Bjarne Aaboen (69) lå hjelpeslaus ute i tre døgn i Skjåk: - Eg ville ikkje gje opp

14 hours ago 4



– Eg låg blant mose og lyng. Eg klarte ikkje å røre på meg, og måtte åle meg fram. Da eg låg der tenkte eg at eg ikkje måtte gje opp.

69-åringen frå Skjåk støtter seg på krykkene og fortel om dei dramatiske døgna frå hytta.

Laurdag 20. september skulle han reinske takrenna på hytta ved Liavatnet i Skjåk kommune i Innlandet.

– Eg mister balansen og dett ned frå taket. Da vart eg nok litt borte, men eg klarer å krype meg inn i hytta.

Dett ned trappa

Fallet var på omtrent tre meter. Inne i hytta kjem smertene og han klarer ikkje å kome seg opp. Han sovnar på golvet.

Neste dag er smertene like store, men han vil prøve eit nytt forsøk på å kome seg opp. Dermed kryp han bort til trappa ute der det er rekkverk.

– Det skulle eg nok ikkje gjort. Da eg prøver å reise meg opp dett eg nedover trappa og blir liggande.

Hytta til Bjarne Aaboen ligg rett ved Liavatnet i Skjåk kommune.

Bjarne tenker at det skal gå bra, men smertene er så store at han berre klarer å åle seg bortover til trappa igjen.

– Det går ikkje. Eg hadde ikkje krefter og eg måtte gje opp.

  • Amerikanske Alec Luhn trudde han skulle døy i fjellheimen. Les heile saka her:

Ikkje tilgang til mat og drikke

Det ender med at han åler seg bort til noko mose og lyng rett bortanfor. Der sovnar han til slutt i haustvêret.

– Da eg vaknar prøver eg på nytt. Men det går ikkje.

Mens han ligg der så tenkjer han at han kjem til å få hjelp. Han høyrer lyder frå ei hytte i nærleiken der nokon driv og snikrar.

– I tillegg tenkte eg at det var haustferie og mange var i området. Døra står også oppe og den kan ein sjå frå vegen.

Fjuken omtala saka fyrst.

Dessverre for Bjarne så stemmer det ikkje at det er mange folk i nærleiken. Det er ikkje haustferie, og i tillegg så ligg mobiltelefonen igjen inne i hytta.

– Eg er overraskande roleg eigentleg. Og når det gjeld mat og drikke har eg ikkje noko matlyst. Eg åt ganske bra i hytta før eg datt.

en mann som holder et par krykker

Det er ikkje lenge sidan 69-åringen kom tilbake frå sjukehuset. No er forma overraskande god, men krykker må han bruke.

Foto: Even Lusæter / NRK

Roper etter hjelp

Tida går og smertene til Bjarne er såpass store at han klarer berre å åle seg noko framover.

Likevel tok det nesten to døgn før han tenkte på å rope på hjelp.

Det var ikkje noko hastverk tenkte eg, seier han mens han ler.

Bjarne Aaboen falt ned fra taket på hytta si og lå ute i tre dager før han fikk hjelp.

Men det er ingen som høyrer han.

– Eg låg jo nede i eit hol liksom av lyng og mose.

Tida går og tysdag kveld, tre dagar etter fallet, startar han å bli litt bekymra. På natta er det nokre kuldegrader.

Den som finn Bjarne onsdag ettermiddag er hyttenabo Ove John Plassen.

– Han har sagt til meg at eg skjelv når han finn meg. Eg var nok og ganske svak på det tidspunktet.

en mann som står utenfor et hus

Her fann Ove John Plassen sin gode hyttenabo liggande.

Foto: Even Lusæter / NRK

Hyttenabo Plassen gjekk forbi med hunden, og seier til NRK at han tykte det var rart at hyttedøra sto oppe.

Da han nærma seg hytta såg han fort at det var ein person som låg rett ved. Den personen viste seg å vere Bjarne Aaboen.

– Eg trudde det var ein daud person eg fann. Han var tungkledd og frosen.

Han viser kor det var han fann 69-åringen.

– Han låg med hovudet sitt inni dette holet. Han klarte ikkje å bevege seg. Eg ropte og slo på han da eg kom og så ringde eg naudnummeret.

et gresskledd område med trær

På denne plassen ved hytta låg Bjarne i tre døgn utan mat og drikke.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Klarte ikkje å røre på seg

Bjarne var særs medteke og Ove John hugsar at han opna auga sine da han slo og ropte på han.

Mens dei venter på naudetatane prøver han så godt han kan å helde varmen til Bjarne og ta vare på 69-åringen.

– Han klarte ikkje å røre på seg. At han har lege her så lenge er berre heilt utruleg. Det har jo vore minusgrader.

en person som står utenfor et hus

Ove John er glad for at det gjekk så bra som det gjorde. Om natta har det vore minusgrader.

Foto: Even Lusæter / NRK

I løpet av kort tid er både ambulanse og helikopter på plass.

– Eg gjekk nok litt ut og inn da eg fekk hjelp. Det er utruleg kva eit menneske klarer i slike situasjonar.

Han får oppfølging av sjukehusa Ullevål og Lillehammer. No, fire veker etter ulukka, er forma overraskande god.

– Men hofta er ikkje god saman med leggen. Men du verda – dette gjekk mykje betre enn det kunne ha gått.

Berre flaks at han kom forbi

At Ove John kom forbi er veldig tilfeldig.

– Det er ein del folk her i helgene, men ikkje midt i veka og seint på hausten. Hadde ikkje døra vore ope hadde eg aldri lagt merke til det.

At det ikkje gjekk verre er nesten eit mirakel fortel han.

– Eg var spent på korleis dette kom til å gå. Han har takka meg for at eg redda livet hans. Han sette stor pris på at eg kom.

Også han retter ein stor takk til helsevesenet.

– Enormt. At det gjekk så bra er berre heilt utruleg.

Publisert 15.10.2025, kl. 18.49

Read Entire Article