Buketten uteblir for dei med psykisk sjukdom

3 hours ago 3



Arbeidsplassen min sender ut blomar og morgonleveringar på refleks til tilsette som er ute i sjukmelding. Det er berre eitt krav som stillast: Det må vere fysisk sjukdom. Helst fysiske inngrep i kroppen.

Eg har vore ute med sjukmelding både éin og to gongar, og gått gjennom tunge behandlingar – så kvifor har eg aldri fått blomar, skriv Silje Bakke Jordbrudal. Foto: Privat

«Tusen takk for nydelege blomar på døra!» skriv min fine kollega i takksemd, etter ein vellukka offentleg finansiert operasjon. I messenger-chatten til arbeidsplassen poppar det atter opp bilete av ein fargerik bukett, som leiargruppa på jobb har påspandert. Kjempehyggeleg! Verkeleg! Det er denne typen omtanke ein ynskjer at arbeidsgjevarar skal gje ein tilsett som har støytt på sjukdom eller skade. Likevel kjenner eg ein vaksande bitterheit inni meg, som eg no er på veg til å spy ut i offentlegheita – med von om å vekke ettertanke. For eg har vore ute med sjukmelding både éin og to gongar, og gått gjennom tunge behandlingar – så kvifor har eg aldri fått blomar?

Ein lang og tung kamp

Det er ein kamp å gå til legen for fyrste gong og fortelle om symptom på psykisk uhelse. Det er også ein kamp eller eit nålauge å få behandlingsplass hjå den offentlege spesialisthelsetenesta innanfor psykiatri. Det gjer at mange vert tvinga til å skaffe seg hjelp i det private, noko som er eit privilegium å ha økonomi til. Deretter ventar den tyngste og lengste kampen: Sjølve behandlinga. Eg har fått inntrykk av at det berre er menneske som har stått i alvorleg psykisk sjukdom sjølv eller som har vore pårørande, som faktisk skjønar kor stor påkjenning og kor smertefull behandling for psykisk sjukdom kan vere – og som skjønar kor stor bragd det er å i det heile tatt kome seg på jobb eit par dagar i veka. Likevel uteblir blomane frå arbeidsplassen. Sjølv fekk eg for så vidt ei «heier på deg»-melding den dagen eg skulle starte behandling, men når sjukdomen ikkje gjekk over på fem minutt, blei tonen ein annan. I medan er eg vitne til at kollega på kollega mottek blomar for deira heltemodige innsats i narkose, og for smertene dei må halde ut i etterkant. Dette er forskjellsbehandling som ingen legg merke til. Eit privilegium som fysisk sjuke ikkje eingong veit at dei har. Diskriminering på grunnlag av type sjukdom. Ja, buketten uteblir for dei med psykisk sjukdom. Det vert ingen blomar på dei før dei får krans.

Ja, buketten uteblir for dei med psykisk sjukdom. Det vert ingen blomar på dei før dei får krans.

Manglande likestilling

Kvifor skjer dette? Er det her grensa til bedriftsbudsjettet måtte gå? Nei, det ville vore rart. Eg har også vanskeleg for å tru at denne selektive ressursbruken er med vond vilje. Mi hypotese er at dei rett og slett ikkje tenker lenger, eventuelt ikkje tenker riktig. At førre århundre sitt tankesett om at psykisk sjukdom ikkje er anerkjent som det det er, nemlig sjukdom, sit fastgrodd i underbevisstheten hjå enkelte. Altså at psykisk sjukdom ikkje er likestilt med fysisk sjukdom i tankane til folk – og derfor lyser ikkje «varsellampa for blomehelsing» når ein tilsett går gjennom behandling for psykisk sjukdom versus fysisk sjukdom. Er det dette som er tilfellet? Det er i så fall veldig trist, men det kjem dessverre ikkje som noko sjokk eller overrasking for meg. Ein skulle tru at i 2024 var samfunnet meir opplyst, men her er det eit stort kunnskapshol og store misforståingar. Men kanskje med litt tøy og bøy så kan tanken strekke seg lenger etter kvart?

Meir enn blomar

Er dette sutrande i-landsproblematikk? Ja, kanskje. Men det er verdsdagen for psykisk helse: Ein dag laga for å rette merksemd mot eit tema som angår oss alle – for vi har alle ei psykisk helse. Og dei smartingar som ser eit større bilete, skjønar at dette handlar om mykje meir enn blomar. Det er berre eit veldig representativt døme frå fleirfaldige opplevingar og erfaringar. Det handlar om at det endå er ein lang veg før psykisk sjukdom vert likestilt med fysisk sjukdom i samfunnet vårt. For dersom dette berre handla om blomar, så kan eg vel gjere som Miley Cyrus? I can buy myself flowers! Dersom eg har råd etter å ha sett av dei vekentlege 1200 kr til behandling då, sjølvsagt.

Read Entire Article