– Vi gir oss ikkje! Vi gir oss ikkje!
Ropa runga ut over plassen framfor den israelske nasjonalforsamlinga.
Der hadde både arabiske og jødiske israelarar møtt opp for å vise støtte til ein av regjeringas argaste kritikarar.
Inne i Knesset sat ein komité som skulle stemme over Ayman Odehs politiske skjebne.
Ayman Odeh skal stillast for riksrett i Israel etter å ha vist støtte til Palestina.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKI januar skreiv han nemleg eit innlegg på sosiale medium der han uttrykte glede over at palestinske fangar og israelske gislar var blitt slopne fri som del av ein avtale mellom Israel og Hamas.
– Neste steg er å frigjere begge folka frå okkupasjonens byrder. Vi blei alle fødde frie, avslutta han innlegget med.
Det var eit uttrykk for støtte til terrorisme, meinte Likud-politikaren Avihai Boaron, som bad om riksrett.
Forslaget gjekk gjennom i komiteen som møttest måndag ettermiddag. Dimed skal Odeh bli stilt for riksrett for meiningane sine.
– Utnyttar krigen
Den israelske regjeringa blir omtala som den mest ytterleggåande nokosinne.
På den andre sida finn vi Odeh, som fleire gongar tidlegare har tatt til orde for å avslutte krigføringa på Gazastripa og å bygge ein palestinsk stat ved sidan av den jødiske.
– Dei er løgnarar, rasistar og okkupantar, sa Odeh om sine kollegaar.
I mai i år blei han fjerna frå talarstolen i Knesset då han kritiserte regjeringas forlenging av krigen i Gaza, noko han hevdar dei gjer for eiga politisk vinning.
Ayman Odeh, medlem av det arabisk-jødiske partiet Hadash, blei fjerna frå talarstolen i det israelske parlamentet etter å ha kritisert Israels krig mot Gaza og dei aukande dødstala.
Dei som ønsker å dømme han, støttar det han ser som eit pågåande folkemord på palestinarane i Gaza, fortel han til NRK.
– Dei utnyttar denne krigen for å avgrense vår demokratiske fridom, forfølge og frårøve oss legitimiteten vår, sa han.
Talsperson for Israels regjering, David Mencer, har ikkje svart på NRKs førespurnader.
Ayman Odeh talte til støttespelarar som hadde møtt opp utanfor Knesset.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKKunne aldri stemt på han
Demonstrantane som møtte opp utanfor Knesset, protesterte også mot den nye terrorlova som gjer det mogleg å stille Odeh for riksrett.
Ifølge det som svarar til Israels grunnlov, kan ein politikar nemleg bli utvist frå Knesset for å vise støtte til «væpna kamp mot staten Israel», om 90 av 120 stemmer for.
Israelske Fabio Dani Danieli var blant demonstrantane.
Han kunne aldri stemt på Odehs parti, det venstreorienterte arabisk-jødiske Hadash-partiet, fortalde han.
Men han meiner at utestenging av ein politikar er eit steg i ei fascistisk retning.
– Denne regjeringskoalisjonen består av folk som har sagt grufulle ting om kva dei vil gjere mot folka i Gaza og støttar jødisk terror på Vestbreidda. Det er absurd at dei støttar det dei kallar ein rettsleg revolusjon i Israel og angrip Odeh for å seie noko som etter mi meining er heilt legitimt, sa han til NRK.
Både israelske og arabiske demonstrantar møtte opp utanfor Knesset for å vise støtte til Ayman Odeh.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKFleire utviste
Sjølve komitémøtet var ampert, og fleire av Odehs støttespelarar skal ha blitt viste ut frå rommet, ifølge avisa Haaretz.
Knessets juridiske rådgivar, Sagit Afik, sa at ho tvilte på det juridiske grunnlaget for å kalle Odehs innlegg på sosiale medium for ei støtteerklæring til terror.
Også riksadvokat Avital Sompolinsky uttrykte tvil rundt dette.
– Vi er ikkje bundne av juridiske meiningar, og kan gå vidare som om råda dykkar er ukorrekte, svarte politikaren Simcha Rothman.
Og til slutt stemte altså 14 for å stille Odeh for riksrett, og to imot.
Publisert 01.07.2025, kl. 14.55