Bergensbanen er stengt etter at eit tog har spora av ved Myrdal.
Vy melder på nettsidene sine at Myrdal-Mjølfjell er stengt for togtrafikk, og at det blir forseinkingar.
Pressevakt Gunnar Børseth i Bane Nor seier ingen personar er skadde i hendinga.
Dei fekk melding om hendinga rundt klokka 18.00.
– Vi må heise på plass toget og undersøke om det er skader på infrastrukturen, seier Børseth til NRK.
Kor lang tid det tek, er ukjent.
– Inntil vidare snur toget og heile Bergensbanen er sperra, seier han.
Både dei aust-og vestgåande toga må snu.
Korleis trafikken går utover, og om nattoga blir påverka, er det Vy som må svare ut, seier han.
– Kva er årsaka til avsporinga?
– Eg har snakka med togleiaren, men han visste det ikkje. Men det er fleire moglege årsaker. Ofte vil slike avsporingar skje i samanheng med sporveksel, seier han.
– Men det kan også vere feil med sjølve toget, eller ein feil på infrastrukturen, legg Børseth til.
Kva fart toget hadde er ukjent, men sidan det skjedde i nærleiken av Myrdal stasjon, var truleg farten ikkje så høg, seier pressekontakten