– Aukar sjansane for kvit jul

6 hours ago 2



Det kan bli ein kald, tørr og lang vinter i fleire delar av landet, viss eit spesielt vêrfenomen slår til.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
KVIT JUL: Sjølv om du kan få denne utsikta i år, så er det ikkje sikkert du får det i framtida. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 29.10.2025 23:51

Har du høyrt om brå stratosfærisk oppvarming? Det kan nemleg gi deg ein kvit jul i år.

Kvart år er det fleire born som håpar på å kunne boltre seg i snøen – og vaksne som kvir seg for alt trøbbelet med kollektivtransport og måking.

I fjor var det ein mild vinter i Sør-Noreg, men i år spår meteorologane at det kan bli annleis.

Det var Bergens Tidende som melde saka fyrst. 

– Vil særleg råke Sør-Noreg

I stratosfæren er det store vindar gjennom heile vinteren. Dei førar med seg lågtrykk frå havet, som førar til eit mildt vinterklima langs kysten.

Men av og til flyttar vindane seg vekk, eller blir svekka. Då sluttar dei å føre med seg lågtrykk, som gjer oss ei anna vêrtype enn det som er normalt.

Det kan skje denne vinteren.

– Vi får ein vêrtype som passar betre for klimaet vårt, forklarar Eirik Kolstad. 

Han er forskar hos NORCE Klima, og tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking.

 Ivar Lid Riise / TV 2
VINTERSPÅDOM: Eirik Kolstad seier det kan bli ein lang vinter i år. Foto: Ivar Lid Riise / TV 2

Han meiner vintrane i sør er ganske milde, relativt til kor langt nord dei faktisk er.

– Det er jo eigentleg for mildt i forhold til breiddegraden. Vi ligg ganske langt nord, sjølv i Sør-Noreg.

Om vinden endrar seg, slik det kan sjå ut som, vil vinteren bli både kaldare og tørrare. Og han vil vare lengre enn vanleg.

Han understrekar at dette ikkje er garantert – men det er sannsynleg. Det er òg for tidleg å kunne seie når dette vil starte.

– Dette vil truleg påverke heile landet vårt, med unntak av lengst i nord. Men det vil særleg råke Sør-Noreg.

Kan bli meir snø i fjellet

Vakthavande meteorolog hos Storm Geo, Isak Slettebø, seier me ikkje kan spå dette med sikkerheit. Han seier det fenomenet kan vere «litt overdrive». Men han presiserer:

– Det ser kanskje litt meir lovande ut no enn det gjorde for eit år sidan. 

 Alpinco
SKIVÊR: Det er mogleg det blir bra snødekke på fjellet. Foto: Alpinco

Han fortel det kan kanskje bli litt meir snø i fjellet, og litt fleire veker som minner om «skikkeleg vinter».

– Men å si at heile vinteren kjem til å bli tørr og kald, er det ingen som trur.

Han meiner vinteren ligg for langt fram i tid å kunne stadfeste. Vêrvarslingane kan endre seg innan då.

– Men me kan seie at sjansen kanskje er litt større no enn det var før.

Om me får ein slik vinter blir det ein gladnyheit for mange – særleg sidan vintrane kan endre seg i tida framover.

Vil bli mildare framover

Ein ny klimarapport avslørte nyleg at vintrane i Noreg kjem til å bli mildare.

Stor klimarapport: Dobbel vasskrise med tørke og flaum – Norge er ikkje forberedt

Men det betyr ikkje at vintrane forsvinn. Dei vil berre endre seg.

– Klimaendringar funkar på den måten at det endrar gjennomsnittet. Når det er varmt så blir det varmare enn det var før. Og når det er kaldt, så blir det og varmare enn før, seier Kolstad.

Dei endrar ikkje sjølve naturen til været. Stratosfæriske oppvarmingar vil altså halde fram, berre i mildare format.

– Noreg har sove i timen

Men sjølv om det framleis er håp for snødekte landskap i framtida så er det ingen grunn til å kimse av rapporten. Dette er nemleg ikkje fyrste gong Noreg får kritikk for korleis me tilpassar oss klima. 

– Riksrevisjonen hadde ein gjennomgang av klimatilpassinga for nokre år sida, og dei konkluderte med at vi ligg veldig langt bak.

Han legg til:

– Noreg har nok sove litt i timen når det gjeld å tenke klimatilpassing. Det er det ikkje nokon tvil om.

Samstundes kan ikkje heile landet bli klimatilpassa.

– Om me skulle ha klimatilpassa Noreg slik at ingen hus har utsett for flaum eller skred, så ville vi jo gått konkurs før vi var eitt prosent på vegen. Vi må vere smarte i korleis me gjer klimatilpassinga.

Read Entire Article