70 legar slutta på to år: – Vi toler ikkje så mykje meir

6 days ago 12



– Vi toler ikkje så mykje meir. Strikken begynner å bli tøygd, seier Bjørg Merete Hjallen.

Ho er overlege og tillitsvald ved Haukeland universitetssjukehus. Og svært bekymra.

Dei siste to åra har 70 legar slutta, viser ei kartlegging føretakstillitsvalde ved Helse Bergen har gjort.

Tala inkluderer ikkje legar i pensjonsalder og dei som har hatt opphald på Haukeland under utdanning. BT omtala saka først.

– Vi kan ikkje strekke det mykje lenger før det blir veldig alvorleg, seier Hjallen.

Høgt arbeidspress

Dei tillitsvalde har snakka med 45 av legane som har slutta.

– Det som går igjen er at dei har høgt arbeidspress, lite autonomi, lite fleksibilitet hos arbeidsgjevar, og så vidare, seier overlege og tillitsvald Bjørn Husebø.

Vidare fortel dei som sluttar om at det er vanskeleg å oppretthalde fagleg kompetanse.

– Kurs, konferansar og forsking blir gjerne sett på vent for å dekke vakter og fylle vakante vaktlinjer i staden for å få stimuleringa til å ville bli, seier Hjallen.

Ein mann og ei kvinne i grøne legeuniformar inne i sjukehuskorridor

Overlegane Bjørn Husebø og Bjørg Merete Hjallen vil gjerne fortsette i jobben. Men er bekymra for at mange andre ikkje orkar meir.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Legane som har gått er ikkje spurd om kor dei no jobbar, men dei tillitsvalde har inntrykk av at folk blir fastlegar, går til andre sjukehus, eller går til det private.

– Nokon går til sjukeheimar eller såkalla avtaleheimlar, seier Hjallen.

– Er det blitt kjipt å vere lege på Haukeland?

– For nokon er det det, seier Husebø.

Rundt halvparten av dei var erfarne overlegar, noko som overraskar og bekymrar dei tillitsvalde.

– Då tilset vi medisinstudentar, og får mange relativt uerfarne kollegaer. Det får følger for heile tenesta, seier overlegane.

Sjukehussjefen: – Urovekkande

Administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen stadfestar til NRK at han kjenner att funna frå kartlegginga til dei tillitsvalde.

Han påpeikar at Helse Bergen har nær 2000 årsverk for legar, men vedgår at sjukehuset tapar viktig kompetanse når erfarne legar går andre stader.

– Dette er urovekkande trekk. Sjukehusa skal trygge pasientane på at alltid vi er der når det er akutte behov. Vi merkar at dei vakttunge faga har litt meir utfordringar med å halde på og rekruttere nye legar. Det gjeld også hud, plastikk, auge, gynekologi-faga, seier Hansen.

Han peikar på at fastlegeordninga er blitt betre, og trekker legar bort frå sjukehusa.

Klar beskjed til politikarane

– Det begynner å tære på når vi heile tida skal gjere ostehøvelkutt utan å konkret kutte ut noko tilbod, seier overlege og tillitsvald Bjørn Husebø.

No ber dei tillitsvalde om stopp på sparing her og der, som berre gjer at dei tilsette må springe fortare.

Det tærer også på med sliten bygningsmasse og avgrensa plass.

Hjallen tek NRK med på kontoret sitt, der berre ein av tre lysrøyrlampar i taket fungerer.

– Det er sjeldan at overlegar har eigne kontor, påpeiker kollega Husebø.

Ein mann og ei kvinne i grøne legeuniformar på eit kontor

Overlegane i delvis mørke på kontoret til Hjallen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Han har ein klar beskjed til politikarane:

– Enten må du bestemme deg for kva vi ikkje skal gjere. Eller så må du betale for det vi skal gjere, slår Husebø fast.

– Denne gongen må dei høyre på oss, seier Hjallen.

Høgre, Frp, Sp og Raudt deler bekymringa.

– Her må helseministeren på bana, krev Tone Trøen, Høgres helsetalsperson.

  • Leiaren i Stortingets helse- og omsorgskomite, Tone Wilhelmsen Trøen (H).

    Terje Pedersen / NTB

    Tone Trøen, helsetalsperson Høgre

    – Dette er alvorleg. Vi ventar at helseministeren kjem på bana i denne saka. Regjeringa må drive meir aktiv eigarstyring.

    – Kor meiner Høgre at sjukehusa bør kutte?

    – Vi må sikre ei sterk og stabil finansiering av dei offentlege sjukehusa. Sjukehusa må få meir betalt for å behandle fleire pasientar. Vi må halde ventetidene låge og ha eit sterkare offentleg-privat-samarbeid. Personellet må bli høyrd.

  • Bård Hoksrud (Frp)

    Terje Pedersen / NTB

    Bård Hoksrud, Frps helsetalsperson

    – Mangelen på helsepersonell er ei varsla krise. Frp har fremma forslag om å styrke sjukehusøkonomien. Vi meiner vi må bruke all ledig kapasitet hos private og ideelle. Og vi ønsker ein høgare stykkprisfinansiering.

    – Kva vil det gjere for at folk skal ville jobbe på offentlege sjukehus?

    – Leiinga må bli betre. Vidare må ein må sjå på arbeidstidsordningar, og løn er viktig for mange.

  • Sofie Marhaug, energipolitisk talsperson i Rødt.

    Rolv Christian Topdahl

    Sofie Marhaug, listetopp Raudt i Hordaland

    – Det som skjer er ei krise. For å få fleire folk må vi ha betre arbeidstid, sjukehusbygg og sikre fleire faste stillingar og forby innleige i helsetenestene. Vi må få marknadstenkinga ut av helsetenestene ved å avskaffe innsatsstyrt finansiering og få full rammefinansiering. På sikt må vi erstatte helseføretaka med ein modell som er meir demokratisk og politisk styrt.

  • Barne- og familieminister Kjersti Toppe

    Håkon Benjaminsen

    Kjersti Toppe, Senterpartiet

    Eg trur no offentlege sjukehus står ved kanten av stupet. Enten får vi til å gjere dette til attraktive arbeidsplassar, elles vil vii få eit todelt helsevesen i Noreg der legar søkjer seg til private tilbod.

    Vi må stoppe dei harde effektiviseringskrava. Og vi må sjølvsagt ikkje innføre nye privatiseringsreformer som H og Frp vil. No er det styrking av dei offentlege sjukehusa som gjeld.

NRK har bedt helseminister Jan Christian Vestre (Ap) om ein kommentar, men har førebels ikkje fått svar.

Fryktar å mista fleire

Overlegane påpeikar at legane må gjere val kvar dag på individbasis.

– Skal det verkeleg monne økonomisk, sånn at vi framleis kan ha gode helsetenester i Noreg, så må vi enten kutte noko frå tenesta heilt, og det må politikarane gjere, eller så må vi ha større løyvingar, seier Husebø.

Elles fryktar han at dei vil miste enno fleire erfarne kollegaer, som det tek lang tid å opparbeide kompetansen til.

– Det er alvorleg at vi mister dei. Det er frustrerande å jobbe i eit system som kunne vore meir optimalt. Dugnadsånda vi har levd på i mange år, blir brukt opp, seier Hjallen.

Helsetoppar opne for forslag

Helse Bergen-sjef Eivind Hansen ønsker også den helsepolitiske debatten velkommen.

en mann med et ansikt

Eivind Hansen er administrerande direktør for Helse Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Vi er nøydde til å prioritere godt og ta ut effekten av digitalisering. Omstilling vil det vere. Samtidig må helsepolitikken vere med på laget, seier Hansen.

Publisert 02.09.2025, kl. 20.53

Read Entire Article