Måndag bestemte Trøndelag tingrett at Bye skal få sitte i varetekt heime i staden for i fengselet.
Påtalemakta anka avgjersla, men lagmannsretten forkasta anken.
– Me meiner det er ei riktig avgjersle, seier Bye sin forsvarar Frode Wisth til NRK.
Forsvararen opplyser om at det av ein einstemmig lagmannsrett for deira syn.
Altså, får Bye sitte i varetekt heime med fotlenke.
Påtalemakta har varsla at dei vil vurdere å anke avgjerda til Høgsterett.
– Me vil vurdere grunnlaget for anke innan den fristen lagmannsretten har sett til i morgon klokka 13, opplyser aktor Ole Andreas Aftret til NRK.
Bye får ikkje reise heim med fotlenke før Høgsterett også er einig i avgjerda eller forkastar den eventuelle anken.
Fleire fornærma uttrykker frykt
Totalt 94 kvinner hadde status som fornærma i saka mot Bye. I tillegg har minst 19 andre kvinner har meldt Bye til politiet.
Tove Røddesnes er bistandsadvokat for fleire av dei fornærma kvinnene.
– Dei er skuffa over avgjerda og mange er bekymra for kva kontakt han kan ha med andre, seier Røddesnes til NRK.
Tove Røddesnes er bistandsadvokat for fleire av dei fornærma kvinnene.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKI tillegg skal fleire av dei fornærma ha uttrykt at dei er bekymra for at det finst meir bevis, gøymd i huset.
– Det er fleire av dei som uttrykker frykt, legg ho til.
I mars ransaka politiet huset til Bye for fjerde gong, med mål om å «nullstille huset».
– Me ønsker å «nullstille huset». Altså å vere sikker på at det ikkje er noko me går glipp av, sa Aftret den gongen.
Etter ransakinga fann politiet fleire videoar frå legekontoret og det alternative utstyret Bye skal ha brukt då han valdtok pasientane sine.
– Det er noko med at det er ei såpass alvorleg sak. Eg tenker det skal vere ei heilskapleg vurdering og at ein kan vere forsiktig i ei sånn type sak, seier Røddesnes om at Bye no kan få sitte i varetekt heime med fotlenke.
Varetekt med fotlenke
Frå 15. august i år kan varetektsfengsling gjennomførast med fotlenke, såkalla elektronisk kontroll.
Det betyr at ein i staden for å sitte i varetekt i fengselet, kan gjere dette heime med fotlenke.
Kriminalomsorgen konkluderte med at Bye er eigna for å sitte i denne typen varetekt.
Sidan lovverket er så nytt, er det få personar i Noreg som sit i varetekt heime med fotlenke.
Den 15 år gamle guten som er sikta etter bussbrannen i Nordre Follo er ein av dei første her i landet som sit i varetekt på denne måten.
Han gjennomfører no varetekt med elektronisk kontroll på ein institusjon.
I varetekt på grunn av allmenta si rettsfølelse
Påtalemakta meiner Bye må sitte i varetekt i fengselet på grunn av omsyn til allmenta si rettsfølelse.
Arne Bye og forsvararane ønsker derimot at han skal få mogelegheit til å førebu seg til ei mogeleg ankesak heime, i staden for i fengselet.
Forsvararane vil at Bye skal bli lauslaten, alternativt at han får gjennomføre varetekt med fotlenke heime.
I tillegg meiner Bye at sikkerheita hans ikkje blir ivaretatt i fengselet.
Men dette meiner aktor ikkje stemmer og at Bye argumenterer slik for å sleppe ut av fengselet.
– Dette ser påtalemakta som eit uttrykk for at han ikkje ønsker å vere der han er, sa aktor Ole Andreas Aftret i retten torsdag.
Lovendring kan gje Bye lågare straff
6. juni blei den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta dømt til 21 år i fengsel i Trøndelag tingrett.
Han blei funnen skyldig i mellom anna 70 tilfelle av valdtekt.
Bye anka dommen og vil ha ei ny vurdering av om kvinnene var i stand til å motsette seg det han gjorde med dei på legekontoret.
1. juli gjorde endringar i straffelova at ein av paragrafane Bye er blitt dømt for, ikkje lenger finst.
Påtalemakta ber lagmannsretten om å behandle spørsmålet om straffeutmåling.
Dersom lagmannsretten gjer dette, vil den nye strafferamma vere 16 år.
Dersom lagmannsretten også vil behandle spørsmålet om Bye er skuldig eller ikkje, vil påtalemakta vurdere om nokre av tiltalepunkta kan bli ramma av paragrafen om grov valdtekt.
Dersom det skjer, vil det gje ei strafferamme på 21 år.
Det er enno ikkje klart om lagmannsretten tar saka eller ikkje.
Dersom anken blir behandla vil saka starte 27. oktober.
Publisert 10.09.2025, kl. 15.11 Oppdatert 10.09.2025, kl. 15.58