Bærum-søster skal ha hatt jihadist som profilbilde: – Såg tøff ut

3 hours ago 1



Rettssaka mot to søstrene som er tiltalt for å ha deltatt i IS heldt fram fredag.

Etter at dei var ferdige med sine frie forklaringar, starta statsadvokaten utspørjinga av den eldste søstera.

Fleire elektroniske bevis frå tida før søstrene reiste til Syria blei lagt fram.

Rettssak to søstre

Rettssaka mot dei to søstrene frå Bærum starta denne veka.

Foto: Ane Hem / NTB

På nettbrettet hennar var det lasta ned bilde av maskingevær og illustrasjonar av krigarar med jihadist-flagg.

Statsadvokat Marit Formo seier at desse beslaga viser at formålet med reisa deira ikkje var tradisjonelt hjelpearbeid slik søstrene har forklart i retten.

– Vi meiner at denne dokumentasjonen viser at dei allereie ei god tid før reisa til Syria hadde eit ønske om å støtte jihadistane sin væpna kamp i Syria.

Oppfordra til terror i USA

Søstrene reiste til Syria i oktober 2013. Den eldste søstera forklarte denne veka at dei planlagde reisa i eitt år. Når dei først bestemte seg, tok det ei veke før dei var i Syria.

I januar same året gjorde den eldste av dei fleire søk på jihad-tematikk mellom anna på Youtube, ifølge påtalemakta.

Statsadvokaten viste fram eit bokmerke den eldste søstera hadde lagra på nettlesaren sin. Det var ein brukarmanual meint for framandkrigarar. «A must read» for muslimar i Vesten står det.

SKJERMBILDE FRÅ IS-PROPAGANDA.

Dette er ein skjermdump av brukarmanualen frå Al Qaida.

Foto: PRIVAT

I manualen står det forklart korleis leveforholda er under jihad, og korleis ein bør oppføre seg der.

– Eg var interessert i korleis livet til Mojaheddin var og korleis folk tenkte. Ikkje at eg nødvendigvis var interessert i innhaldet.

Noko av det som står skriven i brukarmanualen, er at dei oppfordrar til å straffe USA «i deira eigen bakgard».

Ei direkte oppfordring til terroråtak i USA, spør aktor.

– Eg er ikkje overraska. Det var jo det dei gjorde. Men eg er ikkje einig på nokon måte, svara søstera.

Han ikkje huske det

Aktor viste fram det dei meiner er eit profilbilde frå Skype-kontoen til den terrortiltalte søstera. Bilde blei lasta opp tidleg i januar i 2013.

– Eg kan ikkje huske at eg brukte det. Men eg skal ikkje nekte for, sa 30-åringen på spørsmål om at dette var profilbilde hennar.

Profilbilde Skype, lagt frem i Oslo tingrett

Dette var bilde som påtalemakta meiner den eldste søstera hadde på Skype-kontoen sin.

Foto: PST

– Kva var grunnen til at du valte eit slikt bilde, spør aktor.

– Eg går ut ifrå at eg syntest han såg tøff ut:

– Eg såg ofte slike bilde. Eg føler ikkje at det var noko spesielt ved å ha det som profilbilde, sa søstera.

Lasta ned jihadist-flagg

I mai 2013, eit halvår før dei forlét Bærum, blei det svarte og kvite flagget som har blitt brukt av jihadist-grupper, lasta ned på nettbrettet hennar. Det fekk ho også spørsmål om i retten fredag.

– Dette er IS-flagget, ikkje sant, spurte statsadvokat Marit Formo.

– Dette er først og fremst flagget til profeten Muhammed, fred vere med han, svare søstera og heldt fram:

– Det er veldig trist at andre grupper har tatt over det flagget, når det originalt tilhøyrer noko heilt anna.

  • Nedlastet bilde, 15.01.13

    Dette bilde blei lasta ned på ipaden til den eldste bærum-søstera i januar 2013.

  • Nedlastet bilde, lagt frem i Oslo tingrett

    Dette bilde blei lasta ned på Ipaden til den eldste bærum-søstera i januar 2013.

  • Nedlastet bilde 13.01.23

    Dette bilde blei lasta ned på Ipaden til den eldste bærum-søstera i januar 2013.

Er det du som har lasta ned desse bilda, spurte aktor.

Det kan det godt vere, dersom det er på min iPad.

– Kvifor lasta du det ned?

Eg veit ikkje, svara ho.

Berre eit lite utsnitt av søkehistorikk

I utspørjinga frå aktor blei søstera utfordra på at mykje av søkehistorikken var knytt til jihad, heilag krig og jihadistisk symbolikk.

Søstrene sjølv har i løpet av rettssaka argumentert for at dei ønska å drive hjelpearbeid der i Syria, og at dette var motivasjonen til å reise ned dit i 2013.

– Kan du forklare kvifor det er slike ting som desse bilda og handmanualen ein finn, men ingenting om hjelpearbeid, spurte aktor.

Søstera svare då at påtalemakta ikkje har undersøkt mobilen hennar og at ho brukte denne til mykje anna.

Bærum

Geir Lippestad forsvarar den eldste søstera.

Foto: Hedda Regine Torillsdotter Kurseth / NRK

– Dette er eit lite utsnitt av det ho søkte på. Det er mange søk på naudhjelp og korleis ein kan hjelpe folk i krise, så eg reagerte då aktor påstod at det ikkje var spor av det, seier forsvarar Geir Lippestad.

Mykje av beslaga som blei presentert for henne, kunne ho ikkje huske, fortel ho til retten.

– Eg syns det er påfallande at det er veldig mange ting ho huskar veldig detaljert, men desse tinga som er såpass spesielle, har ho ingen hukommelse rundt, seier Formo til NRK.

Bærum

Statsadvokat Marit Formo fører saka mot dei to søstrene. Fredag starta ho utspørjinga av den eldste søstera.

Foto: Hedda Kurseth / NRK

Det syns ikkje Lippestad er like rart.

– Klienten din har gitt ei detaljert fri forklaring. No var det mykje ho ikkje huska. Kva tenker du om det?

– Eg huskar ikkje kva eg skreiv på Facebook i 2013, så eg syns ikkje det er veldig rart. I si frie forklaring har dei gitt ei overordna forklaring på kva dei har gjort i Syria og opplevd. Det er to forskjellige ting, seier han.

Utspørjing av begge dei tiltalte skal halde fram i neste veke. Dei nektar begge straffskuld.

Publisert 18.10.2024, kl. 18.57

Read Entire Article