Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_b60e4d7de0fa376320b6b17b9d64d3e3, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Zelenskyj i Sveits for samtalar om Ukraina - NorwayToday

Zelenskyj i Sveits for samtalar om Ukraina

1 hour ago 1


Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj er på plass i Sveits for å delta i Verdas økonomiske forum i Davos.

Der skal presidenten møte USA sin president Donald Trump.

Trump uttalte onsdag at «vi er rimeleg nær» ein avtale for å få slutt på krigen i Ukraina.

Den amerikanske presidenten hevda også at han skulle møte Zelenskyj i løpet av dagen – noko som ikkje stemte ettersom Zelenskyj var i Kyiv.

Onsdag peikte Nato sin generalsekretær Mark Rutte på at krigen i Ukraina ikkje må hamne i skuggen av Trump og Grønland.

– Grønland er ikkje det viktigaste for oss, det er Ukraina, sa Rutte under ein paneldebatt.

Møtet mellom Zelenskyj og Trump finn stad i 13-tida norsk tid.

Dette er Verdens økonomiske forum i Davos

  • Kva er Verdens økonomiske forum?

    Verdens økonomiske forum (WEF) blir halde kvart år i alpebyen Davos i Sveits. Forumet samlar politiske leiarar, næringslivstoppar, forskarar og organisasjonar for å diskutere globale utfordringar som krig, økonomi, klima, teknologi og tryggleik.

    Det blir leia av tidlegare Høgre-politika Børge Brende.

  • Kva skjer på forumet i Davos?

    I tillegg til opne debattar og talar, blir det halde mange lukka møte der statsleiarar og toppsjefar diskuterer samarbeid og politikk.

  • Kvifor er forumet viktig?

    Kvart år deltar 3000 av dei som påverkar verdsøkonomien og internasjonal politikk, for å diskutere samarbeid om løysingar på store globale utfordringar som menneskerettar og miljø.

  • Kvifor er Davos særleg interessant i år?

    Forumet skjer medan det pågår eit storpolitisk drama om Grønland, etter at USAs president har sagt at USA bør ta kontroll over øya av omsyn til tryggleik.

    Det gjer at tryggleikspolitikk og forholdet mellom USA og Europa, og ikkje minst Nato-alliansen står sentralt på agendaen.

Det er også venta at USA si spesialutsending Steve Witkoff skal møte Russland sin president Vladimir Putin i løpet av dagen i Moskva.

– Vi planlegg å diskutere fred, og Ukraina og Russland. Eg er håpefull, vi treng fred, sa Witkoff til Reuters onsdag.

Følg utviklinga i Ukraina her:

Unntakstilstand i Ukraina

Tidlegare i vinter erklærte Zelenskyj unntakstilstand i landet.

Fleire tusen ukrainarar har i lang tid vore utan straum som følge av ei rekke russiske angrep mot energiproduksjon og bustadområde dei siste vekene.

Det skjer samtidig som gradestokken viser temperaturar ned mot 19 kuldegrader.

  • Bildet viser en mor som varmer hendene til datteren sin.

    32 år gamle Yuliia Tsjumak varmar fingrane til den tre år gamle dottera si, Kvitoslava, før dei skal gå til barnehagen. Straumbrot i Kyiv har gjort nettene kalde og lange.

    Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB
  • En person går langs en bygning med vinduer dekket av is og snø. Omgivelsene er preget av vinterklima med snø på bakken. Bygningen er moderne med glassfasade som reflekterer omgivelsene. Personen er kledd i en mørk jakke og ser ned mens de går. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Den siste veka har det vore ned mot 20 minusgrader i Kyiv.

    Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
  • En eldre person sitter ved et piano i et rom med blomsterdekorert tapet. Personen holder en lysende gjenstand i hendene. I bakgrunnen er det bilder av personer hengt opp på veggen. Rommet har dempet belysning, noe som gir en stemningsfull atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Når straumen forsvann, tok Raisa Derhatjova sjølv grep. Ho har laga si eiga lommelykt.

    Foto: Dan Bashakov / AP / NTB
  • En mann sitter i et putefort han har lagd i stua for å holde varmen. Det er et lys som skinner på han. Han er på mobilen.

    Ein mann i Kyiv har bygd ei borg av puter for å halde varmen i leilegheita si.

    Foto: TETIANA DZHAFAROVA / AFP / NTB
  • folk om går mot et oransje telt utenfor en boligblokk i et vinterdekt landskap

    Utanfor høgblokker fleire stader i byen er det sett opp telt, der folk kan varme seg, lade telefonen eller få noko varmt å drikke.

    Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB
  • En kvinne i en strikket genser står ved et fuglebur med et stearinlys.

    Då leilegheita til Tetyana Tatarenkova gjekk i svart tysdag denne veka, tende ho stearinlys for å trøyste fuglane sine.

    Foto: Dan Bashakov / AP / NTB
  • En kvinne i varme klær går nedover en gul gang i mørket med hunden sin. I hånden har hun en lommelykt.

    I ei anna leilegheit i byen tok Tatiana Tatarenko med seg lommelykt for å besøke ein nabo.

    Foto: Danyil Bashakov / AP / NTB
  • Folk pilker på isen

    Kulda har likevel nokre lyspunkt. Nokre har nytta høvet til å isfiske på dei frosne innsjøane i hovudstaden.

    Foto: Reuters

Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin podkast her:

Publisert 22.01.2026, kl. 10.28 Oppdatert 22.01.2026, kl. 10.50

Read Entire Article