Avgjernade møte i Trondheim Ap seier Giske at han stiller til Stortinget

1 month ago 22



– Eg stiller til Stortinget.

Det seier Trond Giske til NRK i forkant av kveldens møte i representantskapet i Trondheim Arbeidarparti.

– Det er veldig lite plass i møtelokalet. Det er knapt nok plass til medlemmane.

Det seier leiar i Trondheim Ap, Pål Sture Nilsen, på veg til kveldens møte

– Det andre som er viktig for meg er at det med media til stades vil avgrense mogelegheitene deira for å seie fritt det dei meiner frå talarstolen.

– Men er det hemmeleg?

– Det er ikkje hemmeleg, legg Sture til som seier resultatet vil bli klart med ein gong møtet er ferdig.

På årsmøtet i Trondheim Ap i februar kom interne konfliktar og personstrid fram på talarstolen.

Og uroa internt partiet har ikkje lagt seg forklarar politisk redaktør i Adresseavisen, Siv Sandvik, til NRK.

– Oppkøyringa til dette møtet viser at Trondheim Ap ikkje er eit samla parti. Splittingane me såg under det opprivande årsmøtet i februar, riv framleis i partiet.

Splitta parti

Eit mindretal i styret i Trondheim Ap har kome med eit forslag til vedtak før kveldens møte. Men på lista over kandidatar til Stortinget står ikkje Trond Giske.

På lista står derimot Karianne Tung, Kirsti Leirtrø, Sara Shafighi, Per Olav Skurdal Hopsø og ein kandidat frå AUF.

Publisert 15.08.2024, kl. 17.04 Oppdatert 15.08.2024, kl. 17.29

Read Entire Article