Bærum-søstrene skal forklare seg for retten

1 month ago 24



«Alle» har høyrt historia om dei to søstrene frå Bærum som reiste til Syria. Der gifta dei seg med kvar sin framandkrigar og fekk born.

Tiltalt for å ha deltatt i terrororganisasjonen IS, skal den eldste søstera forklare seg i retten onsdag.

Ho har på seg brun hijab og skjelv i stemma når ho forklarar seg:

– Eg har ikkje hatt moglegheit til å forklare meg utan at eg fryktar for mitt liv, seier den eldste søstera til retten.

To søstre fra Bærum

Foto: Privat

Tårene sitt laust, fortel ho.

– Når de ser kva eg har gått gjennom, vil de sjå kvifor eg ikkje seier med skuldig i desse tiltalane.

Hevdar pressa satte dei i ein farleg situasjon

– Dette er ei sak om har vore offentleg i eit tiår. Ein har på mange måtar konkludert i det offentleg rom utan at dei har hatt moglegheit til å forklare seg, sa forsvarar Geir Lippestad tysdag.

Den eldste søstera fortel at den store merksemda frå pressa rundt dei i tida etter dei reiste og under tida i Syria sette dei i ein farleg situasjon som gjorde at dei måtte tråkka varsomt.

– Forstår de ikkje kva konsekvensar dette fekk for oss i IS sitt territoriet, spør søstera.

Ho seier IS-krigararne blei spesielt interessert i dei fordi det var så mykje merksemd rundt dei.

Blei meir opptatt av islam

Søstra fortel om korleis ho og familien kom til Noreg frå Somalia. Å integrere seg i Noreg var vanskeleg.

– Vi kjente raskt på forskjellen mellom det norske og somaliske. Spesielt når den nye kulturen krev av du legg frå deg alt du er.

Ho hevdar ho blei mobba fordi ho brukte hijab. Seinare blei ho medlem i organisasjonen Islam Net for å jobbe mot koranbrenning, og ville gjere ein forskjell i samfunnet.

I Islam Net blei ho meir religiøs. Det var mange unge muslimar som blei meir praktiserande på denne tida, fortel ho.

 Bærum-søstrene 16-9 u logo

Foto: GUNNAR BRATTHAMMER / NRK

– Eg endra meg. Maten, språket og korleis eg kledde meg. Det gikk alt for fort.

Ho fortel at miljøet i og rundt Islam net krav mykje av henne, og at ho heile tida måtte tilpasse seg.

– Islam ville heile tida ha meir. Jo meir eg fasta, jo meir eg dekka meg til, jo meir måtte eg gjere, fortel ho.

Tiltalt for rekruttering, deltaking og våpentrening

Påtalemakta meiner søstrene har utført fleire handlingar som er straffbar deltaking i IS:

  • Dei har begge gifta seg med ein framandkrigar
  • Den yngste søstera skal ha førebudd seg til å starta ein militær treningsleir for IS-kvinner.
  • Ho skal ha sverja truskap til IS og deltatt på shariakurs.
  • Begge søstrene skal ha forsøkt å fått andre norske kvinner til å knytte seg til IS.
  • Den eldste søstera skal ha deltatt på shariakurs, koranskule, og språkopplæring i IS, samt undervist i engelsk.
  • Den eldste skal ha «handtert hendingar og reaksjonar» mot kvinner som blei sett på som fiendar av IS, eller som ikkje støtta IS sin ideologi.
  • Søstrene nektar straffskuld.

Publisert 16.10.2024, kl. 10.03 Oppdatert 16.10.2024, kl. 10.30

Read Entire Article