Den islandske kunststudenten Oddur Eysteinn Friðriksson i Bergen er dømd i The High Court of Justice i London, skriv BT.
Etter at det islandske fiskeriselskapet Samherji vart skulda for å bestikke tenestemenn i Namibia for å få lukrative fiskekvotar, laga Friðriksson kunstprosjektet «We're sorry».
Det var eit eksamensprosjekt han laga då han studerte ved Iceland University of the Arts.
Forfalska selskapets nettside
Dette var ei falsk nettside og ei falsk pressemelding til 100 medium i 20 land, der det framstod som om selskapet sa unnskyld.
Samherji – eitt av Europas største fiskeri- og fiskeforedlingsselskap – saksøkte studenten med kunstnarnamnet Odee Fridriksson.
Selskapet er også ein sentral aktør innan norsk fiskeri, og har blant anna eigarpostar i fleire norske reiarlag.
Dommen: «Vondsinna usanningar»
I halvanna år har Friðriksson studert ved Kunstakademiet ved Universitetet i Bergen.
Og 26. september måtte han møta i retten i London.
Samherji stilte med seks advokatar i rettssalen.
– Dei hadde ei tralle med utruleg mange dokument. Vi hadde våre dokument i ein slags skulesekk frå Ikea, sa han til BT.
Retten konkluderte i føremiddag med at «bruken av domenenamnet har vore eit instrument for svindel, brot på opphavsrett og vondsinna usanningar».
Friðriksson er likevel ikkje dømd til økonomisk straff. Dommaren har førebels ikkje tatt stilling til om kunstmaterialet må slettast.
– Kunstnarar styrkar demokrati
NRK har førebels ikkje fått kontakt med Friðriksson. I ei pressemelding skriv advokaten hans, Andra Matei:
– Vi forventa aldri at dette skulle vera enkelt. Dette er selskap med millionar av dollar og juridiske system som historisk sett ikkje har tatt omsyn til den avgjerande rolla kunstnarar som ODEE spelar i å styrka demokrati.
Ho legg til:
– Dette er grunnen til at sjølv om vi er skuffa, har domsavgjerda berre styrka vår avgjerd om å ta denne kampen vidare, heilt til slutten.
Publisert 14.11.2024, kl. 12.28 Oppdatert 14.11.2024, kl. 12.55