Betre tsunami­varsel fører til færre døde

21 hours ago 4



Jordskjelv aust for Kamtsjatka-halvøya i Russland natt til onsdag utløyste tsunamibølger i Stillehavet.

Russland, Japan og USA har blitt treft av tsunamibølger.

Fleire land har sendt ut tsunamivarsel, til no er det ikkje meldt om nokon omkomne.

Nye rutinar for varsling av tsunami, bidrar til å minimere skadeomfanget av bølgene.

– Gode varslingssystem hadde kraftig redusert talet på omkomne under tsunamien i 2004.

Det seier ekspertrådgjevar Finn Løvholt i Norges Geotekniske Institutt (NGI) til NRK.

Løvholt har forska på tsunami i over 20 år.

Varslingssystem rundt om i verda

Korleis land som er utsett for tsunami varslar folk i området varierer.

I Japan viser TV-kanalar tydelege varsel som «TSUNAMI! EVAKUER!» og «Ikkje bli sitjande og sjå på skjermen. Evakuer no!», melder Reuters.

Varslingssystem for jordskjelv og tsunami har blitt betre i verda.

Inger Beate Sandvik er på ferie i Japan saman med familien.

Familien skulle på ei utflukt, men fekk tsunamivarsel i det dei skulle reise.

En mann, en dame og en jente ser i kamera. Bak dem er det frodig skog.

Inger Beate Sandvik saman med mann og datter.

Foto: Privat

– Vi blei litt uvel, sjølvsagt, for vi er ikkje vande med dette, men vi køyrde vidare. Vi kom oss opp på ein høgde der det eigentleg er ganske fint tilrettelagt med turistinformasjon og ein stad å ete lunsj.

Familien merka lite til tsunamien, og var trygge under hendinga.

Skjermbilde av en telefon med varsel om evakuering grunnet tsunami.

Dette var ei av meldingane Inger Beate fekk.

Foto: Skjermbilde

Endra system sidan katastrofen i 2004

Måten seismologar varslar tsunamifare i dag, har endra seg mykje dei siste tiåra.

– Varslingssystema har blitt mykje betre, særleg etter tsunamien i 2004 og 2011. I 2004 fanst det ikkje noko varslingssystem, seier seismolog ved Uppsala universitetet Björn Lund.

– Det førte til mykje større øydeleggingar og mange fleire dødsfall enn det truleg ville vore dersom eit varslingssystem hadde vore på plass, forklarar Lund.

Eit utdrag frå Dagsrevyen 27. desember, 2004

Katastrofen i 2004 endra rutinane for varsling ved tsunami.

– Det har vore ei positiv utvikling over tid, også med tanke på at mange stader driv med undervisning, seier Løvholt.

I 2004 var det mange som aldri hadde høyrd om tsunami, så folk skjønte ikkje kva som var i ferd med å skje før bølga kom.

– No veit lokalbefolkninga og turistar kva dei skal gjere anten ved eit varsel eller ved eit lokalt jordskjelv.

  • Folk på en balkong

    VENTER PÅ BØLGEN: I Honolulu, Hawaii har feriegjester evakuert i høyden og ser utover Waikiki-stranda etter tsunamivarselet onsdag.

    Foto: Nichola Groom / Reuters / NTB
  • en mann som skyver en handlevogn full av vannflasker

    BEREDT: En mann har forberedt dunker med vann etter tsunami-varselet i Honolulu, Hawaii.

    Foto: Michelle Bir / AP / NTB
  • trafikklys på en gate

    LANG KØ: I Oahu, Hawaii, står det kø fra Ewa Beach etter tsunami-varselet.

    Foto: Michelle Bir / AP / NTB

Minutta før varsling

I det eit jordskjelv skjer, er det viktig å etablere storleiken raskt.

– Varslingssystema må vere raske. Vi ventar ikkje på å sjå om det blir ein tsunami eller ikkje, vi bruker berre jordskjelva til å varsle, opplyser Lund.

Kor raskt ei tsunamibølgje treffer land, varierer ut ifrå kor nærme du er jordskjelvet.

– Varslinga må gå fort at dei nærmast skal ha ein sjanse, legg Lund til.

I nokre tilfelle kan bølgja nå kysten på berre nokre minutt, medan det andre stader kan ta opp til ein halv time.

– Du treng å varsle i litt ulik skala, avhengig av kor du er. For landa der jordskjelvet skjer, så treng du å kunne varsle i løpet av får minutt, opplyser Løvholt.

Smarttelefonar gjer varslinga enklare

Den største skilnaden frå varslinga i 2004 og 2011 til no er teknologiutvikling.

– I dag har nesten alle ein smarttelefon, så vi kan sende åtvaringar direkte til folk. Smarttelefonane har gjort ein uhyre stor forskjell, opplyser Lund.

Seismologar har også meir utvikla og fleire instrument å ta i bruk i vurderinga av tsunamiar.

– Det er fleire seismiske måleinstrument i drift, som raskare får inn data og kan seie noko om storleiken på jordskjelvet, seier Lund.

Prosessane går i dag fortare, og seismologar har moglegheit til å lage betre modellar for når ein tsunami vil treffe land.

– Det er fantastisk at vi har komme så langt at vi har dei moglegheitene. Vi kan ikkje forutsjå eit jordskjelv, men vi kan varsle slik at folk ikkje skal døy av tsunamien, seier Lund.

Interessert i meir frå Utanriksredaksjonen?

Høyr vår siste podkastepisode her:

Publisert 30.07.2025, kl. 16.22 Oppdatert 30.07.2025, kl. 16.38

Read Entire Article