President Volodymyr Zelenskyj sin tidlegare stabssjef Andrij Jermak har fått formell status som sikta i ei større korrupsjonsetterforsking i Ukraina.
Det opplyser det ukrainske antikorrupsjonsbyrået (NABU).
Jermak er sikta for kvitvasking av pengar, skriv avisa The Kyiv Independent.
Ukrainske medium skriv at det er snakk om kvitvasking av 460 millionar ukrainske hryvnja. Det tilsvarar i underkant av 100 millionar kroner. Pengane skal ha blitt kvitvaska ved å byggje luksuseigedommar.
På spørsmål frå ukrainske journalistar om påstanden frå NABU måndag kveld, svarte Jermak følgande:
– Eg har ikkje noko hus. Eg har berre ein leilegheit og ein bil.
Jermak trekte seg frå stillinga då saka vart rulla opp i fjor.
Presidentkontoret har så langt ikkje svart på spørsmål.
Zelenskyj si høgre hand
Zelenskyj og Jermak vart kjent då Zelenskyj jobba i underhaldningsbransjen.
Etter at Zelenskyj vart president, fekk Jermak først rolla som utanrikspolitisk rådgivar, før han i 2020 vart utnemnd til leiar for presidentkontoret.
Dei to vart skildra som yin og yang, der Zelenskyj la strategien og Jermak gjennomførte han.
– Eg gjekk inn i politikken saman med Volodymyr Zelenskyj – og eg vil gå ut saman med han, har Jermak tidlegare sagt til Politico.
Publisert 11.05.2026, kl. 21.36 Oppdatert 11.05.2026, kl. 21.56








English (US)