damene gjerne ville sjekke korleis dei tok seg ut på bileta.

– Mannfolka ga stort sett blaffen i det, og ville vente til kalendaren kom ut, samanliknar Gøril.

Harry fekk dame-merksemd

Harry Berge legg ikkje skjul på at det hadde ein positiv verknad at han stilte seg opp naken i båten i fjor haust.

 PrivatSEPTEMBERGUTEN: Harry Berge (48) stiller gjerne opp som fotomodell att dersom nokon spør. Foto: Privat

– Det har no vorte nokre tilbod då, flirer Harry som er singel og køyrer gravemaskin på kraftanlegg i Fardal i Sogndal.

– Ja, vel?

– Det var nok nokre damer som var litt interesserte. Det vart litt dating. Dei hadde sett biletet av meg i VG.

– Dei likte det dei såg?

– Dei gjorde so. Men det har no ikkje vorte noko seriøst ut av det, svarar Berge og humrar.

– So du er klar for nye modelloppdrag?

– Ja, ja, ja. Eg er klar for ein ny mannekalendar i 2027, avsluttar Berge.

– Ikkje uvillege

– Det vil vere ei overdriving å skrive at damene i Fjærland har stått i kø for å bli med. Men dei har ikkje vore uvillege, fortel primus motor og ein av idéskaparane, Knut P. Bøyum (56).

Han er ingen ungsau lenger, til og med bestefar. Likevel leiar han ungdomslaget, som eigentleg står bak kalendarprosjektet. I år til inntekt for Brystkreftforeningen.

Bilde av Knut P. BøyumKnut P. Bøyum

Leiar i ungdomslaget og primus motor for kalendarprosjektet i Fjærland

– I sosiale medier vart det etterlyst eit slikt piknikteppe som skulle brukast til fotografering. Så kom det ei lokal dame med eit slikt teppe etter kort tid. Ho leverte det attmed kyrkjegarden som avtala. Og trur du ikkje at ho også ville bidra som modell i kalendaren! fortel Bøyum med stor entusiasme.

 Gøril ResalandILLUSJON: Dei har også «leika seg» med litt digital redigeringsteknikk modellane og fotografane Iselin Knobel Lister (nærmast) og Gøril Resaland. Foto: Gøril Resaland

Han prøver, men klarar ikkje halde kjeft om kven dama med pleddet var.

Det var nemleg den lokale Sp-politikaren, eks.varaordføraren og mangeårige leiaren i Bokbyen, Laura Kvamme (64).

Fotograferte seg sjølv

Dei kreative fotografane, Iselin og Gøril, møtte ein av mange utfordringar då dei skulle fange seg sjølv kliss nakne på kamera.

– Me hadde kamerastativ og sjølvutløysar. Og så sprang me veldig mykje fram og attende. Slik dreiv vi på til me fann slik om lag ut korleis me ville ha det, skildrar Gøril Resaland Skeide.

 PrivatFOTOGRAFANE: Gøril Resaland (til høgre) og Iselin Knobel Lister. Foto: Privat

Då dei skulle fotografere to av dei yngste modellane, Gunn Margit Rauboti (23) og Kari Sunniva Waatevik (25) i bekken Lambadrepa, tok det nok nokre minuttar før dei var nøgde med resulatet.

Rauboti hugsar poseringa ute i maks 15 graders brevatn som eit adrenalinrush.

Ein bil køyrde forbi, men dei merka det knapt.

– Nokon gong drøymt om at du skulle stille opp som nakenmodell, Gunn Margit?

– Haha. Eg tenkte jo litt på det etter at mannekalendaren kom ut i fjor. Hadde litt lyst. So vart eg spurd på ein lokal pubkveld. Då vart det jo enno enklare å svare ja.

 PrivatFoto: Privat

Rauboti, som er lektorstudent, seier det var ein føresetnad at fotografia ikkje var seksualiserte. Ho stola hundre prosent på fotografane.

– Dessutan går det til ei god sak. Det er helserelatert - og overskotet endar opp hjå Brystkreftforeningen.

Kunne du ha kledd av deg og vore fotomodell for ei god sak i ein kalendar?aNei, det hadde skremt vekk potensielle kjøparar.bJa, det hadde eg stilt opp på. Må ikkje ta seg sjølv så høgtideleg.

– Målet var å selge 200 mannekalendarar i fjor, resultatet vart 663. Det skal vel damene slå?

– Ja, eg kan ta meg av Sørlandet, seier Gunn Margit som kjem frå Fjærland og studerar i Kristiansand.

Kalendaren med nakne menn skal forresten ha blitt distribuert til fleire statar i USA, mellom anna på Hawaii.

 PrivatSETT I USA: Døme på eit kjøleskåp i Minnesota, USA med nakenkalendaren frå Fjærland og januarguten Knut P. Bøyum som blikkfang i september. Foto: Privat

Den er også å finne i Canada, Danmark og mange andre stader der det finst fjærlendingar og etterkomarar etter desse.

Kalendaren skal som i fjor vere klar til den årvisse smalahovefesten i Fjærland i slutten av oktober.

Read Entire Article