Bygger sykkelveg til 142 millionar. Den må kanskje gravast opp igjen

1 month ago 19



Nok ein gong kan ein ny sykkelveg få eit kort liv i Bergen.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
GRAVEARBEID: Arbeidet med ein etterlengta sykkelveg i Bergen er godt i gang. Men den kan fort bli gravd opp igjen. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Publisert 24.08.2024 15:26

Og det er Bybanen som er «syndaren».

I det nye tunnelforslaget, som byrådet i Bergen håpar skal frelse alle frå den evinnelege Bryggen-debatten, går Bybanen i dag gjennom Sandviken i Bergen.

Men der er Statens vegvesen i full gang med å bygge ny sykkelveg

Til 142 millionar kroner.

Det er i alle fall prislappen på traseen som blir bygd frå Bradbenken på Bryggen og fram til Glas Knag-bygget i Sandviken.

Det er rett nok berre den nordlegaste kilometeren som kan bli råka av Bybanen. 

Og difor står i fare for å bli graven opp igjen, for å så bli lagt på nytt.

– For vår del er det for tidleg å kommentere dette, all den tid forslaget vil krevje ny reguleringsplan for alternativet med tunnel, seier prosjektleiar Beate Eide Riisnæs i Statens vegvesen.

Uvisst kor mykje som må gravast opp

Den aktuelle delen av sykkelvegen er venta ferdig sommaren 2026.

Samstundes trur primus motor for bybaneomkamp i Bergen, Trond Tystad (Bergenslisten), på byggestart for den nye bybaneløysinga om «to-tre år».

Det er likevel for tidleg å seie kor mykje som eventuelt må gravast opp og gjerast på nytt.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
I GANG: I første omgang er vegvesenet i gang med omlegging av røyr i bakken under vegen i Sandviken. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Byutviklingsbyråd Christine Kahrs (Høgre) omtalar den nye sykkelvegen for eit «naudsynt strakstiltak». I krysset ved Gjensidige-gården i Sandviken har det vore fleire stygge ulukker mellom bilistar og syklistar.

– Sykkelstamvegen løyser den uoversiktlege trafikale situasjonen syklistar opplever dagleg, skriv Kahrs i ein e-post til TV 2.

Slik ble det historisk enighet i Bergen

Ikkje første gang

Utbygginga av sykkelstamvegen blir finansiert gjennom Miljøløftet. 

Då pengane til dette var på plass, var det allereie kjent at deler av sykkelvegen måtte endrast i forhold til bybanetraseen over Bryggen, seier Høgre-byråden.

– Når det no blir føreslege å legge bybanen i Sjøgaten, vil dette sjølvsagt kunne påverka regulert løysing i større grad, vedgår Kahrs.

Det er i så fall ikkje første gong det er suboptimalt samarbeid mellom vegvesenet og Bergen kommune. 

I 2011 måtte delar av ein heilt ny sykkelveg til 46 millionar kroner leggast på nytt for å lage plass til togskinner ut til Flesland.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
VRIENT: Korleis bybanen skal gå til Åsane har vore den desidert største politiske krangelen i Bergen dei siste 10-15 åra. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Stoppar ikkje bygginga

Byråden lovar å snakke med Statens vegvesen når eit endeleg vedtak på ny bybanetrasé er gjort. 

– For å identifisere eventuelle justeringar på sykkelstamvegen. Målet blir sjølvsagt å redusere andelen av strekninga som må etablerast på nytt, svarar Kahrs.

Førebels har vegvesenet ingen planar om å stoppe arbeidet til 142 millionar kroner.

– Gjensidigekrysset er eit ulukkesbelasta kryss kor det er viktig å utføre tiltak for å betre forholda for syklistar. Saman med at vi ikkje har kjennskap til detaljane i den nye løysinga for Bybanen, gjer dette at me vel å halde fram med arbeidet, svarar Riisnæs.

 Statens vegvesen.
SLIK BLIR DET: Den nye sykkelvegen kjem på andre sida av vegen her. Men mykje av dette må altså truleg gravast opp igjen når bybaneskinner blir lagde. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Kvifor må dei grave på nytt?

Det er altså usikkert kor mykje som faktisk må gjerast på nytt om politikarane endeleg vedtar at Bybanen skal gå i tunnel bak Bryggen og i dagen gjennom Sandviken.

Riisnæs i vegvesenet presiserer at dei er tidleg i arbeidet i den nordlege delen av sykkelvegen, og at dei så langt har jobba med omlegging av trafikk og infrastruktur.

Sistnemnde handlar om korleis ein legg mellom anna nye vatn- og avløpsrøyr i bakken.

Men skjer det i forbindelse med bybanebygging, blir desse røyra lagt slik at dei ikkje hamnar under, eller kryssar, bybaneskjenene.

Det er også eit ope spørsmål kor mykje av sykkelvegen som eventuelt må leggast på nytt etter at Bybanen er på plass.

– Når Bergen kommune startar opp nytt planarbeid, vil det vera naturleg å gå i dialog med dei og vurdere korleis dette påverkar pågåande bygging, seier prosjektleiaren i vegvesenet.

Read Entire Article