Biden skal tale til nasjonen etter val­nederlaget

2 weeks ago 17



I juli annonserte Joe Biden at han trakk seg som Demokratane sin presidentkandidat, og vil sleppe yngre krefter til.

Donald Trump bli USAs neste president. Biden skal dermed avslutte si politiske karriere med å gi frå seg presidentskapen til Trump.

Trump med overlegen siger

Fleire anerkjente meiningsmålingar, viste at presidentvalet kom til å bli historisk jamt.

Då valresultata rulla inn i løpet av onsdagen, blei det klart at det var Trump som gjekk av med siger, med eit klart fleirtal.

Trump vann valet i alle dei avgjerande vippestatane.

– Dette vil alltid bli huska som dagen då amerikanarane fekk tilbake kontrollen over landet sitt, sa Trump då han erklærte valsiger.

Visepresident Kamala Harris var lenge stille før ho uttalte seg om nederlaget. Onsdag kveld gjekk ho på talarstolen.

Election 2024 Harris Reaction Photo Gallery

Kamala Harris på talarstolen då ho erklærte valnederlag.

Foto: Stephanie Scarbrough / AP

Ei smilande Harris gjekk på scena og bad tilhengarane om å ikkje gi opp håpet. Ho vende seg til dei ynge veljarane, og minna dei på makta dei har.

– Det er greitt å vere skuffa, men det kjem til å gå bra. Nokon gonger tek kampen ei stund, det betyr ikkje at vi ikkje skal vinne, sa Harris.

Publisert 07.11.2024, kl. 16.52 Oppdatert 07.11.2024, kl. 17.02

Read Entire Article