Vil permanent okkupere delar av Gaza til Hamas slepp fri gislane

4 hours ago 4


Israel Katz har instruert det israelske militæret (IDF) om å okkupere ytterlegare område, evakuere bebuarane, og utvide dei såkalla tryggingssonene i Gaza.

Det seier han sjølv fredag til avisa Jerusalem Post.

– Dess lengre Hamas fortset med å nekte å sleppe fri gislane, dess meir territorium vil dei tape til annektering av Israel.

Dei israelske styresmaktene viste også til gislane som framleis er i Gaza då den to månader lange våpenkvila blei broten denne veka.

Israel Katz på et møte i FNs sikkerhetsråd

Katz seier han har gitt IDF instruksar om å ta over stadig fleire område i Gaza.

Foto: Bebeto Matthews / AP / NTB

Til saman har fleire enn 500 palestinarar blitt drepne sidan, ifølge palestinske styresmakter.

Hamas har stadfesta drap på fire viktige leiarar, blant dei Essam al-Dalis, som har leidd Gaza si regjering sidan 2021.

Gruppa mista også leiaren for innanriksdepartementet, ein etterretningssjef og nestleiaren i justisdepartementet, heiter det vidare i pressemeldinga.

Hamas i forhandling med USA

Ein talsperson for Hamas seier fredag at dei framleis vurderer det amerikanske forslaget til vilkår for å innføre våpenkvila på nytt.

Dette blei presentert av USA si spesialutsending Steve Witkoff sist veke, foreslår å utvide våpenkvila til etter ramadan og pesach, slik at ein får tid til meir forhandlingar.

Hamas krev på si side å få heim palestinske fangar i Israel og ei fullstendig tilbaketrekking av israelske styrkar frå Gaza.

Folk flyktar frå heimane sine i totaløydelagde Beit Lahia

Blant dei mange områda som har fått evakueringsordre frå Israel, er Beit Lahia. Mange av dei som hadde slått seg til ro her under våpenkvila, er igjen på flukt.

Foto: BASHAR TALEB / AFP / NTB

Tysdag overraska Israel med å gjennomføre rekke omfattande luft- og bakkeangrep. Torsdag blei bakkeinvasjonen utvida til sørlege Gaza.

Det var også den første dagen Hamas slo tilbake ved å skyte rakettar mot Tel Aviv i Israel. Ingen av desse førte til skadar, ifølge israelske styresmakter.

UNRWA: Lengste perioden utan naudhjelp

FN-byrået for palestinske flyktningar, UNRWA, seier til Reuters at situasjonen i Gaza er «alvorleg urovekkande».

– Dette er den lengste perioden sidan starten av konflikten i oktober 2023 at ingen naudhjelp i det heile har kome inn i Gaza, fortel talsperson Sam Rose.

– Framgangen vi oppnådde som eit hjelpesystem i løpet av dei siste seks vekene av våpenkvila blir no reversert.

UNRWA distribuerer nødhjelp til beboere i Jabalia 2. mars

UNRWA har spelt ei sentral rolle i hjelpearbeidet på Gazastripa. Dei seier palestinarane her ikkje har måtta klare seg utan naudhjelpsleveransar så lenge sidan krigen starta.

Foto: Mahmoud Issa / Reuters / NTB

Den franske utanriksministeren Jean-Noel Barrot kommenterer Katz sine trugslar fredag.

– Frankrike er imot alle former for annektering, anten det gjeld Vestbreidda eller Gazastripa, seier han ifølge AFP.

– Vi har ein veldig tydeleg visjon for regionen si framtid: ei løysing der to statar lev side om side i fred, legger han til, og viser med dette til Israel og Palestina.

Publisert 21.03.2025, kl. 15.23

Read Entire Article