Brann i Bergen – evakuerte student­bustader

1 month ago 15



Brannvesenet melder at dei har kontroll på brann.

Det er ikkje spreiingsfare, og ein del av dei evakuerte har fått gå tilbake til leilegheitene sine.

Bebuarane i studentbustaden Møllendalsveien 52 er framleis evakuerte.

Brann i eit bygg i Møllendalsveien i Bergen

Brannvesenet melder at dei har kontroll på brannen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Mange meldte frå om brannen

Brannvesenet fekk den første meldinga om brannen klokka 05.35 onsdag morgon.

– Me fekk om lag 50 telefonar på 20 minutt om brannen, seier vaktkommandør Stian Kvam ved 110 Vest.

Brannvesenet rykte ut med store ressursar frå fire brannstasjonar. Klokka 06.30 meldte brannvesenet kontroll på brannen, men det brenn framleis i bygget.

– Brannen er isolert til bygget han starta i. Me har god effekt av sløkkinga.

Brannen starta i eit verneverdig bygg som Bergen kommune eig. Det var eit gamalt betongstøyperi frå 1940-talet.

Det var først opplyst at brannen starta i ein av hallane til renovasjonsselskapet Bir, men det stemmer ikkje.

Brann i eit bygg i Møllendalsveien i Bergen

Brannen var godt synleg i store delar av byen.

Foto: Anders Nøkling / NRK

Trur ikkje nokon var i bygget

Det er ikkje meldt om personskadar.

– Me har ingen indekasjonar på at det var nokon inne i anlegget då det byrja å brenna, seier vaktleiar Stian Kvam ved 110-sentralen.

– Etter kvart som brannen roar seg, vil me ta oss inn i bygget og danna oss eit betre bilete av kva som har skjedd.

Brann i Møllendalsveien i Bergen

Brannmannskap frå fire stasjonar i Bergen deltok i sløkkearbeidet.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Operasjonsleiar Tore André Brakstad i politiet seier at om lag 300 personar blei evakuerte.

– Fleire av desse har no fått koma heim igjen, men eitt bygg er framleis evakuert. Nokre av leilegheitene tettast på har fått knuste ruter, og det har kome inn røyk. Det må gjerast ei vurdering der før alle får koma heim, seier han.

Møllendalsveien mellom Solheimsviken og Møllendalsbakken er heilt stengt for trafikk.

40.

Brannen sett frå Bergen containerterminal rundt klokka 05.30.

Foto: Jon Anders Hjartåker

Hei!

Har du opplevd brannen? Send meg gjerne ei melding.

Publisert 03.04.2024, kl. 06.16 Oppdatert 03.04.2024, kl. 07.29

Read Entire Article