Ber om konkrete svar frå Å Energi

1 week ago 8



Eg syner til Steffen Syvertsen sitt innlegg den 25. september som svar på mitt innlegg frå den 20. september.

Foto: Kristin Ellefsen / Fædrelandsvennen

Eg vil fyrst takke Syvertsen for å garantere for at Å Energi sin prosess med å vurdere organiseringa av driftssentralane ikkje vil føre til noko endring i det heile. Ingen mister jobben og driftssentralen på Brokke vert vidareført som i dag. Det var godt å høyre.

Det er fint med konsernsjefar som tek seg tid til å svare på spørsmål frå engasjerte representantar frå eigarkommunane. Riktig nok finn eg ikkje svara veldig utfyllande og eit par av spørsmåla har Syvertsen ikkje svart på i det heile.

Det siste kan sjølvsagt ha med å gjere at spørsmåla ikkje var tydelege nok. Difor gjentek eg og omformar spørsmåla her. Denne gongen håpar eg på å få konkrete svar.

Kor mange og kva slags nye stillingar har Å Energi oppretta knytt til stabs- og støttefunksjonar etter fusjonen?

Kor mykje har Å Energi investert i verksemder og prosjekt som ligg utanfor selskapets kjerneverksemd?

Spørsmål og svar om Å Energi

Read Entire Article