Vil hindre KI-juks – nå blir eksamen endra

2 weeks ago 12


Neste år blir det slutt på førebuingsdelen av eksamen.

«Dette betyr at elevane ikkje lenger vil få ein spesifikk periode til å førebu seg på eksamen før den faktiske eksamensdagen.»

Slik forklarer Chat GPT endringa.

Det er slike KI-verktøy ein nå vil hindre elevar frå å bruke til juks.

For bruken av slike har blitt utbreidde blant unge. Faktisk bruker fleirtalet av unge KI i skole, studiar og jobb.

Samstundes har ein eit eksamenssystem som blei laga lenge før desse kom på banen.

– Vi kan ikkje lenger gjere ting på same måte som før. Det er viktig at elevane lærer det dei skal, får vist fram og blir målt på kva dei faktisk kan, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun frå Arbeidarpartiet.

Kari Nessa Nordtun

Utdanningsdirektoratet har foreslått, høyrt og nå innført nye føresegner om førebuingsdagar på oppdrag av Kunnskapsdepartementet.

Foto: William Jobling / NRK

Får ikkje førebu seg før

Og eitt av grepa som nå blir teke er å fjerne førebuingsdelen av eksamen.

Ifølge Nordtun er denne delen særleg utsett for KI-bruk, fordi elevar kan ta med seg tekstar dei lagar på førebuingsdagen og bruke dei under eksamen.

I grunnskolen har ein dette i alle skriftlege fag, bortsett frå matematikk. Det gjeld også nokre fag, som norsk, engelsk og andre språkfag, i vidaregåande skole.

Eksamen i vidregående skole

UNNTAK: Utdanningsdirektoratet beheld førebuingsdelen for eksamen i nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk, kvensk/finsk og teiknspråk.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Dermed vil også førebuingsdagen falle bort i dei aller fleste faga, ifølge Utdanningsdirektoratet.

Ministeren seier at dei gjer dette fordi bruken av KI aukar, og da aukar også risikoen for at svaret ikkje viser kva eleven faktisk kan.

Syns du det er ein god idé?

Veit ikkje kva elevane faktisk kan

For det meste ein gjer under ein eksamen, kan også Chat GPT ordne:

Svare på spørsmål, forklare konsept, gi informasjon eller løyse oppgåver. Har ordlyden til eit menneske.

Og ikkje minst kan han gi heilt unike svar til kvar person som bruker han.

Bilde av en hånd som holder en mobil. Mobilskjermen viser KIprogrammet Chat GPT.

Chat GPT er ein av mange Ki-program som er lett tilgjengeleg for alle.

Foto: Benjamin René Dyrdal

Her er nokre av utfordringane, både like svar og knotete språk har vore varsellampar for juks. Men dei nye teknologiane fell ikkje i slike feller.

Det gjer det utfordrande for sensor å vurdere oppgåva, og å sette ein påliteleg karakter, seier Nessa Nordtun.

For refleksjonane og kunnskapen på førebuingsdelen kan vere rein kopi.

Men ungdomsskoleelevar NRK har møtt i Oslo meiner det er feil medisin mot KI-bruk.

Helena Silva, Ester Sørøy, Bo Schulze og Arne Gjønnes

NEGATIVE: 10.-klassingane Helena Silva (frå venstre), Ester Sørøy, Bo Schulze og Arne Gjønnes meiner at det er feil å fjerne førebuingsdelen.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

– Er det barna dei skal skulde på?

Til våren skal 10.-klassingar på Sagene skole bli testa i alt dei har lært i grunnskolen.

Ester Sørøy fortel at dei fleste brukar KI til stort og smått, og innrømmer at det er mogleg å bruke det til juks.

– Men da tenker eg, er det barna dei skal skulde på, da? Eller er det skolen som heller kan hjelpe oss til å faktisk lære noko grunnleggande, spør ho.

Ester Sørøy

ØVE: Ester Sørøy seier at ein kan jukse med KI, men at skolen heller burde ha fokus på å lære elevane å bruke det.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Medelevane hennar er einige og meiner at grepet vil føre til at dei som slit mest på skolen får det enda vanskelegare på eksamensdagen.

  • ung gutt med kort kår. sort collegegenser

    Rolf Petter Olaisen / NRK

    Arne Gjønnes

    – Det er realistisk at folk bruker KI til å jukse. Det har det allereie blitt bevist at folk gjer. Likevel tenker eg at vi heller burde prøve å tilpasse oss bruk av KI i skolane i staden for å skyve det vekk for å ha tradisjonelle eksamen. KI blir ein veldig stor del av kvardagen til både elevar, men også vaksne i arbeidslivet seinare i framtida.

  • ung jente mørkt langt hår, hvit topp med V-hals

    Rolf Petter Olaisen / NRK

    Helena Silva

    – Ingen vil jukse. Alle vil vere flinke nok til å ikkje måtte gjere det. Men dei ser det som siste utveg. Da kan dei ikkje fjerne førebuingsdagen. Dei treng meir hjelp. Dei treng ikkje at det skal takast vekk frå dei.

  • Bo Schulze, ung gull med krøllete hår i oransje hettegenser

    Rolf Petter Olaisen / NRK

    Bo Schulze

    – Dei burde re-evaluere løysinga deira. Kanskje finne på noko anna som passar betre med det elevane synest.

Publisert 09.11.2024, kl. 09.50

Read Entire Article