15-åring planla å drepe utanfor konserten

1 month ago 24



Ein 15 år gamal austerriksk statsborgar er mistenkt i saka, melder Reuters torsdag.

Styresmaktene seier at planen var å drepe menneske utanfor Ernst Happel Stadium der Taylor Swift skulle spele.

Frå før av er ein 17- åring og ein 19- åring arresterte.

Avlyste konsertar

Konsertane som Taylor Swift skulle halde i Wien denne helga, er avlyste som følgje av terrortrugslar.

– Av omsyn til alle sin tryggleik, har vi ikkje anna val enn å avlyse dei tre planlagde konsertane, sa arrangøren onsdag.

Det var venta 65.000 menneske til kvar konsert. Statsminister Karl Nehammer skriv på X at «ein tragedie er avverja».

Avdekka terrorplanar

Ein 19 år gamal austerriksk statsborgar blei pågripen i byen Ternitz onsdag, skulda for å ha planlagd eit angrep mot konsertane. Politiet har beslaglagt kjemikaliar i bustaden hans.

Mannen har røter i Nord-Makedonia og blir sett på som IS-sympatisør.

Det var den austerrikske avisa Kronen Zeitung som omtalte hendinga først.

– Den påståtte gjerningsmannen fokuserte på Taylor Swift sine konsertar. Det er avdekka førebuande arbeid. Vi veit også at han sverja truskap til IS for nokre veker sidan, seier tryggingsdirektør Franz Ruf til avisa.

Dei mistenkte skal ha blitt radikalisert på nett og styresmaktene mistenkjer dei for å vere ekstremistar.

Publisert 08.08.2024, kl. 12.00 Oppdatert 08.08.2024, kl. 12.10

Read Entire Article