Biden tillèt Ukraina å nytte langdistanse missil

4 days ago 10



Biden-administrasjonen fjernar restriksjonar på Ukrainas bruk av amerikanskproduserte våpen til å slå djupt inne i Russland, seier kjelder som er kjende med avgjerda.

Det melder nyheitsbyrået Reuters og New York Times.

Det kvite hus har ikkje kommentert avgjerda.

Den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelenskyj har jobba lenge for å få lov til å nytte langdistanse mot Russland.

Under eit besøk i Washington i september 2024, pressa han på for å få lov til å bruke slike våpen mot mål inne i Russland.

Ukraina har tidlegare forplikta seg til å berre bruke desse våpena i ukrainske område som russarane har okkupert, og ikkje mot mål i Russland.

Planlegg eit langdistanseåtak dei komande dagane

Ukraina planlegg sine fyrste langdistanseangrep i løpet av dei komande dagane, skriv Reuters.

Dette er heller ikkje kommentert av Det kvite hus.

Publisert 17.11.2024, kl. 19.21 Oppdatert 17.11.2024, kl. 19.27

Read Entire Article