Vil seia nei til flyktningar for å redda kommune­økonomien: – Pinleg

2 weeks ago 13


– Me er veldig glad for høg aktivitet i næringslivet. Men bieffekten er at prisane på utleigebustader er svært høge, og det blir dyrt for oss å leiga til flyktningar, seier ordførar Sigbjørn Framnes (Frp).

Stord kommune har tatt imot 265 flyktningar sidan 2022.

No kan det bli slutt på det. Kommunedirektør Tommy Johansen meiner at politikarane må vedta full stopp frå neste år.

Tre av partia i fleirtalskoalisjonen i kommunestyret, beståande av Høgre, Frp, KrF og Venstre, opplys til NRK at dei ikkje ser andre alternativ og difor støttar forslaget. Venstre har ikkje teke stilling til forslaget, men partiet sin eine representant er ikkje naudsynt for å få fleirtal.

Alt tydar dermed på fleirtal for vedtaket når kommunestyremøtet skal handsame saka 28. november.

– Drastisk

Årsaka er at kommuneøkonomien går dårleg. I tillegg er det mangel på både bustader og fastlegar. Integreringa av ukrainarar tek også lenger tid enn det kommunen såg for seg.

– Det er ein totalpakke her som gjer at me går til det som mange nok vil meina er eit drastisk forslag, seier Johansen.

Nyleg la han fram eit budsjettforslag om å kutta 45 årsverk, blant dei 4,5 årsverk i flyktningtenesta i Nav.

Tommy Johansen, kommunedirektør Stord

Kommunedirektør Tommy Johansen føreslår fleire smertefulle kutt i budsjettet for neste år. Stord kommune ligg an til å få eit underskot på 100 millionar kroner i år.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Tusenvis av innleigde arbeidarar treng bustad

Øykommunen slit økonomisk, men industrien går på skjener. Her ligg blant anna Aker Solutions Stord, som er Noregs største offshoreverft.

Store oppdrag krev fleire tusen tilreisande arbeidarar, men det er vanskeleg å finna bustad til alle som kjem.

Ordførar Sigbjørn Framnes (Frp) seier flyktningkutt vil gi innsparingar på mellom 3,5 og 4 millionar kroner, og i tillegg letta presset på bustadmarknaden og helsevesenet.

Den styrande koalisjonen har enno ikkje konkludert i saka.

– Eg personleg synest dette er eit fornuftig forslag frå kommunedirektøren. Det er sjølvsagt ikkje ei god kjensle å seia nei til folk som treng hjelp, men me må ta vare på dei som har kome også, seier lokallagsleiar i KrF, Gunnhild Hystad.

Norges største flytende produksjonsskip

I år blei Noregs største flytande produksjonsskip, Johan Castberg, ferdigstilt på Aker Solutions på Stord. Fleire tusen innleigde arbeidarar var då i sving.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Nesten alle kommunane deltek i dugnaden

Sidan 2022 har det kome rundt 85.000 flyktningar frå Ukraina. Stort sett alle norske kommunar har vore med på å busetta dei.

I år er det berre seks kommunar som har vedtatt å ikkje ta imot nokon flyktningar, viser tal frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

Kommunane det gjeld er:

  • Moskenes (Nordland)
  • Måsøy (Finnmark)
  • Berlevåg (Finnmark)
  • Utsira (Rogaland)
  • Bygland (Agder)
  • Rakkestad (Østfold)

Tre av dei har under 1000 innbyggarar. Stord kommune har fleire enn 19.000 innbyggarar.

Kommunesektorens organisasjon (KS) har ikkje fått signal om fleire kommunar som kan koma til å vedta full flyktningstopp for neste år.

– Nokre gir signal om at dei vil redusera talet på flyktningar, men eg har ikkje høyrt om såpass store kommunar som vurderer full stans.

Det seier Nina Gran, som er fagleiar for innvandring og integrering i KS.

Mange ukrainske flyktningar

Norske kommunar ligg an til å bli bedne om å ta imot 18.900 flyktningar neste år. Det er ein nedgang frå i år, der oppmodinga var å ta imot 37.000.

Dei endelege tala sender IMDI ut i slutten av november.

Framleis kjem dei fleste frå Ukraina, men styresmaktene har no stramma inn på rettane deira.

– Innsatsen til kommunane dei siste åra har vore formidabel. Samstundes har den omfattande busettinga i ulik grad ført til press på kommunale tenester, og det kan påverka kor mange dei vil ta imot neste år, seier assisterande direktør i IMDI, Halwan Ibrahim.

– Pinleg og skadeleg for omdømet

Kommunane blir kompenserte for kostnadene med å busetta flyktningar, men ikkje fullt.

Utrekningar frå KS viser at integreringstilskotet dekker rundt 92 prosent av dei faktiske utgiftene. Tilskot til vaksenopplæring dekker rundt 80 prosent.

Budsjettforhandlingane i Stord kommune har starta.

Arbeidarpartiet, som er største opposisjonsparti, har allereie bestemt seg for å gå imot forslaget om flyktningstopp.

I alle år har kommunen hatt vedtak om å busetta flyktningar, viser statistikk frå IMDI, som går tilbake til 1995.

– Dette er ein dugnad som også me har eit openbert ansvar for å delta i. Det vil ta seg veldig dårleg ut og er pinleg viss ikkje Stord skal vera med på å ta det ansvaret, meiner gruppeleiar i Stord Ap, Gaute Straume Epland.

Gaute Straume Epland (Ap)

Gaute Straume Epland i Arbeidarpartiet seier klart nei til flyktningstopp neste år.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Publisert 09.11.2024, kl. 07.49

Read Entire Article