Yingge-dansarar i Shantou

1 month ago 26


SONA EMILIE KIBSGÅRD SILLAH / NRK

Den 300-år gamle yingge-dansen, eller 'heltedans', har fått nytt liv på kinesiske sosiale medium.

JADE GAO / AFP / NTB

Kina blir stadig meir moderne.

Mange gamle kinesiske nyttårstradisjonar er i ferd med å forsvinne.

JADE GAO / AFP / NTB

Men dansen yingge, eller 'heltedans', får blomstre.

JADE GAO / AFP / NTB

Kvart kinesisk nyttår blir gatene i Shantou, i Guangdong-provinsen sør i Kina, fylt med fargerike kostyme og detaljert sminke.

CCTV / EBU

I går tysdag var den store nyttårsaftan og det var igjen duka for den årlege nyttårsgallaen på kinesisk TV.

Ifølge kinesisk statleg driven radio hadde sendinga 1.5 milliardar sjåarar i går. Det finst ingen andre kjelder til desse tala.

CCTV / EBU

Yingge-dansen var eitt av hovudinnslaga på den førtiandre nyttårsframsyninga.

JADE GAO / AFP / NTB

Dansen er ei blanding av kampsport, dans og opera og har røter frå sørlege Kina og Taiwan.

CCTV / AFP

Dansarane lagar tradisjonelt all musikken sjølv – berre ved hjelp av to trepinnar og song.

JADE GAO / AFP / NTB

Som med mange andre nyttårstradisjonar i Kina skal dansen skal symbolisere hell og lukke inn i det nye året.

JADE GAO / AFP / NTB

Om lag to milliard menneske, eller ein fjerdedel av verdas befolkning, feirar kinesisk nyttår.

Read Entire Article