Ankar til Høgsterett: Vil stoppe Arne Bye frå å kome heim

4 days ago 2



Måndag blei det klart at Trøndelag tingrett meiner den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta kan sitte i varetekt heime.

Onsdag sa også Frostating lagmannsrett seg einig i dette.

Påtalemakta meiner derimot at Bye framleis må sitte i fengsel. No ankar dei avgjerda til Høgsterett.

– Anken rettar seg mot lagmannsretten si tolking av lova og den grunngjevinga som er gjeven, seier politiadvokat Ole Andreas Aftret i Trøndelag politidistrikt.

Påtalemakta deler ikkje lagmannsretten si tolking av lova og meiner det har ført til ei uriktig avgjersle, legg han til.

Arne Bye må sitte i varetekt i fengsel fram til saka er endeleg avgjort i rettssystemet.

Ny lov gjer at Bye kan kome heim

Ei lovendring frå 15. august i år opnar for at varetektsfengsling no kan bli gjennomført med såkalla «elektronisk kontroll».

Det betyr at ein i staden for å sitte i varetekt i fengsel, kan gjere dette heime med fotlenke.

Sidan lovverket er så nytt, er det få personar i Noreg som sit i varetekt heime med fotlenke.

Arne Bye, kommuneoverlege i Frosta. Han står utendørs, foran kommunehuset, iført blå jakke.

Arne Bye blei dømt til 21 år i fengsel av Trøndelag tingrett. Han har anka saka og sit derfor i varetekt.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

15-åringen som er sikta etter bussbrannen i Nordre Follo er ein av dei første som sit varetektsfengsla på denne måten.

Han gjennomfører no varetekt med elektronisk kontroll på ein institusjon.

I varetekt på grunn av allmenta si rettsfølelse

Påtalemakta meiner Bye må sitte i varetekt i fengsel av omsyn til allmenta si rettsfølelse.

Tingretten og lagmannsretten konkluderer derimot med at det ikkje vil støyte allmenta si rettsfølelse at Bye sit i varetekt med fotlenke heime.

Dersom Bye får kome heim vil han berre kunne opphalde seg inne i bustaden sin, i tillegg til nokre kvadratmeter ute på ein veranda.

Beveger han seg utanfor dette området vil ein alarm gå. Han må også sørge for å lade fotlenka sjølv.

Rettstegning av Arne Bye

Rettssaka mot Bye gjekk i tingretten frå starten av november til februar.

Foto: Ane Hem/NTB

Bye risikerer å bli ført tilbake til fengselet dersom han bryt nokre av vilkåra for å sitte i varetekt heime.

Lagmannsretten peiker i si avgjerd på at det er forskjell på å sone ein straff og å sitte i varetekt:

Ikkje einig med retten si vurdering

Påtalemakta er ikkje eining med vurderinga gjort av verken lagmannsretten eller tingretten i saka.

Aftret påpeiker at lova som opnar opp for at ein kan sitte i varetekt heime er heilt ny.

– Denne saka er første gong ein vurderer ei slik gjennomføring i ei sak der føremålet med varetektsfengslinga er å ivareta allmenta si rettsfølelse.

Difor meiner politiadvokaten at tingretten og lagmannsretten har hatt avgrensa rettleiing frå rettspraksis i dei vurderingane som er gjort.

– Derfor er det viktig å få ei avklaring av spørsmålet frå Høgsterett i denne saka, seier Aftret.

Politiadvokat Ole Andreas Aftret utenfor sentrum politistasjon i Trondheim.

Politiadvokat Ole Andreas Aftret er aktor i saka.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Førebur seg til ankesak

Bye sine forsvararar meiner Bye må kunne sitte i varetekt heime fordi tryggleiken hans ikkje er ivaretatt i fengsel.

Den tidlegare kommuneoverlegen har blitt utsett for ei valdshending og held seg unna andre innsette i fengsel.

Dei peiker også på at Bye har anka dommen frå tingretten og må førebu forsvaret sitt til ei eventuell ankesak i Frostating lagmannsrett.

Lagmannsretten er einig i at det vil vere enklare for Bye å førebu seg heime.

Legekontoret i Frosta kommune. Man ser toppen av inngangspartiet der det står "Legekontor". En fugl flyr over inngangspartiet.

Tingretten fann Arne Bye skuldig i 70 tilfelle av valdtekt av sine tidlegare pasientar.

Foto: Vegard T. Blakstad / NRK

Fleire av dei fornærma har reagert med frykt og sjokk over at Bye potensielt kan få sitte i varetekt heime, ifølge bistandsadvokat Tove Røddesnes til NRK.

– Det er noko med at det er ei såpass alvorleg sak. Eg tenker det skal vere ei heilskapleg vurdering og at ein kan vere forsiktig i ei sånn type sak, seier Røddesnes.

Kan få lågare straff

Trøndelag tingrett fann Bye skuldig i 70 tilfelle av valdtekt. 6. juni blei han dømt til 21 år i fengsel.

Bye har anka dommen og vil ha ei ny vurdering av om kvinnene var i stand til å motsette seg det han gjorde med dei på legekontoret.

1. juli gjorde endringar i straffelova at ein av paragrafane Bye er blitt dømt for, ikkje lenger finst.

Det betyr at Bye kan få lågare straff enn dei 21 åra han blei dømt til.

Aktorene i Frosta-saken Rikhard Haugen Lyng og Eli Reberg Nessimo sitter ved benken i rettssalen og snakker sammen. Vi ser ansiktet til dem begge. Haugen Lyng virker konsentrert og lytter til det Nessimo sier. I bakgrunnen ser vi koordinerende bistandsadvokat Ingunn Kjeldstad, Hun er ikke en del av samtalen.

Statsadvokatane Rikhard Haugen Lyng og Eli Nessimo førte saka mot Bye i tingretten.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Påtalemakta ber lagmannsretten om å behandle spørsmålet om straffeutmåling.

Dersom lagmannsretten gjer dette, vil den nye strafferamma vere 16 år.

Dersom lagmannsretten også vil behandle spørsmålet om Bye er skuldig eller ikkje, vil påtalemakta vurdere om nokre av tiltalepunkta kan bli ramma av paragrafen om grov valdtekt.

Om det er tilfelle, vil det gi ei strafferamme på 21 år.

Publisert 11.09.2025, kl. 14.30 Oppdatert 11.09.2025, kl. 14.48

Read Entire Article