91-åring trekker odelskrav på garden Jenny (23) og Per Sverre (23) driv

1 month ago 15



– På vegner av min far kan eg bekrefte at odelskravet på garden Lillebakken er fråfalle.

Det skriv sonen til 91-åringen i ein e-post til Nationen.

For 91-åringen haldt på å strupe gardsdraumen til Per Sverre og sambuaren då han ville krevje garden overført til seg gjennom odelslova.

Har kome til einigheit

– Me har fått til ei løysing som alle partar er einige i. Me har blitt einige og han har sagt frå seg odelsretten.

Det seier noverande eigar av garden Jan Håvard Refsethås. Planen var at stesonen hans, Per Sverre, og sambuaren skulle ta over drifta på garden når Refsethås skal pensjonere seg.

Og no kan dei halde på planen og etter nyttar tar det unge paret over drifta av ammekugarden.

– Det er ei kjempegod nyheit, legg Refsethås til.

Jan Håvard Refsethås sier selv om han har gode inntekter på gården, er det også mange utgifter å ha livdyr.

Jan Håvard Refsethås seier han er glad for at stesonen og sambuaren kan få oppfylt draumen om å drive garden i Holtålen.

Foto: Lars Os / NRK

Haldt på å få gardsdraumen knust

I juni fekk Refsethås eit brev frå 91-åringen som seier at far hans budde på garden i over 20 år. Noko som gjer at han kan krevje odel på garden.

– Eg tvilar ikkje på at han har odelsrett på garden, men det er jo litt synd at ein 91-åring skvisar ut eit ungt par som vil drive garden vidare, sa Refsethås til NRK i førre veke.

Brevet som Jan Håvard Refsethås fikk i sommer, etter at han formelt tok over gården i Holtålen.

Brevet som Jan Håvard Refsethås fekk i sommar, etter at han formelt tok over garden i Holtålen.

Foto: Privat

For det var familien til ekssambuaren til Refsethås, niesa til 91-åringen, som tidlegare eigde garden.

Men i 2017 blei ho sjuk fordi ho led av demens. Året etter flytta ho inn på sjukeheim.

For at prosessen rundt overdraging av garden skulle gå smertefritt, sa sonen hennar frå seg odelsretten sin, og Refsethås fekk kjøpt garden våren 2024.

Familiekartet viser hvordan 91-åringen har odelsrett på gården til Refsethås.

Familiekartet viser korleis 91-åringen hadde odelsrett på garden til Refsethås.

Illustrasjon: NRK

Publisert 17.10.2024, kl. 17.56 Oppdatert 17.10.2024, kl. 18.28

Read Entire Article