Vil lokke turistar til Noreg med stjernehimmelen

7 hours ago 4


– Internasjonalt har astroturisme allereie blitt kjempepopulært. Det er spådd å vere blant dei mest populære reiselivsaktivitetane i nær framtid.

Det seier Vegard Rekaa. Han er astronom og vitskapsformidlar.

Han er i gang med å kurse nokre av landets første sertifiserte astroguidar.

Rekaa meiner astroturisme, også kjent som stjerneturisme, kan bli ein viktig del av norsk reiseliv i framtida.

– Det er noko mange turistar har lyst til å oppleve.

en person som står ved siden av en stjernekikkert foran et hus

Astronom og vitskapsformidlar Vegard Rekaa.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

BBC kåra tidlegare i år «noctourism» til å bli ein av dei største reisetrendane for 2025.

Ifølgje ei undersøking frå Booking.com, vurderte 2 av 3 å reise til ein «destinasjon med mørkare himmel» for å oppleve ting som til dømes stjernekikking i år.

– Ein må hugse på at dei fleste menneske bur i ganske store byar, eller nært store byar, der lysforureininga har øydelagt for den naturlege stjernehimmelen, seier Rekaa.

  • Les også om at skepsisen til turisme aukar:

Få ser stjernehimmelen

Ein av dei som er på Dovrefjell for å bli astroguide, er Odd Morten Taagvold.

Dovrefjell har lite lysforureining og eignar seg svært godt for astroturisme, meiner han.

– Det viser seg at dette området, og mange andre stader i Noreg, er veldig mørke i forhold til resten av verda, seier Taagvold.

en gruppe mennesker som rundt en stjernekikkert

Vegard Rekaa kursar no blant landets første astroguidar. Dei har trua på at stjernehimmelen vil lokke mange turistar til Noreg.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

For det blir stadig færre stader i verda der ein kan oppleve fullstendig mørke.

Meir enn 80 prosent av befolkninga i verda bur i lysforureina område.

I Europa og USA er talet på heile 99 prosent.

Ein tredel av befolkninga i verda lev på stader med så mykje lysforureining at dei ikkje kan sjå Melkeveien. Slik kan Melkeveien sjå ut i Jotunheimen. Her frå 2018.

FOTO: Morten Berg

– Eit stort potensial

– Lysforureining skygger for himmelen over halve Europa, og gjer det vanskeleg å sjå alle stjernene som eigentleg finst der ute.

Det seier Aase Marthe J. Horrigmo. Ho er direktør for reiseliv i Innovasjon Noreg.

en person som smiler til kameraet

Aase Marthe J. Horrigmo er direktør for reiseliv i Innovasjon Noreg

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Difor er stjerneturisme, der turistane reiser for å oppleve den uendelege stjernevrimmelen, blitt ein stor internasjonal trend som verkeleg har teke av det siste året.

Ho meiner denne aktiviteten har eit stort potensial i Noreg.

– Noreg har, med sine episke landskap og lang mørketid, eit stort potensial for å etablere seg som eit av dei mest attraktive landa i verda for denne typen turisme, særleg i kombinasjon med moglegheitene for å sjå nordlyset.

et hus med et grønt nordlys på himmelen over seg

Nordlyset og stjernehimmelen kan lokke mange turistar til Noreg, meiner Horrigmo.

Foto: Heiko Junge / NTB

Også NHO Reiseliv meiner Noreg har gode føresetnader for å bli eit land folk reiser til for å oppleve stjernehimmelen.

– Vi ser at opplevingsturisme blir stadig meir populært. Stjerneturisme er eit eksempel på dette, seier Dagny Øren, bransjesjef for opplevingar i NHO Reiseliv.

– Turistar vil ikkje berre ut på sightseeing, dei vil ut i naturen og oppleve noko unikt.

Kan få store ringverknader

Ein ny rapport laga av Menon Economics på oppdrag frå NHO Reiseliv viser at verdiskapinga frå opplevingar utandørs har meir enn dobla seg dei siste ti åra.

Og ringverknadene er endå større, både i sum og arbeidsplassar, ifølge NHO Reiseliv.

– Gjestar som deltek på aktivitetar som til dømes stjernekikking, bestiller også ofte restaurantbesøk og overnatting på hotell.

Aktivitetar gir difor gode ringverknader, seier ho.

Stjernehimmel over et lavt fjell i horisonten

Utandørsaktivitetar, som til dømes stjernekikking, kan få stor ringverknader, meiner NHO Reiseliv.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– Aktivitetar som stjerneturisme kan også bidra til at turistane blir lengre på ein stad, og at dei kjem i periodar der det ikkje er så mange andre turistar.

– Her er det moglegheiter for destinasjonsutvikling, meiner ho.

Publisert 26.04.2025, kl. 21.44

Read Entire Article