Brannbølge i Trondheim: – Eg blir ordentleg opprørt

2 hours ago 1



– Eg blir ordentleg opprørt. Eg blei skikkeleg lei meg da eg såg det, seier Adrian Opheim.

Seint onsdag kveld brann det i Kyvatnet naturbarnehage.

Det er tiande brann på Byåsen i Trondheim på sidan juli. Dei fleste av brannane fann stad på skular og barnehagar.

– Eg har ein liten ein som skal starte i barnehage om ein månad, seier Opheim.

– Så eg blir opprørt og litt redd eigentleg.

en person som skyver en barnevogn

– Eg les at det går føre seg ein etterforsking, så får vi håpe at det blir løyst, seier Adrian Opheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Situasjonen er fortvilande

I løpet av sommaren brann det fleire stadar i bydelen Byåsen i Trondheim. Dei fleste av brannane fann stad på skular eller barnehagar.

Også 17. august brann det i Kyvatnet barnehage.

NRK har tidlegare omtalt at politiet etterforskar brannane på Byåsen.

Brannmannskap på plass ved Kyvatnet naturbarnehage

Foto: Bertil Lernæs

– Det er naturleg for oss å sjå brannane i samanheng, sjølv om vi ikkje kan konkludere med noko enno, seier påtaleansvarleg Lars Lundlie i Trøndelag politidistrikt torsdag.

Han fortel at politiet no ønsker tips frå publikum.

Mellom 10. juli og 17. august brann det ni stadar på Byåsen. Onsdag brann det igjen.

Onsdag kveld blei det gjort kriminaltekniske undersøkingar på barnehagen. I tillegg blei det gjort søk med drone i nærområdet og avhøyr, opplyser politiet i ei pressemelding.

Vi forstår godt at saka skaper bekymring for innbyggarane i nærområdet, og vi understrekar at vi tar dette på alvor, seier Lundli.

Foreløpig kan vi ikkje dele meir informasjon om etterforskinga, utover at vi ønsker tips og at saka blir etterforska grundig.

Brann i Kyvannet barnehage i Trondheim

Brannen natt til torsdag er den andre brannen i Kyvatnet barnehage på litt over ein månad.

Foto: Privat

– Situasjonen er fortvilande

– Eg synest situasjonen er fortvilande, seier finansbyråd Kjetil Reinskou.

– Det er spesielt fortvilande for dei som brukar barnehagen – barn, foreldre og tilsette. Det er ein situasjon på Byåsen no som ikkje er haldbar.

I etterkant av brannane sette kommunen inn tiltak i form av mellom anna vektarar.

– Har de gjort nok?

– Det må vi sette oss ned og sjå på. Eg meiner vi hadde gode rundar saman med politiet, beredskap og sikkerheitsavdelinga i Trondheim kommune.

Han seier kommunen vil evaluere om det er meir dei kan gjere.

– Så er det vanskeleg å gardere seg heilt mot dette.

– Men det er aktuelt å sjå om vi må sette enda større fart på områdesikringa.

en mann i dress

Kjetil Reinskou seier kommunen skal vurdere om det må bli sett inn ytterlegare tiltak.

Foto: Morten Andersen / NRK

Strøyma brannen direkte til brannvesenet

– Vi skulle sette oss i bilen og dra heim, seier styreleiar i Trondheim triatlonklubb, Karl Erik Nærum.

Dei har klubbhus like i nærleiken av Kvvatnet naturbarnehage. Onsdag kveld hadde dei hatt styremøte da dei høyrde brannalarmen.

– Da vi såg røyk frå baksida av huset skjønte vi at vi måtte ta aksjon.

Karl Erik Nærum etter at det brant i Kyvannet naturbarnehage

Karl Erik Nærum er styreleiar i Trondheim triatlon klubb. Saman med fire andre i styret oppdaga dei brannen onsdag kveld.

Foto: Morten Andersen / NRK

Saman med fire andre medlem av styret fordelte dei oppgåver mellom seg. Ein av dei løp tilbake til klubbhuset for å hente brannsløkkingsapparatet.

– Da det var tomt løp vi tilbake til klubbhuset for å sjå om vi hadde noko meir å sløkke med.

I klubbhuset var det ikkje fleire brannsløkkingsapparat og ein av triatletane løp heller heim til ein venn i nærleiken for å hente eit apparat til.

– Eg trur vi fekk dempa det mykje med to apparat, fortel Nærum.

Mens nokon sløkka brannen ringde Rolf Johansen til brannvesenet.

– Han sende meg ei lenke slik at eg kunne live-strøyme dette til brannvesenet, fortel Johansen.

Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen da dei kom til staden.

– Førebiletleg

– Dei gjorde ein veldig god innsats. Både med å varsle brannvesenet og ikkje minst ved å strøyme hendinga slik at vi raskt fekk ei god situasjonsforståing.

Det seier Torbjørn Mæhlumsveen, leiar for Trøndelag brann- og redningsteneste.

– Det er ein førebiletleg måte å handtere situasjonen på.

Mæhlumsveen fortel at brannvesenet ser svært alvorleg på dei mange brannane i bydelen.

– Det får jo konsekvensar, og det kan jo få veldig store konsekvensar.

– Heldigvis har det ikkje kome til personskade på noko av hendingane.

Torbjørn Mæhlumsveen etter brann i Kyvannet naturbarnehage

Mæhlumsveen seier brannvesenet ser alvorleg på dei gjentatte brannane.

Foto: Morten Andersen / NRK

Han seier veldig mykje tydar på at brannane er påsett.

– Påsette brannar er dei vanskelegaste brannane å førebygge.

– Når du får utvendig brannstart slik som på Kyvatnet så kan brannen gå veldig langt før den blir oppdaga.

Publisert 18.09.2025, kl. 19.21

Read Entire Article