VM-faktoren tvingar fram Noreg-grep: – Dei slår ikkje hardt nok

2 hours ago 2


– Ja, det påverkar det, er du gæren?

Det sa Martin Ødegaard om fasilitetane etter kampen mot Marokko.

Det afrikanske laget gjekk ut i hundre og sette Noreg under eit massivt press i starten av kampen. Og kanskje var det graset som spelte dei norske spelarane eit puss, i kampen som enda 1–1.

– Det er sikkert likt det som ventar oss, med tørre baner og vanskelege forhold sånn sett. Men bortsett frå første 20-30, kor vi gir bort veldig mange stygge feil og blir kontra på, så veks vi oss inn i kampen, fortsette den norske kapteinen til NRK etter kampen.

Og det var akkurat slik trenaren sjølv ønskte testen skulle bli.

Må slå ballen hardare

Høge temperaturar har prega den norske timeplanen etter framkomsten til USA. Og det er ikkje berre kroppane som reagerer på heita, men også den grøne matta.

Trenar Ståle Solbakken såg på forholda mot Marokko som ein god test.

– Det var dette vi håpet på. Det er varmt, graset er tørt. Nokon gonger må du slå ballen hardare.

En person i blå skjorte (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

SLÅ HARDT: Ståle Solbakken håpar stopparane lærer seg å slå ballane hardt nok på det tørre graset.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Til TV 2 trekker han fram at spesielt forsvarsleddet har noko å jobbe med til opningskampen mot Irak.

– Midtstopparane våre slår ikkje ballen hardt nok mellom seg, så nestemann må bruke det ekstra sekundet, og då var Marokko på oss.

Kan spele på lag

Men den tørre matta kan også spele på lag med Noreg, ifølge Patrick Berg, som fekk styre på midtbana dei siste 20 minutta av kampen.

– Sjølv når vi begynner å gå litt meir inn bak dei, så stoppar ballen mykje meir opp enn det ein er vand med. Men det trur eg kan passe dei vi har på topp fint. Det å gå litt meir inn bak og la dei jakte på ballane, det trur eg blir bra, sa han til NRK etter kampen.

en person som løper på en jorde (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

POSITIV: Patrick Berg håpar det tørre graset kan vere ein lagspelar for Noreg.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Spelaransvarleg på landslaget, Brede Hangeland, seier det er lite ein får gjort med matta under kampen.

– Ja, det er jo tørt og varmt her. Men frå trenarapparatet sin ståstad så er det sånn at det er forholda. Vi kan liksom ikkje gjere noko med graset. Det kjem til å bli vatna før kampen, og så kjem det til å bli tørt. Så kjem det til å bli vatna i pausen, og så kjem det til å bli tørt igjen. Det må ein forhalde seg til.

– Å skilje mellom ting vi kan påverke og ikkje, er ganske viktig i toppfotballen. Det må vi lære til spelarane våre òg, avsluttar Hangeland.

Så får vi sjå om graset blir grønare i opningskampen mot Irak, natt til 17. juni.

Publisert 08.06.2026, kl. 07.28 Oppdatert 08.06.2026, kl. 07.44

Read Entire Article