Då Kristiansand hadde fire aviser

4 hours ago 4



Det er som regel vinnarane som skriv historia - også avishistoria. Når Fædrelandsvenennen i desse dagar feriar sine velfortente 150 år er neppe tidlege tiders konkurrentar langt framme i pannebrask og bram.

Bildet er av Fedrelandslaget i Kristiansand, tatt av Thorstein Knutson Samland som var fotograflærling i Kristiansand. På første rekke til høyre sitter Anders Lange. Han var sekretær i Fedrelandslaget i Kristiansand 1929-1935. Foto: Thorstein Knutson Samland/Universitetsbiblioteket i Bergen

Men eit jubileum er også eit høve til å sjå tilbake, og gjerne utvide perspektivet også til dei andre avisene i byen. Tidleg på 1930-talet hadde byen fire aviser - og fire avisredaktørar som vart rekna blant dei skarpaste i landet. Ja ein av dei utfordra sjølvaste Stalin og vart kritisert frå Kreml.

Dette var dei fire dagsavisene i Kristiansand i mellomkrigstida:

  • Fædrelandsvenennen (1875) - venstreavis. Redaktør: Anton Beinset.

  • Christianssands Tidende (1883-1975) - høgreavis. Redaktør: Chr. Rieber-Mohn.

  • Sørlandet (1906-1990) - arbeidaravis. Redaktør: Olav Scheflo

  • Agder Tidend (1919-1985) - avisa for bønder og fiskarar på bygdene i Agder. Redaktør: Hans Aarnes.

I Kristiandsands presselag var det 13 medlemmer på denne tida, så pressemiljøet i Kristiansand var ikkje stort. Men dei gav ut avis 6 dagar i veka - sjølv om redaksjonen talde berre redaktøren og ein journalist eller to. Mykje av innhaldet vart dermed klipt frå andre aviser eller det kom frå pressekontor. Men som regel hadde avisene ei meining - og ofte om kvarandre som både politiske og forretningsmessige konkurrentar.

Korleis kunne byen og fylket brødfø fire aviser? I mellomkrigstida hadde alle dei fire avisene betydeleg «stemmestøtte». Å abonnere på ei avis var ei politisk handling, og dei fire avisene appellerte til politiske grupper som alle hadde ei viss oppslutning. Dei hadde også sine politiske organisasjonar i ryggen, noko som truleg var heilt nødvendig for å overleve for dei tre konkurrentane til Fædrelandsvennen.

Skipsreiarane og næringslivet støtta si høgreavis med ein solid konservativ bergensar som redaktør i Chr. Rieber-Mohn.

Bondeorganisasjonane på Agder etablerte Agder Tidend - og avisa prøvde å vere ei rein nynorskavis dei første tiåra. Sunnmøringen Hans Aarnes vart tilsett som redaktør. Han var ein av dei aller fremste nynorskjournalistane i landet og som også hadde etablert landets første journalistutdanning: Bladmannaskulen.

Avisa Sørlandet var resultat av mange forsøk på å etablere ei arbeidaravis med fagforeningane som sentrale aktørar. Den tidlegare topp-politikaren Olav Scheflo frå Trøndelag regjerte som redaktør i Sørlandet. Scheflo og Sørlandet vart kritisert av Moskva for sitt vennskap med Trotskij under den fallerte revolusjonæres opphald her.

Og i Fædrelandsvennen var Anton Beinset redaktør. Han var ein romsdaling som hadde nynorskbakgrunn, men som stort sett skreiv bokmål i Fædrelandsvennen.

Mitt eige bidrag til ein liten bit av Kristiansands avishistorie er ein episode knytta til Anders Lange.  Anders Lange grunnla seinare FrP, men i sin ungdom var han ein svært synleg aktivist i Kristiansand og på Sørlandet for det høgreradikale «Fædrelandslaget».

Anders Lange og avisa Agder Tidend i Kristiansand var dei første som blei felt av Pressens faglege utval. Det skjedde i 1932 og har ikkje tidlegare vore omtala i lokalhistoriske eller mediehistoriske verk. No er dette dokumentert i ein artikkel eg har skrive i Mediehistorisk tidsskrift.

Dei tre andre avisene i Kristiansand boikotta i praksis Anders Lange og Fædrelandslaget fordi dei oppfatta det slik at Fædrelandslaget hadde oppfordra næringslivet til å støtte Agder Tidend. Avisa Agder Tidend vart i ein periode Langes einaste plattform. I Agder Tidend serverte så Lange kritikk av redaktørane i Crhistianssands Tidende (Chr. Rieber-Mohn) og Sørlandet (Olav Scheflo).

Redaktør Anton Beinset i Fædrelandsvennen kuppa Kristianssands presselag og sende ein klage på det han kalla sjikane av avisredaktørar, og resultatet av klagebehandlinga vart at Agder Tidend ved redaktør Hans Aarnes vart «felt» av Norsk Presseforbund etter ein prosess som knappast held mål etter vår tids habilitetsreglar.

Men kanskje kunne Anders Lange likevel le sist? For kort etter slutta redaktørane som boikotta Fædrelandslaget, og deretter fekk Lange mykje meir spalteplass til sine synspunkt. To av dei «nye» avisredaktørane var eller vart medlemmer av Nasjonal Samling og fekk sine oppgjer etter krigen.

Lokalhistorikar Roger Tronstad har i fleire arbeid omtala Langes sympati for fascisme og kanskje også antisemittiske haldningar. Og det i ein landsdel der det nesten ikkje fanst jødar.

I ettertida kan ein spørje om det var så opplagt at Fædrelandsvennen skulle vinne byen? Etter dei lange linjer og avishistoriske erfaringar så «måtte» det bli slik - så lenge avisa klarte å unngå grove strategiske feil.

Fædrelandsvennen vart etablert i 1875 og var godt etablert i marknaden. Spesielt var det viktig at avisa var størst i sjølve Kristiansand. Fædrelandsvenen var venstreavis det meste av sitt lange liv - og Kristiansand var ein solid venstreby. Gamle venstreaviser skulle då også vinne marknaden langs heile kyststripa: Kristiansand, Stavanger, Haugesund, Ålesund og Molde.

Alt rundt 1930 såg vi teikn til at Fædrelandsvennen stod sterkst i aviskonkurransen. Avisa var tjukkare og hadde fleire journalistar enn konkurrentane. Begge deler er tydelege teikn på at avisa hadde bedre råd enn konkurrentane.

Avisa hadde nok også frå sin sentrumsposisjon breiare appell enn dei meir politisk profilerte konkurrentane på fløyane. Og i etterkrigstida vart det mindre og mindre viktig med politisk profil og viktigare å ha ei interessant og innhaldsrik avis.

Ved eit jubileum kan det vere verd å minne om at det ikkje finst avishistorier for dei «døde» avisene i Kristiansand - og det er også ein mangel når ein i dag gjerne diskuterer aviskonkurranse - eller mangel på konkurranse.

Les mer om Fædrelandsvennens historie her:

Høyde­punk­tene fra Fædre­lands­vennens historie

Bestefaren var nazist - faren ble helt

Read Entire Article