For å lokke fleire filmproduksjonar til landet, må vilkåra her vere like gode som i andre land, noko dei ikkje er i dag, meiner Tjelta.
– Vi må gje folk ein grunn til å velje Noreg.
Også Elisabeth Sjaastad i Norsk Filmforbund meiner Noreg ligg langt bak når det gjeld kva vilkår vi kan tilby internasjonale filmproduksjonar som ønskjer å legge filminnspelinga til Noreg.
Mange land har styrka sine insentivordningar. Noko Noreg ikkje har gjort.
– Med over 100 land som har betre filmordning enn vår, byrjar vi å hamne i bakleksa, seier leiar i filmforbundet Elisabeth Sjaastad.
Krise i bransjen
Jobbane i den norske filmbransjen har blitt langt færre dei seinaste åra. Det skuldast at strøymetenestene investerer mindre, TV 2 og NRK kuttar, og nordiske aktørar som Viaplay står ovanfor store utfordringar.
Nær 60 % av film- og TV- arbeidarane vurderer å forlate bransjen fordi det ikkje er nok jobb, viser ein rapport som kom tidlegare i år.
– Ein måte å få opp aktiviteten i bransjen på er å tiltrekke oss både internasjonale og norske produksjonar, slik at vi får innspelingar i Noreg, seier Sjaastad.
IKKJE MED: Elisabeth Sjaastad i Norsk Filmforbund seier den globale film- og TV- bransjen er i sterk vekst. Men at Norge ikkje kjem til å ta del i veksten viss vi ikkje har konkurransedyktige ordningar.
Foto: NRKBerre ein tredel får støtte
Sjaastad meiner Noreg må regelstyre insentivordninga, slik fleire andre land har gjort.
I mange av desse landa skjer også tildeling av støtte fortløpande.
Til samanlikning får berre ein tredel av dei som søker her til lands tildelt støtte, fordi potten med pengar ikkje strekk til. Og det blir delt ut pengar berre éin gong i året, noko som gjer det utfordrande å planlegge.
Det var den mangelfulle ordninga her til lands som gjorde at HBO-serien «White Lotus» droppa Noreg tidlegare i år.
VILLE TIL NOREG: «White Lotus» droppa planane om Noreg då produksjonen blei tilbydt under halvparten av det dei søkte om.
Foto: Fabio Lovino / HBO / MaxDet meiner Pia Tjelta var eit stort tap for den norske filmbransjen.
– «White Lotus» sa nei takk elles takk til 88 millionar kroner, fordi dei bad om 200 millionar. Dermed mista Noreg ein stor produksjon som potensielt kunne ha gitt fleire hundre norske filmarbeidarar arbeid i fleire år, meiner Tjelta.
– Noreg har gått glipp av milliardar
Totalt har meir enn 110 filmar søkt om refusjon i løpet av dei ti åra insentivordninga har eksistert her til lands. Berre 40 av desse fekk innvilga refusjon, ifølgje tal frå NFI.
I krone og øre har det blitt søkt om nær 2 milliardar kroner. Medan summen som blei utbetalt er 700 millionar. Avviket er på nær 1,3 milliardar, fortel Sjaastad i filmforbundet.
Ei utrekning viser at for kvar krone insentivordninga utbetaler, så har det alt vore verdiskaping i Noreg for 4.7 kroner, viser tal frå Olsberg-rapporten bestilt av regjering frå 2023.
Det betyr at dersom dei 1,3 milliardar kronene hadde blitt utbetalt, så hadde det betydd om lag 6 milliardar i verdiskaping for Noreg, ifølgje Sjaastad.
– Dei seks milliardane i verdiskaping i filmbransjen, TV-bransjen og omliggande næringar som hotell, overnatting og transport, det har vi gått glipp av, meiner ho.
Tverrpolitisk semje
Det er ein villa politikk frå alle norske parti at vi skal ha norsk film- og serieproduksjon.
Fleire parti på Stortinget er samde i at ein bør regelstyre insentivordninga slik at den blir meir attraktiv for utanlandske filmproduksjonar.
William Jobling / NRK
Grunde Almeland (V)
Det er viktig for Venstre å gradvis styrke ordninga og gjere den regelstyrt. Problemet i dag er at eit filmselskap som vurderer å filme i Noreg må søke om eit beløp som dei ikkje veit om dei får. Det gjer at vi tapar kampen til veldig mange andre land, som har meir føreseilege ordningar. Norsk filmindustri og lokalt næringsliv går glipp av alle dei positive ringverknadane.
Oskar Rennedal / NRK
Silje Hjemdal (Frp)
Frp vil regelstyre insentivordninga for innspeling i Noreg. Det er vi heilt avhengig av for at vi skal vere konkurransedyktige med andre land. Dette er ei ordning som sikrar produksjon i store deler av Noreg, og som gjer at eit lite distrikt, som til dømes har eit motell eller vaskebyrå, eller eit firma som er spesialist på produksjonsteknikk får høve til å utvikle si næring. Det er vinn -vinn.
Terje Haugnes / NRK
Erlend Hanstveit (Ap)
Arbeiderpartiet sitt program seier ikkje noko om regelstyring, men vi vil vidareutvikle insentivordninga for film- og serieproduksjon, slik at denne blir internasjonalt konkurransedyktig. Eg meiner det viktigaste tiltaket for å sikre sysselsetjing og aktivitet er å vidareføre eit føreseieleg og høgt nivå på dei offentlege overføringane til film- og dramaproduksjon, slik regjeringa gjer.
john-andre samuelsen
Åslaug Sem-Jabobsen (Sp)
– Vi i Senterpartiet har programfesta nå at vi vil gjere insentivordninga regelstyrt. Det vil styrke heile filmmiljøet i Norge, som er bra. Men det som nok gjer at heile partiet stemte for dette på landsmøtet, det handlar jo mykje om den verdiskapinga som vi forstår at garantert vil skje rundt omkring i heile landet. Og det meiner jo ein kvar senterpartist at vi treng.
Berit Roald / NTB
Tage Pettersen (H)
Høgre vil vidareutvikle og trappe opp filminsentivordninga for film- og serieproduksjon til ein internasjonalt konkurransedyktig ordning som fremmer bærekraft. Vi har bevisst valt å ikkje skrive regelstyring i partiprogrammet. Men vi må løfte ordninga med meir pengar i potten og fleire søknadsfrister eller fortløpande behandling av søknader.
Arbeidarpartiet har ikkje regelstyring av insentivordninga i sitt partiprogram. Statssekretær Erlend Hanstveit seier det handlar om prioriteringar. At sjølv om ordninga har positive ringeverknadar, så har den òg ei utgiftsside.
– Regjeringa har måtta gjere vanskelege prioriteringar i årets budsjett, og det var difor ikkje rom for å auke ramma for ordninga, skriv Hanstveit til NRK.
Publisert 14.07.2025, kl. 08.13