Blei ringd av legenda før comeback-beskjed – røper årsaka til sjokkreturen

1 week ago 16



Det er ikkje berre Lucas Braathen som gjer comeback for ein annan nasjon neste sesong.

Da han ringde meg og fortalde det i går, så var det berre stort smil med ein gong, seier Timon Haugan til NRK.

Tysdag melde både avisa Blick og Kurier at skilegenda var på veg tilbake i alpinsirkuset – med comeback for Nederland. Onsdag bekrefta det austerrikske skiforbundet at dei hadde vore i kontakt med Hirscher og at dei hadde frigitt lisensen.

I ei pressemelding frå det nederlandske forbundet bekrefta Hirscher sjølv comebacket:

– Eg blei pensjonist for fem år sidan og er nå 35 år gammal. Comebacket mitt må derfor også sjåast i det lyset. Eg har eit utmerkt forhold til ÖSV og er takksam overfor dei for alt vi har oppnådd. Dette nye prosjektet blir realisert best som nederlendar, seier Hirscher.

Røpte årsaka

For Haugan blei det ein spesiell samtale da Hirscher ringde tysdag kveld. Først fekk han ei melding – som han vurderte å ignorere.

Eg låg i senga. Eg skulle stå opp ti på fem, for vi trenar veldig tidleg her nå. Han spurde om han kunne ringe meg, og så var eg veldig sånn: Kanskje eg berre skal oversjå meldinga og late som eg hadde sovna? Men så sa eg ja, du, ring meg, forklarer Haugan.

Og da fekk han nyheita – og årsaka – servert:

Timon Haugan

FEKK TELEFON: Haugan og Hirscher har jobba tett på kvarandre etter at førstnemnde gjekk over til Hirschers skimerke.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Han gav jo seg litt for tidleg, vil eg seie. Han fekk ikkje heilt avslutta på den måten som han kanskje hadde sett for seg. Så han føler at det er noko som manglar, så har han lyst til å fullføre karrieren sin på ein ordentleg måte, var det han sa til meg, seier Haugan.

Han begynte å bli litt lei av å sitte framfor PC-en og gjere sånn kjedeleg kontorarbeid.

Ifølge Blick er det snakk om at comebacket er for eitt år, og at det blir avslutta med VM i Saalbach neste år.

Trur du Hirscher blir like overlegen i comebacket?

Opnar for Hirscher-trening med Noreg

Haugan fortel at Hirscher nemnde i telefonsamtalen at han har planar om å dra til New Zealand før sesongen, noko det norske laget også pleier. Der kan det bli moglegheiter for at vegane deira blir kryssa.

– Det er jo fort mogleg at vi får nokre økter saman der, og så får vi sjå utover vinteren korleis kalendrane våre blir, og om vi trenar meir saman, da, seier Haugan.

Han fortset:

– Det er opp til trenarane mine og lagkameratane mine om han eventuelt blir med oss. Men det hadde vore absolutt artig å sparre litt med han, fortel Haugan.

– Skeptisk

Fleire har reagert svært positivt på Hirschers comeback, men også noko skepsis dukkar opp rundt om 35-åringen framleis har det som skal til for å levere i toppen.

– Viss det faktisk er sant og han gjer det, er det sjukt feitt. Ein av dei beste gjennom tidene og å komme tilbake etter fem år med pause trur eg aldri har skjedd før på dette nivået. Utruleg kult for sporten og også alle oss yngre alpinistar som ikkje fekk sjansen til å køyre mot han, seier Atle Lie McGrath til NRK.

– Utruleg kult at han gjer det. Veldig bra for mediemerksemda for alpint. Om han får det til, er eg meir skeptisk til. Gjer han det bra, blir eg mektig imponert, seier Sebastian Foss Solevåg til NRK.

Marcel Hirscher og Sebastian Foss Solevåg

Foto: Erik Johansen / NTB

Også NRKs ekspert synest comeback-planane er spennande.

– Absolutt positivt for sporten at ein såpass stor profil melder seg på igjen, men om han blir like overlegen er eg usikker på. Det kjem heilt an på kor mykje han har halde ved like og utvikla seg i tråd med idretten, seier Nina Haver Løseth.

– Nivået har vore skyhøgt dei siste sesongane og både dei norske utøvarane og dessutan Lucas (Braathen) for Brasil trur eg kjem til å prege toppsjiktet for å gi Hirscher ei god utfordring.

– Eg har alltid sagt at det er éin ting eg alltid har ønskt å få sjansen til å gjere – å konkurrere mot deg. Det er ei ære å ha deg tilbake, og eg kan nesten ikkje vente med å stå på ski med deg, skriv Braathen sjølv på Instagram om Hirscher.

Prosessen med å få komme seg til verdscupen blir første steg. Men Haugan, sjølv med fersk verdscupsiger i lomma, kan røpe så mykje som at nivået på austerrikaren er høgt.

Eg trur han kan hevde seg veldig.

Lucas Braathen

TILBAKE: Braathen gjer også comeback den kommande sesongen. Denne gongen blir det ikledd brasilianske fargar.

Foto: BARBARA GINDL / AFP

Starta eige merke

Austerrikaren blir rekna som ein av dei beste alpinistane i historia og kan skilte med 67 verdscupsigrar. I tillegg vann han verdscupen samanlagt heile åtte år på rad, frå 2011/2012-sesongen til 2018/2019.

Hirscher la opp i 2019, og har sidan den gong starta eige skimerke som blant anna Henrik Kristoffersen og Haugan køyrer på.

Kuriar skriv at sidan grunnlegginga av sitt eige skimerke har Hirscher testa ski og trena like «grundig og intensivt» som da han var aktiv.

Gikk på kjempesmell på direkten – må tatovere seg! 01:31

Publisert 24.04.2024, kl. 12.28 Oppdatert 24.04.2024, kl. 12.32

Read Entire Article