– Det går fint etter forholda.
Det seier Arne-Kristian Teigland, dagen etter at han kollapsa på Sydpolen.
Heilt åleine.
Han ville bli raskaste mannen til Sydpolen.
– Eg hadde eitt mål, og det var å gi alt.
Men polfararen frå Øystese i Hardanger måtte torsdag avbryte ekspedisjonen då han svima av.
– Det var kaldt. 25 minus og litt vind. Då skal ein ikkje ligge så lenge før det begynner å bli litt bale.
– Eg er på ein måte lei meg fordi kroppen har svikta, på et vis. Men eg er glad for at systemet ikkje svikta. Det er ingenting som betyr meir enn å komme heim heil.
Fekk premie for stygge bein
Han vakna av seg sjølv, fekk opp teltet og varma seg der. Teigland varsla redningseininga på Antarktis, som kom etter nokre timar.
Medisinsk helsepersonell undersøkte han på staden og vidare tilbake på basen Union Glacier, også fredag.
– Eg har nokre frostskadar på knea, som kan tyde på at eg var litt vekke. Eg har sikkert ramla ned på knea og stått i kneståande før eg ramla heilt ned.
Han fortel at kroppstemperaturen var på 35 grader då han vart funnen.
– Så den var litt kald. Fredag har det vore lapping av skadar. Eg fekk ein premie, eg fekk dei styggaste beina i historia til ALE. Medisinsk team hadde ikkje sett verre, fortel polfararen og smiler.
I tillegg var kroppen svært sliten. Konklusjonen etter legesjekk på tre timar var ein totalt utmatting.
Han fattar ikkje heilt sjølv at han greidde gå fem mil om dagen med slike bein.
– Men det går tydelegvis an.
Sjokoladerute på julaftan
Ni dagar før han svima av, var vi heime i Noreg opptekne med å ferie julaftan med mykje tradisjonsrik mat.
I teltet på isen diska Teigland opp til seg sjølv med turmat med chilensk olivenolje.
– Og så hadde eg éi sjokoladerute til dessert. Og det er den beste sjokoladeruta i verda, seier polfararen.
Han hadde rasjonert ei dagleg sjokoladerute på dagtid, men akkurat julaftan spara han den til kvelden.
– Eg låg på kne og tok eit bilde av den eine ruta. Eg måtte sjå på den, nyte den lengst mogleg!
Kjem heim neste veke
Laurdag skal Teigland bli med eit fly ut av Antarktis og til Chile. Der vil han vere nokre dagar før han flyr heimover, truleg på tysdag morgon.
– Dette kunne gått gale for deg?
– Eg lova både venner og familie og all verdas at eg skal komme heim heil. Når du ligg i teltet, er kald og kjenner at dette kunne faktisk gått gale, så er det det som er perspektivet. Eg er ikkje redd for å døy, men redd for ikkje å leve, som han sa, seier Teigland.
No gler han seg til å møte vener og komme inn i kvardagen att.
– Jobb. Finsejazz. Stå opp til samme tid kvar dag, drikke kaffi. Reise på besøk til foreldra mine, ete julekaker, møte nevø og niese og alt det der.
– Blir det ny polferd?
– Det veit eg ikkje. Ikkje noko er planlagt akkurat no. Det kan hende, då. Ein veit aldri.
Publisert 03.01.2025, kl. 23.01