Villgeiter såg Raudt - stakk opp i fjellsida

1 week ago 14


Kortversjonen

  • Raudt-politikarane Sofie Marhaug og Mimir Kristjansson prøver å redde dei forvilla geitene på Kvist.
  • Mattilsynet vil avvikle flokken som har levd utanfor husdyrhald i fleire tiår, men forslaget møter motstand.
  • Sauebonde Norodd Baug med fleire - meiner geitene bør leve fritt.
  • Landbruksministeren støttar Mattilsynet si vurdering om at flokken må avviklast før 2026.
  • Statsråd Sandtrøen (Ap) utelukkar ikkje at det kan skje på andre måtar enn avliving, men at det kan bli vanskeleg.
  • Stortinget skal votere over geitene sin lagnad tysdag ettermiddag.

Sjå det føre deg: Sofie Marhaug i skjørt og joggesko, og sambuar Mimir Kristjansson i lett motbakkejogg.

Raudtparet på Stortinget vil så gjerne kome nærmare dei villfarne geitene på Kvist. Terrenget er særs krevjande i dei stupbratte fjellsidene som stig opp frå Lånefjorden - ein liten arm av Sognefjorden.

El-leigebilen deira bråbremsar og hiv seg inn på ei busslomme på fylkesveg 55 mellom Balestrand og Høyanger. Oppe i lia beitar ein gjeng spesielle geiter. Bukkane er uvanleg store, med solide horn og tjukt ragg. Synlege på lang avstand.

 stortingsrepresentant Mimir Kristjansson, lokalpolitikar Trine Nylehn og stortingsrepresentant Sofie Marhaug.SPEIDAR ETTER GEITER: Partiet Raudt ser etter villgeitene på Kvist: Frå venstre: stortingsrepresentant Mimir Kristjansson, lokalpolitikar Trine Nylehn og stortingsrepresentant Sofie Marhaug.

Geitene på Kvist

  • I fjellsida ved Kvist mellom Balestrand og Høyanger i Sogn lever ein geiteflokk som har vore utanfor husdyrhald i over 50 år.
  • Mattilsynet, som er det statlege organet for husdyrhald, har beslutta å avvikle geitene mellom anna grunna svak dyrehelse og innavl.
  • Beslutninga om å avvikle - og eventuelt avlive geitene, har vekt sterk motstand både lokalt i Sogn og nasjonalt.
  • Eit mindretal i Stortinget sin næringskomite (H, SV, Raudt, V, MDG) fremja i førre veke forslag om at Mattilsynet finn løysingar for geitene som ikkje medfører avvikling eller avliving.
  • Forslaget oppnådde ikkje fleirtal.
  • Stortinget skal tysdag votere i saka.

(Kjelder: Stortinget, VG, Sogn Avis)

Jau, då. Det er utvilsamt nokre av dei vidgjetne sokalla villgeitene på Kvist. Geitene som Raudt-duoen Mimir og Sofie har foreslått blir redda frå avvikling. Dei får glimt av dei folkesky, forvilla geitene, men aldri nærkontakt - og aldri ein storbukk og Mimir på same foto.

– Striden om kva som skal skje med desse geitene, har jo pågått i årevis. Og blitt ein verkebyll for lokalsamfunnet. Mange er veldig glade i dei, men ingen tek ansvar for geitene. Dette skrik jo eigentleg etter ei form for politisk løysing, analyserer Raudt-Mimir medan små geitekillingar klatrar og klyg rundt han og Sofie på alle kantar.

 Raudt har neppe vore meir populære i Sogn enn då Mimir Kristjansson og Sofie Marhaug mata geitekillingar i Lånefjorden.TÅTEFLASKER: Raudt har neppe vore meir populære i Sogn enn då Mimir Kristjansson og Sofie Marhaug mata geitekillingar i Lånefjorden.

Dei har køyrt vidare til garden til ho Anne Jo Bjordal (46) like ved tunnelmunninga mot Høyanger.

Saman med Dyrebeskyttelsen lokalt har ho Anne Jo teke seg av geitekillingar frå villgeit-flokken som er funne svake og forkomne på- og ved asfalten på fylkesvegen.

Dei vart fødde sist vinter. Nokre av dei er tydeleg svake, fastslo ei undersøkjing hjå veterinær i førre veke. Anne Jo trur det kan vere på grunn av lite næring medan mødrene var drektige.

– Nokre veks nesten ikkje. Dei er veldig krokete, delvis kalvbeinte. Du ser jo at dei er veldig små. Nokre av dei har problem med å bevege seg. Til dømes å hoppe opp på steinar og gå i ulendt terreng, skildrar Bjordal.

Ifølge ein dyrege i Sogndal har dei noko som heter stivsjuke. Det betyr ein mangel på selen og E-vitamin.

 Ho Anne Jo Bjordal (46) er sjukepleiar i Høyanger og småbrukar i Lånefjorden. Ho tek vare på forletne geitekillingar som elles kunne ha blitt trafikkoffer eller ørnemat - frå dei forvilla geitene på Kvist.ANNE JO PÅ HUK: Ho Anne Jo Bjordal (46) er sjukepleiar i Høyanger og småbrukar i Lånefjorden. Ho tek vare på forletne geitekillingar som elles kunne ha blitt trafikkoffer eller ørnemat - frå dei forvilla geitene på Kvist.

På garden Kvist ser sauebonde og pensjonist Norodd Baug (67) saka frå ein annan synsvinkel.

Han har vakse opp med dei villfarne geitene rundt seg. Baug fortel at han som ein gong tok seg av geitene - lot flokken leve fritt etter at stølsdrifta vart nedlagt for mange år sidan.

Baug er tydeleg glad i geitene. Men ikkje så glad for at Mattilsynet og styresmaktene vil avvikle dei.

– Det er tunge tider på Kvist. Staten ved Mattilsynet vil utrydde den ville geiteflokken som har vore med å forme landskapet på garden i 80 år. Dei passar ikkje inn i systemet, og manglar rettsleg vern, skreiv han nyleg i lokalavisa Sogn Avis.

Norodd Baug. Video: Line Møller / VG

Til VG seier Baug at har utvikla kjensler for dyra som lever i fred - og gjer som dei vil i fjellsidene over garden hans.

– Altså, det som gjer desse geitene så unike, er at genmaterialet kjem frå så langt tilbake i tid som det har vore geiter her på Kvist, seier Baug.

Han er glad i dyra på ekte. Spesielt sidan dei rører seg fritt og gjer som dei vil.

Sauebonden på Kvist meiner det også har ein verdi at geitene ikkje er utblanda med andre - meir mjølkeproduktive geiterasar.

Bør vere plass til geitene

– Dei høver ikkje inn i vår moderne og velorganiserte samfunnsstruktur med lover og paragrafar om hysdyrhald. Men det bør vere plass til forvilla geiter også, legg han til.

Baug er overtydd om at dei om lag 50 geitene må få leve.

Han er også kritisk til at det no ser ut til at det er dei svake killingane - som kanskje naturleg hadde falle i frå - som skal vidareføre arvematerialet til Kvistgeitene.

Desse killingane er i ferd med å sjarmere i senk både Sofie Marhaug og Mimir Kristjansson. Politikarparet sit med kvar si mjølkeflaske i skråninga på garden til ho Anne Jo Bjordal. Bak dei står Anne Jo si dotter, Hedda med enno ein killing.

 Hedda Gjelsvik Bjordal (9) tek gjerne med seg vener heim for å leike med dei tillitsfulle geitekillingane, som denne kalla Markus.LEIKAR MED GEITER: Hedda Gjelsvik Bjordal (9) tek gjerne med seg vener heim for å leike med dei tillitsfulle geitekillingane, som denne kalla Markus.

Men Anne Jo Bjordal fortel om eit djupt alvor bak våridyllen ved Lånefjorden.

– I utgangspunktet så var eg motstandar av vedtaket frå Mattilsynet om å avvikle dei forvilla geitene. Men eg ser poenget stadig klårare, slik at eg har på ein måte snudd: Dette er jo eigentleg husdyr. Det finst jo ikkje villgeit i Noreg. Og dersom styresmaktene definerer desse som villgeiter - så dannar det seg ein presedens om at det berre er å sleppe husdyr laus i naturen. Vi hadde nok ikkje godteke at ein sauebonde berre slapp lamma sine lause like ved ein trafikkert veg, samanliknar Bjordal.

Ei frue frå Bergen

Ho fortel om påkøyrde geitekillingar, om ørn som forsyner seg grovt, og om ein bergensar som tok med seg ein geitekilling heim - fordi ho tykte geitebarnet var så ubegripeleg søtt.

– Dette er forvilla husdyr og dei skal ha same vern mot ørn, rev og biltrafikk som dei geitene som ikkje er forvilla. Dei er eit resultat av tidlegare aktivt husdyrhald. Dei små er framleis sårbare, seier Anne Jo Bjordal til VG.

 Anne Jo Bjordal gir geitekillingane råmjølk og omsut.OPPVAKSEN MED GEITER: Anne Jo Bjordal gir geitekillingane råmjølk og omsut.

Kva med frua frå Bergen?

– Dama ringde meg og ba om hjelp. Ho angra seg då ho forsto at geitekillingen ville hoppe på bilane i nabolaget, flirer Bjordal.

Ho har vakse opp med geitehald. No har Anne Jo sagt seg villeg til å ta seg av nokre av avkomma etter dei forvilla geitene på Kvist.

Det kan innebære at ho bidreg til å føre arvematerialet deira vidare. Men samstundes at det er uaktuelt og truleg umogeleg å tilbakeføre desse smågeitene til flokkane i fjellsida i retning Balestrand.

 Triveleg treff i skråninga over småbruket til Anne Jo Bjordal i Lånefjorden mellom Høyanger og Balestrand.GEITE-MØTE: Triveleg treff i skråninga over småbruket til Anne Jo Bjordal i Lånefjorden mellom Høyanger og Balestrand.

Raudt-politikarane Marhaug og Kristjansson angrar ikkje på at dei tok turen til Lånefjorden i Sogn. Men dei fastslår at ei varig løysing ikkje er svart-kvit. Også tidlegare landbruksminister Sandra Borch frå Sp gjekk i si tid inn for å avvikle geiteflokken.

– Det som det ser ut til å kunne bli fleirtal for på Stortinget, er å be Mattilsynet om å snu alle steinar og kome tilbake med gode løysingar, seier Kristjansson og Marhaug, som er veldig samsnakka i geitesaka.

Marhaug og Raudt har saman med Venstre, Høgre (!), SV og MDG foreslått at i staden for å avvikle heile geiteflokken innan 31. desember i år, arbeider Mattilsynet vidare for å finne løysingar som sikrar dyrevelferda til Kvistgeitene og tek vare på genressursane i vidare husdyrhald.

Bilde av Nils Kristen Sandtrøen (Ap)Nils Kristen Sandtrøen (Ap)

Landbruks- og matminister

Dei syner til eit brev frå den nye landbruksministeren, Nils Kristen Sandtrøen (Sp) som har engasjert seg i saka og er Mattilsynet sin fagstatsråd.

Raudt-politikarane tek innhaldet i brevet som eit teikn på at ei geitejakt med sikte på avliving av Kvistgeitene ikkje er einaste aktuelle konklusjon.

Landbruksministaren understrekar at Mattilsynet sitt vedtak innebær at flokken må avviklast innan utgangen av 2025, men utelukkar ikkje at det kan skje på andre måtar enn ved avliving, dersom det er mogeleg.

Han oppmodar om at avviklinga skjer innanfor regelverket, men minner om at vanskar med innfanging, flokken sin ukjende helsestatus og manglande sporbarheit avgrensar kva som er mogeleg å få til.

Tysdag ettermiddag skal Stortinget etter planen votere over lagnaden til dei forvilla geitene i Sogn.

Read Entire Article