Vi kan redde blåbærets framtid – viss vi vil det

8 hours ago 2


Blåbæret: Dette sikre sommarteiknet. 

Blåbæret sit djupt i folkesjela og i barndomsminna. For nokre betyr det lange stunder i skogen kvar høgsommar, bøygd over lyngen, tolmodig plukkande. Eller eventuelt svingande på ein bærplukkar. Sjølv om vi har uttrykket «berre blåbær», er det langt ifrå «berre», høgt elska som dette bæret er av nordmenn flest.

– Det er ganske travelt no under bløminga! innrømmer Stein Joar Hegland, professor i økologi ved Høgskulen på Vestlandet. (Foto: HVL)

Utenkjeleg at noko slikt skal bli borte. Likevel, i denne tida er det så mykje som blir det. Klimaendringane truer livet slik vi kjenner det, og difor er det viktig å sjå framover, tenkje seg det utenkjeleg. Først slik får vi også sjansen til å hindre det.

Nett dette har ei gruppe forskarar i Sogndal gjort. I fleire år har dei følgt nøye med på nokre blåbærplantar i ei fjellside over Sognefjorden, og også på den nære og kjære slektningen, tyttebærplanten. Ikkje alle studiane er heilt ferdige enno, men alt no kan dei seie ein god del om kva dei trur kjem til å skje.

Opp og ned fjellet to gongar i veka

– Det er ganske travelt no under bløminga! innrømmer Stein Joar Hegland, professor i økologi ved Høgskulen på Vestlandet.

Eit par gongar for veka frå april til juli må han opp i Storehaugfjellet. Der har han og forskarkollegaene valt seg ut ei samling med blåbær- og tyttebærplantar i tre forskjellige høgdenivå. Særleg jobbar han tett med insektøkolog Mark Gillespie. Dei følgjer med på livet der frå bløminga begynner og gjennom heile sesongen fram til plantane har fått bær.

Denne sesongen er det Hegland som står for feltarbeidet. Han tel bæra og samlar dei inn. I tillegg tel han insekt som besøker blomane, og blomane sjølve. Insekta landar på blomane for nektar og pollen, og dette gir plantene pollinering som er essensiell for bærproduksjonen.

Kvar slik tur opp i fjellsida tek om lag fem timar, dermed er det mykje arbeid med dette. Men det er også ei stor glede for han:

– Eg er jo ein bærnerd, så dette er spennande! Dessutan ser eg også så mykje anna mens eg er ute. Eg høyrer gauken, får auge på hoggormen, av og til ei ørn.

Ei ulukke kjem sjeldan aleine

Plantane som får så nøye oppfølging gjennom eit heilt tiår, finst på 100 meters høgde, på 500 meter og ved skoggrensa på 900 meter. Av desse tre høgdene er det den midteste som har det perfekte klimaet for blåbærvekst. Også tyttebæra trivst godt akkurat der.

I seg sjølv er Storehaugfjellet å rekne som eit klimalaboratorium. Mellom kvart av desse tre høgdenivåa er det om lag to gradar celsius i forskjell, og heile fem gradar frå det lågaste nivået til det høgste. Dermed får Hegland og kollegaene høve til å sjå kva som skjer med plantane heilt frå låglandet og opp til høgfjellet. 

I tillegg simulerer dei også oppvarming ved hjelp av nokre små minidrivhus dei set opp i sommarsesongen, kalla Open Top Chamber (OTC). Desse er opne i toppen, slik at dei slepp inn regn og pollinatorar som biar og sommarfuglar.

– Men ein ting skjer sjeldan aleine i naturen, så denne oppvarminga er ikkje det einaste som vil påverke plantane i framtida, seier Hegland.

– Vi kan vente oss at varmare temperaturar vil leie til fleire insektangrep. Dermed må vi også simulere denne framtidige trugselen mot bæra.

Forsøket blei starta i 2016, og det har hittil produsert ein doktorgrad og åtte vitskaplege artiklar. Det aller mest spennande av forskingsarbeidet gjenstår likevel når ein har fått runda ti år med datainnsamling. (Foto: Stein Joar Hegland)

Bærbuskane kan snakke saman

Plantar kan forsvare seg mot at nokon skal ete dei. For å simulere denne forsvarsevna, sprayar forskarane eit plantehormon på dei. Når dei sprayar dette på blåbær- og tyttebærplantar, trur dei at dei skal til å bli angripne. Då forandrar dei taktikk frå å bruke mest mogleg energi på å vekse til å bruke energien på å beskytte seg i staden.

Nokre plantar har eit permanent og synleg forsvar, slik som tornar og nesler. Andre har meir subtile metodar som ikkje er synlege for det menneskelege auget, og dette er mindre kjent blant folk flest.

– Plantar kan til og med snakke saman og åtvare kvarandre mot fare, både gjennom lufta og ved hjelp av nettverk i jorda, seier Hegland.

– Før i tida, på nittitalet, lo mange av forskarar som hevda dette. Men no er alle samde om at plantar faktisk kan kommunisere. Dessutan har det blitt ganske «hot» å forske på, så vi finn ut meir og meir om dette.

Viss dei trur dei er i fare for å bli angripne av insekt, vil blåbær- og tyttebærplantar sende signal til kvarandre på distansar opp til fem meter. Dei vil melde ifrå at no er det tid for å forsvare seg sjølv. For å overleve då, vil plantane kople ut genane som får dei til å vekse, og i staden bruke energien på å produsere forsvarsstoffar.

Resultatet: mindre vekst, færre blomar og færre bær.

Ei berghumle finn maten til seg og sine i tyttebærblomster. Planta får pollinering og reprodusert seg medan vi kan få rikeleg med vitamin og energi frå dette superbæret. (Foto: Stein Joar Hegland)

Det skjer noko med skogane, også

Buskane som Hegland og kollegaene følgjer med på, har dermed fått mykje meir å stresse med enn dei andre buskane kringom på Storehaugfjellet. Spraya med plantehormon og varma opp inni minidrivhus, balar dei med stressfaktorar som framtidas blåbær og tyttebær mest truleg også vil måtte takle: klimaendringar og insektangrep.

Men det finst endå fleire farar som lurer også. I framtida kan vi vente oss at det kjem meir tett granskog i låglandet. Dette likar særleg blåbæra dårleg, sidan dei trivst best i lys og open furuskog. Nett dette har Hegland tidlegare skrive om: Inn i mørket: Baksida av det mørkegrøne skiftet.

– Viss vi får alt saman på ein gong – varmare klima, fleire insektangrep og tettare skog – då blir eg verkeleg bekymra, seier Hegland.

– Då er det goodbye, blåbær, altså.

Mark Gillespie har utført mykje av forskingsarbeidet langs Storehaugfjellet. Her har han med seg Knut Rydgren som er ansvarleg for vegetasjonsanalysane. I forgrunnen eit minidrivhus, eit såkalla Open top chamber. (Foto: Stein Joar Hegland)

Dette råkar fleire enn oss

I utgangspunktet er blåbær og tyttebær hardføre kvardagsplantar som toler ein støyt. Likevel: Det er også grenser for kor mange støytar dei kan overleve.

Slik kan det bli, om det meste av det som kan gå gale, faktisk går gale: Blåbæra vil kunne forsvinne frå låglandet. Vi må høgare og høgare til fjells for å finne dei. Tyttebæra vil også bli påverka, men dei er mindre sårbare, så det vil ikkje gå like hardt utover dei.

Vi menneske vil sakne dei smakfulle og sunne bæra våre sårt. Men det same vil hjortedyra og alskens smågnagarar. Gjennom vinteren er ikkje graset noko særleg å ete på, dermed går dei etter bærlyngen. Men kanskje vil dei ikkje greie å følgje lyngen etter kvar som den trekk seg oppover i høgfjellet, for der er det andre forhold som desse dyra ikkje nødvendigvis taklar så godt.

– Då vil dei ta til å leite etter annan kost for å overleve. Hjorten vil ganske sikkert gå inn i hagane til folk og beite der, og vi vil sjå meir konflikt mellom vilt og folk, spår Hegland.

Detaljert og nitidige målingar må til for å finne fram til ny kunnskap om klimapåverknad på den levande naturen. (Foto: Stein Joar Hegland)

– Vi kan unngå dette

Dette er triste utsikter. Men økologen ser likevel ikkje altfor mørkt på det. Berre å ha denne kunnskapen, er i seg sjølv eit viktig steg på vegen mot å kunne unngå dei verste utfalla av klimakrisa.

– Temperaturauken i tida framover vil vi ikkje kunne unngå. Men dei andre faremomenta kan vi menneske gjere noko med – til dømes, fortettinga av granskog, påpeiker Hegland.

Jo meir vi veit om korleis ulike faktorar forsterkar kvarandre for å få fram det beste eller det verste i naturen, jo meir veit vi også korleis vi kan hjelpe naturen i tida som kjem.

– Dette gir meg mykje håp. Klimaendringane aleine vil ikkje ta knekken på bærplantane. Viss vi forvaltar naturen på ein god måte, har vi sjansen til å ta vare på desse artane.

Referanser:

Hegland & Gillespie: Vaccinium dwarf shrubs responses to experimental warming and herbivory resistance treatment are species- and context dependent. Frontiers in Ecology and Evolution, 2024. Doi.org/10.3389/fevo.2024.1347837

Gillespie & Hegland: Herbivory resistance in dwarf shrubs combines with simulated warming to shift phenology and decrease reproduction. Journal of Ecology, 2025. Doi.org/10.1111/1365-2745.14462

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article