All mogleg grunn å gå Å Energi nærare i saumane

3 weeks ago 20



I november 2022 vart Agder Energi og Glitre fusjonert. Selskapet fekk namnet Å Energi.

Foto: Jacob J. Buchard

Det vart hevda at fusjonen var avgjerande for å vidareutvikle kjerneverksemda, auke lønsemda, trygge arbeidsplassane og sikre kommunanes eigarkontroll over kraftressursane. Det vart lova at ingen tilsette skulle miste jobben eller at arbeidsplassar vart flutt på grunn av fusjonen. Den desentraliserte strukturen skulle vidareførast.

Mange kommunar og politikarar var likevel kritiske. Fleirtalet i kommunestyret i Valle kommune ynskte ikkje ein fusjon. Gjennomgongstona var at stort ikkje nødvendigvis vart betre og at ein frykta at eigarkommunane i Agder skulle miste kontroll.

No, snart to år etter fusjonen, vil Å Energi sjå på organiseringa av driftssentralane. Målet er å effektivisere. Dette skapar sjølvsagt uro. I Setesdal fryktar me for driftssentralen på Brokke - med arbeidsplassar og kompetanse som er viktig for heile regionen. Den største produksjonen i Å Energi ligg i det gamle Agder Energi-området og ein kan ikkje sjå at det er rasjonelle argument for endring, nedskalering eller flytting.

Å Energi si tilnærming til driftssentralane står i kontrast til fusjons-lovnadane. Det gjer at det er all mogleg grunn å gå Å Energi nærare i saumane òg på andre område. Eit samla formannskap i Valle kommune stilte seg bak mitt framlegg med fylgjande spørsmål til leiinga i selskapet:

Har fusjonen gitt den effekten og dei resultata ein ynskjer?

Kva er målsettinga for verksemda framover jf. dei behovasom låg til grunn for fusjonen?

Korleis ligg det an med lønsnivå og nye tilsettingar etter fusjonen?

Er det oppretta fleire stillingar i form av ulike støttefunksjonar?

Kjerneverksemda til Å Energi er nett og vasskraft. Kor mykje er investert i verksemder og prosjekt som ligg utanfor selskapets kjerneverksemd?

Dette er høgst relevante spørsmål for eigarkommunane. Selskapet forvaltar tross alt våre innbyggjarars verdiar.

Read Entire Article