Vil skrote batterisatsing og sette vindkraft på pause

2 hours ago 3


I sin rapport skriv ekspertane at Noreg bør droppe statleg støtte til fleire store klimatiltak.

Finanspolitikkutvalet har som oppgåve å gå gjennom finanspolitikken og levere sine råd til regjeringa.

Dei råder regjeringa blant anna til å sette havvind-satsinga på pause og avvikle CO₂-kompensasjonsordninga og satsinga på batteriproduksjon i Noreg.

– Staten bør ikkje støtte utbygging av samfunnsøkonomisk ulønsam kraftproduksjon eller subsidiere auka kraftforbruk, og bør definitivt ikkje støtte begge delar på ein gong, skriv utvalet i ei pressemelding.

Utvalet overleverte rapporten til finansminister Jens Stoltenberg (Ap). Dette er ei av dei fryste offisielle oppgåvene han har utført i den nye jobben.

– Dette er mitt første oppdrag i min nye jobb. Eg har ikkje lese rapporten, men skal lese han. Eg meiner denne typen rapportar og analysar av langsiktigheit i berekrafta i økonomien er viktig, seier Stoltenberg.

Publisert 06.02.2025, kl. 12.27 Oppdatert 06.02.2025, kl. 12.34

Read Entire Article