– Sånn kjem eg til å sjå ut resten av livet, seier Espen Øwre, og viser fram eit bilde av eit stort arr på høgre side av magen.
Han har også arr på skulder, olboge og lår. Det omfattande arret på låret er etter hudtransplantasjonen. Det var der legane måtte hente frisk hud frå, for å erstatte huda som blei permanent øydelagd av brannsåra.
Psykisk belastning
– Eg vegrar meg for å gå på stranda med dotter mi, på grunn av dei godt synlege arra. Heile denne saka har gått psykisk sterkt inn på meg, fortel Øwre, som frå før hadde kronisk svekt helse.
Diakonhjemmet beklagar hendinga, og skriv til NRK at det blei gjort alvorlege feil, og dessutan at behandlinga ikkje var i tråd med god medisinsk praksis. (Les Diakonhjemmets andre kommentarar lenger ned i saka).
Ved Diakonhjemmet sjukehus i Oslo nektar leiinga for at dei har erstatningsansvar i denne saka.
Foto: NRK
Espen Øwre har vore innlagd på sjukehus mange gonger dei siste åra. Det kjem av ei samansett liding som ofte slår ut i infeksjonar og høg feber. Natt til 16. mai 2023 skjedde det igjen. Feberen gjekk i vêret og på morgonkvisten blei han henta med ambulanse og lagd inn på Diakonhjemmet.
Frå sjukesenga klaga han over at han fraus veldig på grunn av feberen som var faretruande høg. Personalet sette i gang oppvarmande behandling mot frostriene hans. Blant anna blei to varmeflasker pakka inn i putevar og lagde ved sida av han i senga.
Sjå historia i denne minidokumentaren:
Espen Øwre opplevde å bli skadd for livet da han var innlagd på sjukehus
Store konsekvensar
– Eg var så omtåka at eg merka ingenting. Det hadde gått i svart for meg.
Seinare same dag oppdaga personalet at han hadde fått lettare brannsår av flaskene. Det viste seg at dei hadde blitt fylte med kokande vatn frå ein vasskokar.
Temperaturen skulle ikkje vore over 40 grader. Og han skulle ikkje vore oppvarma i det heile, sjølv om han fraus. Han skulle vore nedkjølt. Det viser journalen og avviksmeldingane som NRK har fått innsyn i.
Etter hendinga med Espen Øwre skreiv Diakonhjemmet ei avviksmelding. Her beskriv dei den moglege konsekvensen av overopphetinga som «død».
Grafikk: Rune Hansen / NRKOppvarminga, som også inkluderte klede, varmeteppe, dyne og pledd, førte til ei generell overoppheting av kroppen til Espen Øwre. I avviksmeldingane skriv sjukehuset sjølv at konsekvensen av den generelle overopphetinga kunne blitt «død».
Sju dagar utan legetilsyn
– Da eg kom til meg sjølv igjen dagen etter, merka eg smerter i sida. Da oppdaga eg desse såra. Det verste er at det gjekk heile sju dagar frå dei oppdaga brannsåra til ein lege såg på dei igjen. Da hadde det utvikla seg til ei tredjegradsforbrenning, med betennelse, fortel Espen Øwre.
Han var innlagd på sjukehuset gjennom heile denne perioden.
Diakonhjemmet skriv til NRK at Espen Øwre fekk gjentatte legetilsyn dei sju dagane, men at det gjaldt sjukdommen han blei innlagt for, ikkje brannskadane.
«Alvoret av brannskaden blei ikkje fanga opp og såra blei derfor ikkje undersøkt av lege til å begynne med. Det beklagar vi. Skadeområdet blei nedkjølt, men blei dessverre ikkje følgt opp i tilstrekkeleg grad.»
Brannsåret på olbogen lét etter seg eit arr på 15 cm. Det går aldri bort.
Foto: DiakonhjemmetI sjukehuset si eiga avviksmelding blir den moglege konsekvensen av dette omtalt som «katastrofal».
Redusert kapasitet
Diakonhjemmet skal ifølge Espen Øwre ha unnskylda seg munnleg med at det var 17. mai, inneklemt fredag og pinsehelg etter kvarandre. Og at det var derfor ingen lege hadde undersøkt såra.
Diakonhjemmet svarer ikkje direkte på om det stemmer at dei oppgav redusert kapasitet som årsak overfor Espen Øwre. I ein e-post til NRK skriv Diakonhjemmet at det ikkje var nokon samanheng mellom redusert drift på heilagdagar og den manglande oppfølginga av brannskadane. Dei legg til at alle sjukehus har redusert kapasitet på heilagdagar.
Espen Øwre fekk 11.000 kroner i erstatning, men det kom frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE), ikkje Diakonhjemmet. Han meinte summen var uforståeleg liten, klaga og kravde meir, men fekk avslag frå NPE. Så vende han seg til Diakonhjemmet med spørsmål om ikkje dei har eit sjølvstendig ansvar for å gi oppreisingserstatning for det han var utsett for. Men dei sa nei.
– Sjukehuset bør ta ansvar
Advokat Janne Larsen i firmaet Roander & Co er ekspert på pasientskadesaker. Ho representerer Espen Øwre i tvisten med Diakonhjemmet. Larsen meiner Espens tilfelle er svært alvorleg og at Diakonhjemmet bør ta sitt ansvar ved å betale såkalla oppreisingserstatning.
Advokat Janne Larsen (Roander & Co) har lang erfaring med pasientskadesaker. Ho meiner dette er eit alvorleg tilfelle og at Diakonhjemmet må ta ansvar.
Foto: Rune A. Hansen / NRK– Det kan like gjerne vere rutinesvikt ved sjukehuset som kvar enkelt pleiars skuld at det blei brukt for varme varmeflasker. Det same med at sårbehandlinga ikkje var god nok etterpå, seier advokaten. Ho meiner Diakonhjemmet kan ha såkalla organansvar i denne saka.
Organansvar betyr at sjølve institusjonen og leiinga kan klandrast for skaden på pasienten, ikkje berre den eller dei personane som direkte forårsaka skaden.
Nektar ansvar
I eit brev til advokat Janne Larsen nektar Diakonhjemmet for at dei har organansvar for brannskadane, og viser til lovverket. Lova krev at sjukehuset i og for seg må ha vist grov aktløyse, for eksempel i form av rutinesvikt, for at det skal vere eit organansvar.
Til NRK skriv Diakonhjemmet:
«Sjukehuset i og for seg har ikkje opptrådt grovt aktlaust. Helsehjelpa var likevel ikkje i tråd med god praksis, og kjem av både ei feilvurdering og mangelfull kommunikasjon i oppfølging av skaden».
Endra rutinane
Advokat Janne Larsen førebur nå Espen Øwres søksmål mot Diakonhjemmet.
– Eg har bede Diakonhjemmet om å gjere greie for rutinane dei hadde for oppvarming av pasientar da dette skjedde. Det har dei ennå ikkje gjort. Det einaste vi veit er at dei endra rutinane på grunn av det som skjedde med Espen, seier Larsen.
Diakonhjemmet bekreftar også overfor NRK at rutinane for bruk av varmeflasker er endra som følge av denne hendinga. Dei har ikkje svart på om rutinane var for dårlege da Espen Øwre blei forbrent.
Publisert 03.03.2025, kl. 15.40