Ville forby kinesiske dronar i Noreg – snudde i siste liten

1 day ago 6


Det finst surrande, kinesiske dronar i kvar krik og krok av Noreg.

Dette skjer samtidig med at PST omtalar Kina som ein «betydeleg etterretningstrussel».

Det har fått fleire til å slå alarm.

Måndag skal Stortinget ta stilling til om dronar frå land som Noreg ikkje har tryggleikspolitisk samarbeid med skal bannlysast.

Tysdag denne veka sa fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen nei til dronar frå Kina. Onsdag snudde fleirtalet og sa ja likevel.

– Dette er komplett useriøst og er ikkje i nærleiken av å ta dei store tryggleiksutfordringane på alvor, seier saksordførar Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i transportkomiteen på Stortinget.

Sigbjørn Gjelsvik

Sigbjørn Gjelsvik (Sp) er saksordførar for stortingsmeldinga om dronar. Han er ikkje fornøgd med at fleirtalet har endra meining.

Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

Vil likevel ikkje nekte kinesarane

Høgre har tidlegare vore svært kritisk, men denne veka endra partiet meining i siste liten.

– Fordi vi såg at forslag til vedtak ville ramme det offentlege Noreg for mykje. Det vile avgrense bruken av dronar for mykje fordi dei fleste av dronane og delane til dronane er produsert i Kina, seier stortingsrepresentant Erlend Larsen (H).

– Gjelsvik meiner dette er useriøst å snu no?

– Dette er ikkje useriøst. Stortinget skal kunne vere dynamisk nok til å ta inn over seg ny informasjon, og sjå om det forslaget ein har kome med ikkje er godt nok i utgangspunktet, seier han.

Erlend Larsen sitter i Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Erlend Larsen (H) i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget vil ikkje forby kinesiske dronar likevel.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

Dermed blir forbodet truleg erstatta med eit krav om at statlege aktørar skal gjere ei tryggleiksvurdering før dei handlar med til dømes Kina.

Måndag blir stortingsmeldinga om norsk dronepolitikk behandla i Stortinget.

Dronemagasinet omtalte saka først.

en hvit og svart politibil, med ei drone framfor

Politiet i Møre og Romsdal brukar dronar til dømes når dei leitar etter folk.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Vil stanse utviklinga

Det er ikkje berre privatfolk som brukar dronar frå Kina.

Den kinesiske storprodusenten DJI, har levert hundrevis av dronar til politiet. Desse blir mellom brukt til søk etter sakna personar.

Droneekspert Nils Håheim-Saers ved forskingsinstituttet Norce vil ikkje ha noko kinesisk droneforbod. Han meiner det ville ført til store konsekvensar, fordi dronar frå andre land ville bli langt dyrare. Han kallar det opphavelege forslaget for kunnskapslaust.

– Ja, det vil gje dramatisk færre dronar ute i Politi-Noreg. Det vil stanse utviklinga av bruk av dronar i politiet, seier han.

Han meiner det er for lite kunnskap om kor stor trussel dei kinesiske dronane eventuelt inneber.

– Eg vil kalle den innstillinga og avgjerda frå komiteen er tufta på veldig svakt grunnlag. Det er i alle fall ikkje tufta på kunnskap, seier han.

Nils Håheim-Saers

Droneekspert Nils Håheim-Saers ved forskingsinstituttet Norce meiner det ikkje er grunnlag for å forby kinesiske dronar.

Foto: Marthe Synnøve Susort Johannessen / NRK

– Falske skuldingar

Det har ikkje lukkast NRK å få nokon kommentar frå DJI. Selskapet er verdas største droneprodusent og dominerer marknaden også i Noreg.

DJI har tidlegare hevda overfor NRK at styresmakter og datatryggleiksselskap har gått god for produkta deira, og omtalt kritikken som falske skuldingar.

– DJI har ikkje tilgang til flyloggar, bilde eller videoar, med mindre kunden aktivt vel å dele data ved å kople seg mot våre servarar, laste opp bilde og videoar til vår plattform eller fysisk levere dronen inn til service hos DJI, skreiv selskapets kommunikasjonsavdeling i Europa til NRK i 2022.

Det finst truleg fleire hundre tusen dronar i Noreg, men berre ein brøkdel av dei er registrerte.

Potitet tar i bruk drone operative hendelser

Politiet har mange kinesiske dronar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Vil ikkje gje seg

Men Senterparti-topp Sigbjørn Gjelsvik står fast på at ein bør forby dronar frå land som Noreg ikkje har tryggleikspolitisk samarbeid med.

– Tryggleiksstyresmaktene åtvarar gang etter gang mot fare for overvaking, etterretning og påverknaden mot norske interesser. Då er det å seie nei til dronar frå land vi ikkje har tryggleikssamarbeid med, ein veldig viktig faktor å stå fast på, seier han.

– Trur du at du får gehør for det?

– Eg er heilt sikker på at vi får gehør over tid. Eg synest det er synd at Høgre nok ein gong har snudd, men dette treng vi av omsyn til norsk tryggleik.

Publisert 30.05.2025, kl. 21.49

Read Entire Article