– Vi har ein veg å gå for å sikre eit godt og tilgjengeleg flytilbod for alle.
Det seier Birgit Skarstein etter ein flytur med SAS frå Trondheim til Oslo, onsdag 17. juni.
Etter flyturen blei ho sitjande igjen inne på flyet og venta på assistanse for å komme seg av – trass i at ho hadde bestilt dette lenge før reisa.
Ein tilsett skal også ha sagt til Skarstein at ho kunne takke seg sjølv for at ho måtte vente på flyet før ho fekk hjelp til å komme seg av.
Grafikk: Birgit SkarsteinSamtidig annonserte personalet inne på flyplassen at den følgande flyginga var forsinka på grunn av henne.
SAS beklagar og seier dei vil sjå nærmare på saka internt. Les svaret deira lenger ned i saka.
TV 2 har også omtalt opplevinga til Skarstein.
– SAS valde å kringkaste dokumentert uriktige påstandar
Ein av passasjerane som skulle vidare med flyet Skarstein hadde kome med var Aleksander Hatlem.
– Vi fekk beskjed om at flyet var forsinka, og så tok kvinna i skranken ordet og sa at grunnen til at flyet forsinka var at ein passasjer måtte berast ut av flyet.
Til dagleg jobbar Hatlem som advokatfullmektig i Elden Advokatfirma.
Foto: Sturlason AS PolyfotoDeretter opplyste kvinna at passasjeren ikkje hadde bestilt assistanse innan 48 timar før avreise.
Men dette viste seg ikkje å stemme. For Skarstein bestilte assistanse allereie 20. mai og fekk bekrefting frå SAS same dag. Det var 28 dagar før flyturen.
– Eg registrerer at SAS valde å kringkaste dokumentert uriktige påstandar og sensitive personopplysingar over høgtalaranlegget på Gardermoen, seier Skarstein.
Ifølge Hatlem reagerte han og ein annan reisande på det som blei sagt over høgtalaranlegget, og gav beskjed til kvinna.
– Ho var tydeleg på at ho ikkje sa namnet på personen og meinte det var viktig at folk fekk informasjon om kva som var grunnen til at flyet var forsinka.
Like før Hatlem gav beskjed, hadde Skarstein fått hjelp og kome forbi gaten der dei stod.
– Ho verka frustrert
Skarstein har engasjert seg og delteke i den offentlege debatten for å forbetre og endre flyreglane for folk med funksjonsnedsettingar.
Onsdag vedtok Stortinget ein gjennomgang av forhold som hindrar personar med funksjonsnedsettingar å reise med fly.
– Det er ironisk at dette skjer same dag som Stortinget einstemmig vedtar ein fullstendig gjennomgang av dagens praksis, seier ho.
SAS-flyet Skarstein reiste med frå Trondheim skulle vidare til Bergen.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKTrass i at ho ikkje sa namnet til Skarstein skal kvinna i SAS sagt at personen i rullestol hadde vore ute i media om flyreglane og at det sikkert kom fleire saker.
– Eg hadde ikkje fått med meg desse artiklane, men ho verka frustrert. Og då var det jo berre å søke på det, og då er ho jo identifisert, seier Hatlem.
Han opplevde det heile som ugreitt og sende ein e-post til Skarstein og informerte om det som hadde skjedd.
– Eg opplevde det som at dei klandra vedkommande og at SAS skulle vere tydelege på at det ikkje var deira feil, legg han til.
SAS beklagar
NRK har stilt fleire spørsmål til SAS om hendinga, mellom anna om kvifor dei skulda på Skarstein for at flyet blei forsinka.
Pressesjef i SAS, Øystein Schmidt, skriv i ein e-post til NRK at flyselskapet har som mål at alle skal føle seg velkomne.
– Kvar dag gjer medarbeidarane våre sitt beste for å skape ei god reiseoppleving for alle, også for dei som har ulike behov eller utfordringar.
Pressesjef i SAS, Øystein Schmidt seier flyselskapet har jobba i 80 år for at alle skal føle seg velkommen.
Foto: Lars HolandNRK har også spurd om kvifor assistansen ikkje var klar då flyet landa og om korleis personvernet hennar blei ivaretatt, då informasjon om ho blei sagt over høgtalaranlegget.
– Vi beklagar oppriktig dersom Birgit opplev at turen hennar nyleg ikkje blei som forventa, skriv Schmidt.
Pressesjefen seier SAS har lært mykje og blitt betre, gjennom samarbeid med helseføretak, Noregs idrettsforbund og paraidretten.
Samtidig presiserer han at opplevingane til Skarstein kjem til å bli tatt opp vidare:
– Vi kjem til å sjå nærmare på denne saka internt og handtere den på ein skikkeleg måte, slik at vi kan ta med oss lærdom frå dette vidare.
– Mange kvir seg frå å seie frå om ubehagelege opplevingar
Leiar i Noregs handikapforbund, Tove Linnea Brandvik, beskriv det som eit unødvendig firkanta system for folk med funksjonsnedsettingar, når dei skal reise med fly.
– Dette beviser kvifor det er utruleg viktig at regjeringa går gjennom alle delar av korleis desse systema fungerer. Heilt frå bestilling til innsjekk og behandling på flyet.
Brandvik seier ho håper hendinga var eit unntak og at SAS gjer sitt for å unngå at noko slikt skjer igjen.
Foto: Isabel Trandum– Vi veit at mange av medlemmane våre kvir seg for å seie ifrå om ubehagelege opplevingar i møte med bedrifter, kommunar eller andre. Fordi ein er redd for konsekvensane det har.
Ho kallar det SAS gjorde på Gardermoen, eit stort overtramp.
– Det at Birgit vel å bruke stemma si til å seie klart og tydeleg ifrå, står ho til ære, seier forbundsleiaren.
– No må det ryddast opp. Om dei ikkje har skjønt det før, så bør SAS iallfall ta ansvar no, for å gå føre for å bli best i klassen, oppmodar Brandvik til slutt.
Publisert 22.06.2026, kl. 16.51















English (US)