– Barna vil aldri treffe foreldra igjen

2 weeks ago 16



Barnevernet i Hardanger klarte ikkje beskytta barna, slo Statsforvaltaren fast i vinter.

Samtalane barnevernet hadde med barna var eigna til å påverke forklaringane deira om overgrep, er derimot den ferske konklusjonen til ein rettsoppnemnd vitnepsykolog.

Dette er skvisen barnevernstenesta i Hardanger står i, i det som er skildra som ei av dei verste overgrepssakene i nyare tid i Norge. 

– Eg har ransaka meg sjølv grundig i denne saka, det kan eg love dykk, sa barnevernsleiaren til Gulating lagmannsrett denne veka.

Pepra med spørsmål

Ein bror og ei syster har fortald at dei har blitt valdtekne av både far, mor og storebror i familien gjennom fleire år. 

 Ane Hem / TV 2
LANG RETTSAK: Rettsaka i Hordaland tingrett tok heile hausten 2023. Heile hausten 2024 går med til ankesaka i Gulating lagmannsrett. Foto: Ane Hem / TV 2

Jenta seier ho også er valdteken av ein nabomann. Det tredje offeret i saka er nabomannen sin son.

I nesten tre dagar vart barnevernsleiaren pepra med spørsmål i retten.

Kan dei ha påverka barna under etterforskinga? 

Overreagerte barnevernet då dei tok dei ut av heimane sine? 

Var dei unøyaktige eller for bombastiske då dei informerte andre instansar om kva som kunne ha skjedd med barna?

Ho føler ikkje at verken ho eller andre barnevernstilsette har påverka dei tre fornærma barna sine forklaringar.

Barnevernsleiaren var mest oppteken av kritikken dei har fått frå Statsforvaltaren.

– Vi skal ikkje gjere ei sak større enn den er. Men vi var langt på overtid då vi tok det tredje barnet ut frå heimen sin i 2021. Vi erkjenner at det burde ha skjedd lenge før.

Slaktar samtalane barnevernet hadde med barna

Har store utfordringar

Barna bur i dag på ulike stader. Dei har store utfordringar på grunn av det dei har vorte utsett for, fortalde barnevernsleiaren til retten. 

Ho gjekk grundig gjennom barna sin psykiske og fysiske helsetilstand. Detaljar vi naturleg nok ikkje kan gjengi her.

Dei fire tiltalte nektar for at dei har forgripe seg på barna. I tillegg til å skulde på kvarandre, er altså hovudpoenget deira at barnevernet overreagerte då saka vart rulla opp frå hausten 2020. 

Nabomannen meiner sonen sin helsetilstand ikkje kjem av overgrep, men at barnevernet brått tok han ut av heimen hans.

 Robert Reinlund / TV 2
FORSVARET: Dei fire tiltalte har to forsvarar kvar med seg i Gulating lagmannsrett. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Dei tiltalte i den andre familien stolar ikkje på barnevernet og meiner dei har påverka barna deira til å forklara seg usant.

Barnevernsleiaren viste til at sonen til naboen skal ha sagt at han aldri vil treffe pappaen sin igjen. Dei andre barna ynskjer heller ikkje kontakt med foreldra sine igjen.

«Åtte år av livet øydelagd av vald og overgrep», skriv den yngste jenta i eit brev til tingretten då foreldra kravde foreldreretten tilbake i vår.

Fostermor: – Eg veit eg har tråkka i salaten

Skal gi barna trygge rammer

Barnevernslova skal sikre at barn og unge som lev under forhold som kan skade dei, får hjelp, omsorg og vern. 

Slik hamnar også etaten i ein kinkig posisjon, viss forholda barn lever under er straffbare. Som til dømes om det er mistanke om vald eller overgrep.

For då kjem politiet inn for å gjere etterforsking. Det er i dette krevjande landskapet at lagmannsretten skal prøve å finne svar i den alvorlege saka.

– Vi har våre eigne spor vi må følgja i våre undersøkingssaker. Der vi er uroa, ikkje berre for overgrep om politiet skulle legge vekk det, men for omsorgssituasjonen til barna. I denne saka har vi vore svært uroa, sa barnevernsleiaren.

Slik blei overgrepssakene i Ullensvang rulla opp

TV 2 har følgt rettssakene i både tingretten og lagmannsretten tett. Her får du ei oversikt over korleis heile sakskomplekset vart rulla opp.

Heile saka begynte med at barnevernet fekk fleire uromeldingar på nabomannen. Det var særleg omgangen hans med nabojenta fleire reagerte på.

Naboane reagerte – så begynte barna å fortelje

På grunn av faren hennar sin dom frå 2018, gjorde barnevernet vedtak på å ta ho ut av heimen.

Etter kvart byrja ho fortelje om kva nabomannen hadde utsett ho for. Ho fortalde at mannen mellom anna brukte sexleiketøy, som politiet fann hennar DNA på.

– Eg sparka han i magen fordi eg ikkje likte det

Nabomannen har også hatt fleire bilete av det nakne underlivet hennar lagra på telefonen. Han hevdar det er sonen som har tatt bileta og at han tok vare på dei for å irettesette han.

Så blei det oppdaga at naboen i 30-åra og jenta hadde mykje digital kontakt på chattetenesta Google Duo.

Sambuaren skal ha reagert melding: – Ho er ikkje her for å leike med deg aleine

For å undersøke det nærare, tok politiet beslag i telefonen til trebarnsfaren. Då fann politiet dei nye internettsøka hans på overgrepsmateriale.

Derfor blei også veslebroren henta ut av heimen sin. Kort tid etter begynte han å fortelje om overgrep frå far.

I tur og orden fortalde han og systera om overgrep frå mora og heilt slutt også storebroren. I tillegg til dei tilrettelagde avhøyr, er det gjort lydopptak med barna når dei er med barnevernstilsette.

TV 2 har hørt størsteparten av desse opptaka.

– Ein heil familie er knust og øydelagd for noko vi ikkje har gjort

20.mars 2024 vart faren dømd til 21 års forvaring, mora til 18 års fengsel, storebroren til 10 års fengsel og nabomannen til 12 års fengsel. Alle anka umiddelbart.

«Så massivt, grovt og alvorlig at det er vanskelig å sette ord på det»

«Noregsrekord i prating»

– Det har vore vanvitig med prating. Det er vel ingen som har snakka så mykje med barnevernet som mine barn, har den tiltalte trebarnsfaren i 50-åra sagt til lagmannsretten.

Sjølv har han prata mykje om barn. I fleire år var han «Blondpus» og chatta om barneovergrep med andre på nettet. Så onanerte han til overgrepsmaterialet han lasta ned i tusental.

Tingretten slo fast at han avslutta nettsurfinga med å valdta den yngste sonen sin i dusjen om morgonen, nærast som ein rutine.

Sakkunnige seier han er pedofil. Sjølv seier han at han ikkje tenner på barn

Samstundes forklarer han sædspor i senga til dottera med at han fleire gonger har onanert aleine også der. Gjerne med barnesokkane hennar tredd over penis «for å unngå søl».

– Legg du skulda over på barna dine?

– Skal ikkje lage ei sak større enn den er

Dommen hans frå 2018 er sentral for kritikken mot korleis barnevernet reagerte då den nye saka vart rulla opp frå hausten 2020.

Under etterforskinga av den første saka, var både barnevernet og sakkunnige uroa for at faren også utsette den yngste sonen for overgrep.

I tilrettelagd avhøyr den gongen fortalde han om dusjing, men aldri om overgrep. Då faren var ferdigsona før jul i 2019, flytta han raskt inn igjen i huset til den no medtiltalte sambuaren.

 Helge Birk Knudsen / TV 2
LANG STRAFF: Dette vart dommen mot dei tiltalte i Hordaland tingrett, som alle anka så og seie umiddelbart. Det er ikkje funne bevist at familien og nabomannen visste om kvarandre sine overgrep Foto: Helge Birk Knudsen / TV 2

Enno raskare var han med å på nytt søke etter overgrepsmateriale. Det er her Statsforvaltaren har vore særleg kritiske til barnevernet i Hardanger. Dei hadde ingen tiltak i familien gjennom 2019 og store delar av 2020.

– Retten kan ikkje utelukka at barnevernstenesta si handtering av saka var noko prega av at det ikkje blei sett i verk tiltak for å beskytte barna den gangen, kommenterte tingretten i sin dom i vår.

 Robert Reinlund / TV 2
GULATING LAGMANNSRETT: Synlege på bildet er to rettsbetjentar og fire forsvararar. Foto: Robert Reinlund / TV 2

– De tek barnas perspektiv, utan å problematisere det som blir fortald?, var eitt av fleire spørsmål om barnevernsarbeidet frå lagdommar Carl Petter Martinsen.

Han viste til dei mange lydopptaka med stadig grovare skildringar av overgrep frå dei to yngste barna i den eine familien.

– Vår rolle er å støtte dei og la dei snakka fritt. Vi må ta barna ut av heimen lenge nok til at dei kan og tør fortelje. Statsforvaltaren var nådelaus med oss der. Så kan det hende eg har gjort ting som er kritikkverdig.

Read Entire Article