– Inntrykket er at mishandlinga blir verre frå år til år. Denne sommaren har det vore ekstra ille og ei rekke saker er meldt til politiet. Det er fleire tilfelle som er heilt grufulle, seier Rolness.
Dyrevernaren blir lei seg når ho nemner tilfella av vald og mishandling mot måker over heile Noreg som ho har høyrd om.
Denne sommaren kan ho vise til eksempel frå fleire norske byar. Nokre av tilfella som ho nemner er:
- Måker drepe med stein i Trondheim
- Måker drepe med sprengstoff i Halden
- Ein mann skal ha samla måkeungar i ein plastpose i Moss
– I tillegg melder fuglehjelparar om påfallande mange måkeungar med mistenkelege skader som stammer frå ytre vald. Vi har aldri sett meir mishandling enn no.
Dette bilde skal vise ein måkeunge med knekt nakke i Bergen, ifølge Rolness.
Foto: Privat / Privat– Fleire finn skadde måker
Ho er heilt ope på at ho ikkje har nokon statistikk som kan dokumentere desse påstandane, men;
– Vi merker stadig fleire førespurnader frå folk om skadde måker. Men det kan også skuldast at folk er flinkare til å melde ifrå når dei finn skadde måker, eller er vitne til mishandling.
I tillegg opplyser to fuglehjelparar til NRK at dei denne sommaren har fått inn fleire måker, med teikn til mishandling, enn tidlegare.
Totalfreda i Noreg
Måker er totalfreda i Noreg. Det betyr at det er forbode å skyte eller fange måker, samt skade eller øydelegge reir og egg.
Totalt er det sju måkearter som hekkar på fastlands-Noreg.
– Måker er den arten som truleg er mest utsett for mishandling, og dei framstillast ofte som ei plage for folk og årsak til konflikt. Men det er menneska og våre inngrep i naturen som er problemet og som skader konfliktar, seier Rolness.
No slår ho alarm og meiner at noko bør gjerast.
– Vold mot dyr er forbode, og det er naudsynt at den stadig aukande tendensen av mishandling bør bli følgt opp av politiet. Måker er flotte fuglar og lyden av måker er for mange lyden av sommar. Vi må heller finne gode løysingar enn å klage og fortrenge.
– Fleire med unormale skader
Grete Løvfall Andresen frå Halden driv med rehabilitering av måker og lomvi.
Ho stadfester at denne sommaren har ho fått inn fleire tilfelle av måker som har indre skader som mest truleg skuldast mishandling.
– Dette er unormale skader. Vi har også fått inn måker med vengjer ute av ledd og endetarmar som er øydelagde.
Grete Løvfall Andresen, fuglehjelper.
Foto: Privat / PrivatSer mange svoltne fuglar
Andresen har lagt merke til at temperaturen i sosiale medium mot måker har vorte meir amper og hatefull.
– Det er liksom meir legalisert å hate måker. Eg kan jo berre spekulere i kvifor folk gjer slikt mot måker, men eg trur dei ikkje har det bra med seg sjølv.
Ein rapport slår fast at måker har den siste tida stadig kome nærmare byar og tettstader. Som her i Lillehammer.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKAndresen peiker på at ho trur fleire måker og lomvi kjem inn til byane og tettstader fordi dei er svoltne.
– Mange av dei eg får inn er utsvelta. Det er noko som skjer med næringsgrunnlaget til dei i sjøen.
Opnar for tiltak
NRK har spurt både Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet generelle spørsmål om måker.
Grete Løvfall Andresen får inn fleire måkeungar som har indre skader. Denne døde.
Foto: Grete Løvfall Andresen / PrivatFagavdelinga hjå departementet svarer at sjøfuglane er blant dei mest truga fugleartane i verda, inkludert måker.
Dette bildet skal vise ein måkeunge som har fått vingen sin knekt i Molde.
Foto: Annika Sjøli / PrivatDei viser til ein rapport som viser at måker i aukande grad bruker byer og tettstader som leveområde. Dette har ført til fleire konfliktar mellom menneske og måker.
Dei opnar for at det kan bli aktuelt å sette i verk tiltak for å handtere måkebestanden i byområde.
Hamar har sett inn tiltak
Ein av dei byane som har sett i verk tiltak mot måker er Hamar.
– Vi har sett opp skilt om at det er forbode å mate måkene. Vi har kjøpt inn ein robotklipper og vi har sett ut nokre figurar, seier Åge Vebostad, kommunalsjef for miljø og samfunn.
Kva meiner du?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Kommunen har i tillegg kjøpt inn eit fugleskremmeanlegg som spelar av nokre lyder som skal halde måkene på avstand.
Det var fyrst i fjor at måkene for alvor kom til Hamar og mjøskanten.
Hamar kommune har gjort fleire avbøtande tiltak mot måker i bykjernen.
Foto: Hamar kommune / Hamar kommuneI år er tiltaka i gang og for Hamar sin del er det ikkje så store konfliktar mellom menneske og måker, ifølgje Vebostad.
– Kva tenker du om at det ifølge fuglevener er aukande mishandling på måker?
– Det er ikkje greitt. For vår del er ikkje det noko problemstilling, men det er veldig ugreitt.
Høgtalarar heng i lysstolper i Hamar. Dei sender ut lydsignal innimellom for å skremme bort uønskte fuglar på det populære badeområdet.
Foto: Roar Andre Berntsen / NRKRaudlista
Arild Robert Espelien, seniorrådgjevar i viltseksjonen hjå Miljødirektoratet, opplyser at måkeartene på fastlands-Noreg er lista på den norske raudlista, bortsett frå sildemåke og svartbak.
– I Noreg har vi det som kallast «speilvendingsprinsippet». Det vil si at alle arter er «freda» med mindre det er opna for hausting av den, seier Espelien.
Måka er totalfreda i Noreg.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKRolness frå Dyrenes Rett håper noko snarleg blir gjort for å forbetre forholda for måkene.
– Måkene har flytta seg på grunn av oss menneska. Vi har øydelagt for dei i leveområda deira. Vi må gjere grep for at dei får livsgrunnlaget sitt tilbake i form av mat i havet, samt trygge hekkeplassar og leveområde.
Tok røntgen av måke
I Halden førebur fuglehjelparen Andresen seg på ta imot fleire måker som er skada av menneske.
No ventar ho på resultat av obduksjonen av ei fiskemåke.
– Den hadde ein brekt vengje, men inne i kroppen er det ein merkeleg firkant. Det lurer vi fælt på kva er.
Det er ei rekkje artar av måker i Noreg. Det er svartbak som er den største.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKPublisert 31.07.2025, kl. 05.22