Bjørn Arve vart evakuert og fekk huset øydelagt: – Heilt sørgeleg

3 weeks ago 30



– Det er heilt sørgeleg, seier Bjørn Arve Aanes.

Då vestlendingen kom tilbake til huset sitt i Øvre Årdal blei han møtt av ein kjellar fylt av vatn.

– Vi fekk nesten huset øydelagt av ein innvendig lekkasje for to år sidan og er ikkje ferdig med å bygge det opp att, så det å måtte trå til igjen, eg kjenner at eg skjelv, seier årdølen.

På det meste har vasstanden vore på 1,60 meter i kjellaren.

– Heile kjellaren er rasert. Ting flyt rundt og dørene har hoppa av hengslene, seier Aanes.

Brannvesenet har sidan midnatt vore på nær 30 oppdrag der folk har fått vatn inn i kjellar og garasjar.

– Dramatisk

Rundt 100 personar fekk torsdag kveld beskjed om å flykte heimane sine då Sitlaelva i Øvre Årdal hald fram med å vekse.

– Det var veldig dramatisk. På eit tidspunkt tok elva eit nytt leie og gjekk over sine breidder, fortel ordførar i Årdal, Christian Sønstlien.

Vatn på tun i Årdal

Fleire fekk beskjed om å evakuere heimane sine då vatnet steig.

Foto: privat

Han har som mange i Årdal hatt ei søvnlaus natt. Bjørn Arve Aanes forstod alvoret då han såg elva nærma seg huset.

– Eg blei skjelven og følte at no er det alvor, seier han.

Får flytte heim

Fredag kl. 08 fekk dei evakuerte beskjed om at det var trygt å flytte heim.

– Politiet og Hydro energi, med støtte frå NVE, har vore på synfaring og konkludert med at det er trygt å vende tilbake, seier ordførar Christian Sønstlien.

Elva i Årdal dagen etter

Elva har lege igjen tydelege spor etter nattas herjingar.

Foto: Kjell Audun Lægreid

Aanes fortel at dei er vant med at elva kan bli større om hausten, men det som har skjedd under «Jakob» har vore utanom det vanlege.

– Frå vi kom heim frå jobb torsdag har vi høyrt masse stein som ramlar i fjellet, det har vi aldri høyrt før, seier han.

Publisert 01.11.2024, kl. 09.27 Oppdatert 01.11.2024, kl. 09.58

Read Entire Article