Boreal leiger inn båt på sommarruter

2 days ago 13



I sommar har det vore fleire innstillingar på sommarruta mellom Bodø og Skutvik. Tysdag kom fylkesråd for samferdsel Marianne Dobak Kvensjø (H) med ein tydeleg beskjed til reiarlaget Boreal.

– Me stiller no eit tydeleg krav: Enten må dei leige inn eit fartøy, eller så gjer me det for dei – slik at reisande og næringsliv veit kva dei har å forhalda seg til i august, sa Dobak Kvensjø.

Båten Nordic Lady vert innleigd fram til sommarruta sin slutt 29. august, med unntak av datoane 1., 6., og 20. august sidan fartøyet allereie er bestilt på andre oppdrag.

Fartøyet Nordic Lady har kapasitet på 48 passasjerar og har lågare fart. Det kan føre til forseinkingar på ruta, melder Nordland fylkeskommune i pressemeldinga.

– Dette er langt ifrå ei perfekt løysing, men for å sikre ein langsiktig pårekneleg rute for dei reisande er dette det mest realistiske vi kan gjere på kort sikt, avsluttar Dobak Kvensjø.

Read Entire Article