Bombetrussel mot NAV-kontor – Åsane Storsenter evakuert

3 hours ago 6



Væpna politi omringar Åsane Storsenter, som er evakuert etter ein bombetrussel mot eit lokalt NAV-kontor.

Kontoret er evakuert etter initiativ frå vektar på staden.

Det er oppretta ein sikkerheitssone på 200 meter, melder Vest politidistrikt.

Store ressursar

Naudetatane er på staden med store ressursar.

Nasjonale beredskapsressursar er kopla på, og bombegruppa er på veg mot Bergen med helikopter.

Det går ein alarm i bygget, ifølgje ein NRK-journalist på staden.

Tips om koffert

Åsane Tidende har fått eit tips om ein koffert som ligg under ei trapp på NAV-kontoret. Det er ikkje stadfesta at denne har noko med hendinga å gjere.

ÅT har fått stadfesta frå politisjefen i Åsane, Sigurd Morstøl, at det er snakk om ein mistenkeleg gjenstand som er etterlate og som politiet fryktar kan vere sprengstoff, skriv avisa.

Politiet har meldt at dei førebels ikkje har lokalisert mogleg gjerningsperson.

Det kan oppstå trafikale problem i området.

Publisert 23.09.2024, kl. 14.13 Oppdatert 23.09.2024, kl. 14.27

Read Entire Article