Anastasiia (18) måtte vente i eitt år før ho kunne starte livet i Noreg – fordi ho er ungdom

2 weeks ago 18



Foreldra fekk plass på norskkurs.

Veslesøstera var raskt i gang med undervisninga i grunnskulen.

Men Anastasiia Kolisnyk var mellom 16 og 18 år. Og då var det ikkje kommunen som hadde ansvaret lenger.

– Det er så viktig å byrje på skulen. Både for integreringa i samfunnet og for vidare studiar, seier 18-åringen.

I august i fjor kom ho til Noreg.

I august i år byrja ho i inntaksklasse på Karmsund vidaregåande skule i Haugesund.

I mellomtida hadde ho prøvd å lære seg norsk på språkkafé og slått følge med foreldra på norskkurset dei fekk tilbod om i kommunen.

Og ho er ikkje den einaste som har venta på å starte livet i Noreg.

Aya Ramzi Agha (17) frå Syria.

Aya Ramzi Agha (17) frå Syria venta i sju månader før ho fekk byrje i mottaksklasse på ein vidaregåande skule i Haugesund.

– Det var vondt for meg å sjå mamma og broren min gå på skulen. Medan eg måtte vere heime.

Artur Ruolyk (17) frå Ukraina

Artur Rudyk (17) frå Ukraina kom til Noreg i august i fjor. Seks månader seinare fekk han byrje på skulen.

– I byrjinga var eg ikkje så bekymra, men etter kvart kjente eg på ei uro.

For det er eit skilje mellom dei som har rett til opplæring i kommunen og dei fylkeskommunen har ansvaret for.

Dette skiljet kom med ny Integreringslov 1. januar 2021.

Før endringa hadde kommunen ansvaret for norsk- og samfunnskunnskap-opplæring for dei frå 16 år og oppover. Men nå må ungdommar som skal gå på vidaregåande, forhalde seg til det årlege opptaket i fylkeskommunen.

Kjem dei til Noreg på hausten, kan dei risikere å vente til året etter.

Fleire er bekymra.

Prisgitt kor ein bur

– Det undrar meg at det ikkje er politikarar som krev at desse ungdommane skal få ein vanleg skulegang, seier Ida Enebakk de Santillana, rådgjevar på integreringsfeltet i Rogaland fylkeskommune.

Ida Enebakk de Santillana

Rådgjevar i Rogaland fylkeskommune, Ida Enebakk de Santillana.

Foto: Privat

Noreg har ikkje eit godt nok system for å ta vare på ungdommar frå andre land som skal byrje i vidaregåande skule, meiner ho.

– Det er eit hol i lovverket som gjer at mange har rett til å byrje på vidaregåande, men samtidig har ikkje fylkeskommunane plikt til å ta dei inn utanom det vanlege opptaket, seier ho.

Ungdommane det gjeld, kjem til Noreg som ungar av arbeidsinnvandrarar. Fordi foreldra har gifta seg med nokon frå Noreg. Eller fordi dei har flukta frå krig.

– Dei er heilt nye i Noreg. Dei har ikkje nettverk, og dei treng å komme inn i eit miljø kor dei kan bli kjent med andre ungdommar, seier ho.

Enebakk de Santillana påpeiker at mange fylkeskommunar og kommunar strekker seg langt for å gi eit tilbod.

Men ein er ofte prisgitt at det er plass og at midla strekker til.

Dette bekreftar seksjonsleiar i Rogaland fylkeskommune, Helge Eide.

Helge Eide

Kor utfordrande er det for fylkeskommunen å gi eit raskt tilbod til desse elevane?

– I tråd med flyktningstraumen frå Ukraina, har vi bygd opp ein god rigg av innføringsklassar fordelt rundt i heile fylket. Sjølv om søknadsfristen er 1. februar, praktiserer vi fleire inntak i løpet av skuleåret, nettopp fordi søkarane skal sleppe å vente unødig lenge.

Helge Eide, seksjonsleiar for dimensjonering og inntak i opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune

Kor godt opplever de at det nye lovverket tar vare på ungdom mellom 16 og 18 år?

– Eg tenker det er for tidleg å konkludere eller meine noko om dette.

Kor trykker skoen og kva meiner du bør endrast?

– Eg er usikker på om det følger med nok ressursar til å sikre ei god nok oppfølging av minoritetsspråklege søkarar.

Ei bekymring over tid

Ingen veit kor mange ungdommar som må vente.

– Problemet er landsdekkande. Men det er vanskeleg å måle omfang, seier Benedicte Barkvoll i IMDi.

Benedicte Barkvoll

Benedicte Barkvoll, avdelingsdirektør for analyse og mangfald i IMDi.

Foto: IMDI

Kommunar og fylkeskommunar meiner ansvarsforhold og regelverk for rett til opplæring for desse ikkje er tydeleg nok, ifølge ein rapport IMDi la fram tidlegare i år.

– Rapporten beskriv ei bekymring vi har hatt over tid; at ein del ungdommar som er nye i Noreg må vente ganske lenge, seier Barkvoll.

Ho seier lovendringa moglegvis har ført til ei større forvirring blant fylkeskommunar og kommunar.

Og då blir ungdommane den lidande parten.

– Det er urovekkande. Vi veit at dei treng opplæring og aktivitet i lag med jamaldringar. Ikkje minst for å sikre god psykisk helse og for å unngå å miste verdifull tid i utdanningsløpet, seier ho.

IMDi og Utdanningsdirektoratet jobbar nå med korleis regelverket og lovtekstane kan bli tydlegare og meir forståelege.

Eit budsjettspørsmål

KS har på vegner av fylkeskommunane tatt opp problemet med regjering og Storting fleire gonger, seier Kristin Holm Jensen.

Ho er avdelingsdirektør for oppvekst, kultur og utdanning.

– Fylkeskommunane legg ned ein stor innsats for å få dette til, men kapasiteten byrjar å bli full. Dei treng meir ressursar for å gi fleire eit tilbod, seier Jensen.

En mann med dress og briller ser inn i kameraet og smiler. Han står foran en helt nøytral, brun trevegg.

Statssekretær Sindre Lysø (Ap).

Foto: Jens Driveklepp

– Dette er noko vi må komme tilbake til når statsbudsjettet blir lagt fram i oktober, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet Sindre Lysø (Ap).

Han legg til at kommunane og fylkeskommunane i 2024 har fått auka sine frie inntekter med 6,4 milliardar kroner.

Heile svaret kan du lese til slutt i artikkelen.

Kjeveortopedi er framtidsdraumen

Anastasiia, Artur og Aya trivst godt på skulen. Alle tre går i innføringsklasse på Karmsund vidaregåande skule.

Dei er tydelege på kor viktig det er at ungdom som kjem til Noreg må raskt i gang med opplæring.

Artur Ruolyk

Artur Rudyk prøvde å lære litt norsk av pappa som gjekk på norskkurs, men det var vanskeleg, smiler han.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– For min del var det viktig slik at eg kunne få venner. Skulen gir også motivasjon og utvikling, seier Artur.

Aya smiler når ho snakkar om skulemiljøet og faga ho tar.

Og Anastasiia har lagt framtidsplanar.

– Eg skal byrje på helsefag og etter kvart vil eg studere til å bli kjeveortoped, seier ho.

Anastasiia Kolisnyk

Anastasiia Kolisnyk har framtidsplanane klare.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre ting eg burde sjekke ut? Send meg gjerne ein epost! 

Publisert 16.09.2024, kl. 05.18

Read Entire Article